Varaordførar sende bussar på «ulovleg rute» til berømt naturperle

20 hours ago 7



Turistane strøymer til Kannesteinen i Kinn kommune på Vestlandet. Mange kjem i store bussar, sjølv om dei er over grensa for vekt og storleik.

Fleire av utfluktene er organisert av Frank Willy Djuvik, som er sjef i Måløy Adventure. Han er også varaordførar for Frp i kommunen.

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll. Den første bussen som kom, var altfor tung.

Den køyrde på oppdrag frå Djuvik.

– Eg anar ikkje kor tung eller lang ein buss er, seier Djuvik.

Vegen ut til Kannesteinen

Asfalten har sukke djupt fleire stader.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Tek ikkje ansvar

Forfallet er stort på den smale fylkesvegen. Enkelte stader har hjulspora sukke djupt ned.

– Det har blitt betydeleg verre dei siste tre åra, seier driftsleiar Rune Sverre Sande i fylkeskommunen.

Han seier at mykje regn og tunge køyretøy har gjort vegen dårlegare.

Djuvik meiner han ikkje har ansvar for at riktig køyretøy blir nytta på vegen.

– Det er dei transportørane som vi bestiller bussar av, som vurderer og har ansvaret for det tekniske, seier han.

en mann med skjegg

Frank Willy Djuvik seier det er busselskapet som har ansvar for å nytte rett køyretøy.

Foto: Adam Pietrzak

«I utgangspunktet» er det bussar med lågare akseltrykk som skal nyttast, ifølge han.

– Vi har avvikla nesten all aktivitet til Kannesteinen med bussar. Vi har ikkje nok tilgjengelege av dei tre-aksla bussane til at vi kan handtere aktiviteten der, seier Djuvik når NRK snakkar med han tidlegare i veka.

Set bremsene på

Etter at bussen frå Måløy Adventure vart teken i kontroll på tysdag, valde ein annan buss å snu – «for å unngå ulovleg køyring», ifølge Vegvesenet.

Fredag ettermiddag melder lokalavisa Fjordenes Tidende at reiselivsselskapet stoppar all busstrafikk ut til den populære Kannesteinen.

–Ingen av bussane i vårt område går under den vektgrensa. Då har vi ikkje så mykje anna val dessverre, seier Anette Botnmark Jahre i reiselivsselskapet til avisa.

Ho legg til at reiselivsselskapet dermed mistar ein av sine største attraksjonar.

– Kan nesten ikkje gå tur

Vegstandarden og trafikken er til bry for dei fastbuande. På vinteren er det krevjande å brøyte i dei djupe hjulspora.

– Spesielt etter at cruiseskipa kom, har det blitt mykje meir bussar. Store, tunge bussar, seier Oddbjørg Færestrand.

en mann som står på en grusvei ved et hus og vann

Mykje trafikk går forbi huset til Oddbjørg Færestrand.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Huset hennar står nokon få meter frå vegen.

– Eg kan nesten ikkje gå tur med hunden når bussane køyrer, fordi det er så smalt, seier ho.

Trenger millionar til reparasjon

På vegen er det ikkje lov med meir vekt enn 8 tonn på kvar aksling, og den samla vekta skal ikkje vere større enn 32 tonn.

I tillegg er det ikkje lov med køyretøy som er lengre enn 12,4.

Djuvik er i dialog med fleire aktørar «om å finne ei løysing».

– Vi har ein veldig tett dialog med både kommune, hamn og reiarlag, og ikkje minst fylkeskommunen om dette, seier han.

Statens vegvesen ved Kannesteinen

NRK var ved Kannesteinen same dag som Vegvesenet hadde kontroll. Etter at første buss vart teken i kontroll, kom det ikkje fleire bussar.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Men skal vektgrensa på vegen bli endra, må det mykje arbeid til for fleire millionar kroner.

Tidlegare i år har Djuvik vore i klammeri med grunneigarar ved Kråkenes fyr på grunn av busstrafikken.

– Tenker du at det er nokon utfordringar knytt til det at du er varaordførar?

– Nei, det klarer eg ikkje heilt å sjå. Alle lokalpolitikarar har vanlegvis ein jobb ved sida av. Saker som har med cruise, reiseliv, turisme og sånne ting å gjere i Kinn kommune, det er jo ikkje eg habil til å vere med og vurdere.

Publisert 11.07.2025, kl. 13.25 Oppdatert 11.07.2025, kl. 13.40

Read Entire Article