Varslar tilbakekalling av 68 drosjeløyver

1 month ago 18



18. mars 2024 kl. 20:44

Fleire bilar med drosjeløyve i Nordland tilfredsstiller ikkje regjeringa sine krav. Det medfører endringar i drosjestrukturen i fylket, skriv Avisa Nordland.

1. januar 2023 innførte regjeringa ei rekke nye krav til løyvehavarar i drosjenæringa.

– Blant anna vil vi innføre krav om bankgaranti, krav til taklampe, og krav om dokumentasjon om taksameter og at køyretøyet er registrert som drosje i køyretøysregisteret, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Avisa Nordland skriv at det ifølge Nordland fylkeskommune viser seg at mange løyvehaldarar i fylket ikkje tilfredsstiller dei nye krava. Dermed sender fylkeskommunen ut varsel om tilbakekalling av løyver til dei som ikkje har etterkome kravet i yrkestransportlova.

Så langt gjeld dette 68 løyvehavarar i fylket.

– Det viser seg at mange løyvehaldarar ikkje tilfredsstiller dei nye krava og Nordland fylkeskommune ønsker derfor å orientere alle kommunar i fylket om at dette kan påverke det totale drosjetilbodet i enkelte av Nordland sine kommunar, heiter det i brevet.

Read Entire Article