Lakse­milliardær gir million­gåve viss kommunen gjer som han vil

1 week ago 18



– Det osar 70-talet her. Det er slite, og det er ikkje så innbydande å dusja her, seier Vegard Aslaksen.

Han er ein av mange som har lært seg å symja i det 50 år gamle bassenget på øya Tysnes, sør i Vestland.

No er han symjeskuleansvarleg i kommunen, og meiner det hastar å få nytt basseng. Seinast i fjor haust måtte bassenget stenga i eit halvt år på grunn av skadar.

Vegard Akselsen i bassenget på Tysnes

Vegard Akselsen meiner det hastar å få eit betre basseng i kommunen.

Tysnes basseng

Bassenget på Tysnes er frå 1974. Ein tilstandsrapport peika i fjor haust på svakheiter i konstruksjonen, og bassenget blei stengt i rundt eit halvt år.

Tysnes basseng

Det er mange ungar som har hoppa ut i bassenget, og slitasjen er synleg.

Dusj i garderoben i bassenget på Tysnes

Som her, i garderobane.

Bassenget på Tysnes

Og i trappa opp frå garderoben til bassenget.

Symjehall på Onarheim

Slik kan ein ny symjehall sjå ut, viss konsernet Meidell AS og eigar Gerhard Meidell Alsaker får politikarane til å godta vilkåra om blant anna plassering på Onarheim.

Tilbyr pengar, men vil bestemma plassering

Nytt basseng står øvst på prioriteringslista, ifølgje ordførar Synnøve Bakke (Ap).

Men det vil kosta, og kommunen med knappe 3000 innbyggarar, er avhengig av bidrag utanfrå.

Ifølgje ein rapport vil prislappen vera rundt 150 millionar kroner.

Lakseoppdrettar Gerhard Meidell Alsaker har kome med eit forlokkande tilbod. Han vil bidra med 40 millionar kroner, men på fleire vilkår:

  • Symjehallen skal ligga i tilknyting til skulen i heimbygda Onarheim.
  • Det blir det nye hovudbassenget for skule, barnehage og ålmenta.
  • Politikarane må vedta lokaliseringa innan utgangen av 2024.

Symjehall Onarheim

Alsaker krev at bassenget blir liggande nær skulen på Onarheim. På illustrasjonen er det tenkte bassenget i blått, med skulen føre.

Illustrasjon: Alsaker Fjordbruk

– Tilbodet er positivt, men vilkåra er utfordrande, meiner Arne Leite, kommunestyrerepresentant og leiar i Tysnes Senterparti.

– Her vil ein bruka pengar til å skaffa seg innverknad og makt ved dei prosessane som kommunestyret har suverenitet i. No blir det utfordra fordi ein blir freista til å følgja ein rik institusjon eller selskap til å gjera som dei ønskjer for å få dette til. Det meiner eg er feil.

– Er det ein reell fare for at det blir utslagsgivande?

– Eg trur det er ein risiko for at ein del politikarar let seg påverka av det.

Arne Leite

Arne Leite (Sp) sit i kommunestyret på Tysnes. Han synest bassengsaka er spesiell. – Me er ikkje vande med å få slike føringar på økonomisk påverknad.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Berebjelken i bygda

Det bur langt færre i Onarheim enn i tettstaden Våge, som ligg vel 20 minutt køyring unna på smale og kronglete vegar. Det er 300 elevar i Tysnes-skulen. 40 av dei går på Onarheim skule.

«Vanlege» bygder på den størrelsen klarer knapt å få ein liten nærbutikk til å gå rundt, men Onarheim har laksemilliardæren Gerhard Meidell Alsaker. Ein av dei rikaste i landet.

Her har han blant anna bygd kjøpesenter, bustader, treningssenter og turløype.

Tysnes har skular i tre bygder. Det bur flest i Våge, som har skule frå 5. til 10. trinn, med rundt 150 elevar. Uggdal har skule frå 1. til 4. trinn, med rundt 110 elevar, medan Onarheim har 1. til 7. trinn, med rundt 40 elevar.

– Me meiner plassering på Onarheim gir den raskaste realiseringa av ny symjehall i kommunen, seier samfunnskontakt Kristian Råsberg i Alsaker Fjordbruk.

