Varslar tøffe tak for Jakob: – Slit nok med at han blir nedprioritert

2 weeks ago 11



Jakob Asserson Ingebrigtsen lever eit sjeldan hektisk liv. Frå han reiste på treningsleir i Flagstaff i mars til halvmaratonen i København søndag, har det gått i eitt køyr.

23-åringen har sprunge 19 løp i USA og Europa, og midt oppi det heile kom vesle Filippa til verda. Ingebrigtsen elskar å konkurrere, men er nå klar for å sjå meir til både kona Elisabeth og dottera.

– Det er veldig koseleg. Forhåpentleg kan eg bruke litt meir tid saman med dei, og prioritere dei meir. Kanskje ta ein løpetur når det passar for dei, i staden for når det passar meg, fortel han til NRK.

Heime i Sandnes står familien klar med opne armar, men løpestjerna må førebu seg på ein ny kvardag.

– Det er veldig koseleg, men han slit nok med at han har blitt litt nedprioritert hos meg. Eller at han innser at ho er den viktigaste, seier Elisabeth Asserson Ingebrigtsen om at «sutreguten», som ho har kalla han, er ferdig med sesongen.

Kjem med lovnad

Ho er førebudd på at det kan bli ein overgang frå konkurranselivet til ein kvardag på heimebane for ektemannen.

– Eg vil ikkje at han skal bli heilt skremt av dette familielivet, men eg kjenner at vi må legge litt ekstra ansvar på han, nå som han først er heime og har pause.

– Han har hatt ein tendens til å tenke at pausen berre er for han, og han har vore det, men nå har eg vore «aleinemamma» i nokre månader, seier Elisabeth.

Elisabeth Asserson Ingebrigtsen

SUPERMAMMA: Elisabeth Asserson Ingebrigtsen.

Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK

Nå ser ho fram til at familien på fem, om ein tar med hundane Maximus og Jupiter, kan vere meir saman. Og Jakob er klar til å brette opp ermane.

– Filippa er ganske grei på nettene, men når ho står opp, så tar eg ut av oppvaskmaskina og går ein tur med henne og hundane. Før eg overleverer henne til Elisabeth, så er på ein måte jobben min for dagen ferdig, smiler han og kjem med ein lovnad:

– Nå i perioden framover, så er eg kanskje meir behjelpeleg i den grad eg kan hjelpe med andre ting.

Nyheita om ekstra arbeidskraft i heimen på Lura i Sandnes blir naturlegvis tatt godt imot.

– Så bra, da. Det er veldig kjekt. Og nå har vi det på film òg. Da skal eg begynne å tenke meg til ting eg vil ha hjelp til, seier Elisabeth.

– Korleis har han takla farsrolla?

– Veldig bra, seier kona og rosar han for både evna og viljen til å skifte bleier.

Før ho nemner eit forbetringsområde:

– Han sonar ut og er litt i si eiga verd, si eiga boble, ganske mange gonger. Nå skrik ikkje ho veldig mykje, men viss ho er uroleg, så slit han med å legge frå seg det han held på med, slik at han kan ta ho. Så det blir eg som må gjere det, for eksempel når eg et. Kanskje det er det som blir litt betre.

Rømmar til gjesterommet

Men sjølv om det foreløpig er usikkert kva som blir neste konkurranse for Ingebrigtsen, må treningsjobben gjerast. Nesten kvar dag. Derfor kjem han til å fortsette å leve som ein toppidrettsutøvar, og ta dei grepa som er nødvendige for at han skal vere i tipp topp slag.

– Eg tenker at viss det blir hyl og skrik, kjem eg til å finne meg sjølv på gjesterommet. Heldigvis er Elisabeth ganske rutinert på dei tinga. Om eg har pause eller ikkje, passar ho veldig på at eg får restituert eller gjort det eg treng for å vere på, fortel han.

dtuIgNxGDd0

TV-STJERNER: NRK møtte Ingebrigtsen-brørne og konene deira i samband med lanseringa av den nye dokumentarserien om dei.

Foto: NTB

Elisabeth er den næraste støttespelaren hans, i alle fall av banen. Og snakkar om «vi» når ho ser tilbake på sesongen i år og på det som skal skje neste år. Da er det blant anna VM i Tokyo.

– Vi har hatt betre sesongar, det har vi. Han har sprunge det fortaste han har gjort på 1500, tatt OL-gull på 5000 meter og sett verdsrekord på 3000 meter. Når ein tenker tilbake, har det vore ein heilt sjuk sesong. Spesielt med tanke på korleis vinteren var.

– Men hadde du spurt han sjølv, så er vi einige om at vi ikkje er heilt fornøgde. Eg kjenner det er fint å ha noko å jobbe mot neste sesong òg. Nå skal det 1500-gullet heim, kjenner eg, seier Elisabeth Asserson Ingebrigtsen.

Publisert 16.09.2024, kl. 15.35 Oppdatert 16.09.2024, kl. 15.38

Read Entire Article