Han viser til at tomta er kommunalt eigd, og at bassenget kan byggast i samsvar med allereie godkjent reguleringsplan for området.

Gerhard Meidell Alsaker sjølv har ikkje svart NRK på førespurnad om intervju.

Gerhard Meidell Alsaker

Gerhard Meidell Alsaker har tent seg rik på lakseoppdrett. I 2022 tente han nesten 266 millionar kroner, og betalte 124 millionar kroner i skatt.

Foto: Olav Røli

Trond Mohn: – Har aldri lagt politiske føringar

At velståande personar gir pengar til idrett, kultur og forsking, finst det mange døme på.

Forretningsmannen og milliardæren Trond Mohn i Bergen har sidan 1990-talet gitt over 5 milliardar kroner i gåver, viser ei oppsummering Kapital gjorde i 2021.

Han seier han aldri har lagt politiske føringar til gåvene.

– Grunnen er at forpliktingane for mottakaren blir større utan føringar, forklarar Mohn.

– Du ville ikkje ha lagt slike føringar?

– Nei, det ville eg ikkje. Men eg synest me skal helsa velkomen alle som vil og kan gi.

Trond Mohn

Trond Mohn har gitt store summar til forsking, medisinsk utstyr, utdanning, kultur og idrett. Mange idrettsanlegg er bygde med pengane hans.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Problematisk å takka ja til gåva

Bassengsaka på Tysnes utfordrar demokratiske prosessar, ifølgje Tor Dølvik, som er spesialrådgivar i Transparency International Noreg, og som har sete i etikkutvalet i KS.

– I ytste konsekvens så er risikoen at dei som har ressursar, kan få høve til å kjøpa seg innverknad over lokaldemokratiske avgjerder. Det ser dårleg ut i eit demokratisk perspektiv.

– Gåver kan skapa bindingar som påverkar kommunestyrets innstilling til framtidige saker som gjeld givaren, seier Dølvik, som har lese tilbodet og vilkåra frå Meidell AS.

Han understrekar at det er positivt at private givarar ønskjer å gi økonomiske bidrag til investeringar i ny symjehall. Men etterlyser klarare retningslinjer i kommunane.

Tor Dølvik i Transparency International Norge

Tor Dølvik i Transparency International

Foto: Moment Studio / Moment Studio

Våge Tysnes kommune

Våge er den største bygda i Tysnes kommune, og ligg ein køyretur på rundt 20 minutt unna Onarheim.

Foto: Allan Klo

Ordføraren vil vurdera pengegåva

Ordførar Synnøve Bakke (Ap) vil ikkje meina noko om plassering og om ein skal ta imot gåva før rådmannen kjem med si innstilling.

Eg synest det er eit veldig raust tilbod. Basseng skal me ha uansett, og no skal me finna ut kor det bør ligga. Då ser me blant anna på tomt, tidsbruk og drift.

Pengegåva er også noko me skal vurdera, men lokaliseringa er ikkje berre avhengig av den gåva.

Kva etiske utfordringar gir tilbodet dykk som kommunepolitikarar?

Viss folk mistenker at det kan påverka ein politisk prosess, så er det klart at det er alvorleg. Prosessen må difor gjerast så open og gjennomsiktig som mogleg, seier Bakke.

Onarheim

Like bak Onarheim skule er det klart for å bygga symjehall, viss politikarane vil. Det går føre seg no bygging av ny barnehage, og symjehallen kjem midt mellom.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Symjeskuleansvarleg Vegard Aslaksen meiner det er mest naturleg at symjehallen ligg nær idrettshallen i Våge, men at det er fleire omsyn å ta.

– Tilbodet om pengar er vesentleg. Kommunen er liten og har fleire andre store investeringar. Eg meiner at ein kan godta vilkår når dei vilkåra inneber ei plassering tett på ein av skulane og det er eit gjennomtenkt prosjekt.

NRK gjer merksam på at Tysnes-ordførar Synnøve Bakke fram til 2020 jobba som journalist i NRK Brennpunkt.

Publisert 28.04.2024, kl. 08.48

Read Entire Article