Var det uvanleg for kvinner å køyre bil?

2 weeks ago 13



Det var pelsen sin! Kor vanleg var det?

Fra Lykkeland. Kvinne med mørkt hår har på seg en lys pelskåpe.

Reiarfrua Ingrid i ekte pels, truleg sølvrev, trur kostymedesignaren.

Foto: Maipo

Ingrid har ein pels som synest i terrenget.

Det er ikkje tilfeldig.

Kostymedesignar Anne Pedersen fortel at det var ganske vanleg med pels i 1980-åra.

– Eg hugsar det sjølv. Pels var status, og blei brukt av mange, også av unge folk i 20-åra, fortel ho.

  • Bergen 13 mai 1990. Svart-hvitt bilde av mann og kvinne på Fisketorget i Bergen. Mannen har på pelshatt, pelsjakke og sandaler.

    Pels var meir vanleg i bybiletet før, men denne turisten hadde nok bomma litt på kulda i Noreg. Biletet er tatt i Bergen i mai 1990.

  • Svalbard 1991. Dronning Sonja møter barn fra Svalbard. Dronningen er godt kledd i pelsjakke og god strikkelue. Barna har fargerike vinterdresser og hetter med pelskant.

    Dronning Sonja har ofte tydd til pels, mellom anna då ho møtte barn på Svalbard i jula 1991.

  • Kong Olav i 1979 sammen med dronning Margrethe av Danmark i Holmenkollen, begge kledd i ulveskinnpels.

    I 1979 var kong Olav i Holmenkollen saman med dronning Margrethe av Danmark. Begge hadde ulveskinnpels.

I dag har fleire designarar og klesprodusentar teke avstand frå pels. Næringa er omstridt grunna mangel på dyrevelferd, men det var det ikkje snakka så høgt om før.

Pelsen Ingrid har på seg er elles ein ekte og original pels frå 80-åra.

Fra Lykkeland. Bilde av en gate i Stavanger, der en kvinne i pels står ved siden av en bil.

Kanskje ikkje for kven som helst, men pels var ganske vanleg i 80-åra.

Foto: Maipo

Fanst Ullrigg?

Fra Lykkeland. Bilde av boreriggen Ullrigg.

I episoden testar Anna og Sture ny teknologi på Ullrigg.

Foto: Maipo

Ja, og testsenteret Ullrigg eksisterer framleis.

I episode fire ser vi Anna og partnaren leige eit anlegg for å teste ny og automatisert teknologi.

Slik er Ullrigg i verkelegheita og. Det er ein operativ borerigg. Olje- og gassnæringa har testa ny boreteknologi på Ullrigg i meir enn 40 år.

Var det uvanleg for kvinner å køyre bil?

Rallykjører Greta Molander (1908 / 2002), født i Sverige, rallykjører og forfatter, bosatt i Norge fra 1938. Deltok fra 1929 i mange internasjonale bilrallyer med gode resultater, bl.a. i Monte Carlo Rally 19 ganger, hvor hun vant kvinneklassen 1937 og 1952. Utgav reiseskildringer og barnebøker med egne illustrasjoner. Her i sin bil under Midnattsol-rally (Midnight Sun Rally) i Sverige.

Norsk-svenske Greta Molander i 1960. Ho køyrde rally store deler av livet. Var ho unik som kvinne bak rattet?

Foto: NTB

I serien ser vi Ingrid og Marius på køyretur, men Ingrid kan ikkje køyre bil.

Var det uvanleg for kvinner å ha sertifikat?

Ikkje akkurat.

Men då karakteren vaks opp, var det meir vanleg for menn å ha sertifikat enn for kvinner.

I det heile var det ikkje så mange som hadde førarkort på 1950- og 1960-talet. Det var lenge rasjonering på bilar.

Til dømes syner tal frå Vegvesenet at det var 40 666 personar som hadde førarkort i 1960. 11 350 av dei var kvinner.

Bilferie 1960

To kvinner og tre barn på bilferie i 1960, då drygt 11 000 norske kvinner hadde førarkort.

Foto: Aage Storløkken / SCANPIX

På midten av 1980-talet, då Ingrid tenkjer på å køyre bil i «Lykkeland», hadde ting endra seg. Då var det blitt langt meir vanleg for kvinner å køyre.

I 1985 var det rundt rekna 382 000 kvinner som fekk sertifikatet, og det var nesten like vanleg for kvinner som for menn å køyre bil.

Kva musikk høyrer dei på i bilen?

Mods lanserer albumet "Revansj" 1981.

Ingrid og Marius høyrer ein låt av dette bandet. Biletet er tatt i 1981, kva band trur du det er?

Foto: Promo / NRK

Ingrid får velje seg ein låt medan Marius køyrer.

Kva er det dei høyrer på?

Dei høyrer sjølvsagt på Stavanger-bandet «Mods»!

Har du lyst å sjå Mods i aksjon? Sjå Mods og Morten Abel framføra «Meg må du hilsa på», framfor 23.000 publikummarar i 2017.

Ingrid vel seg låten «Meg må du hilsa på».

Den er frå debutplata, «Revansj», som kom ut i 1981.

Mods slo gjennom tidleg på 1980-talet, og var det første bandet Morten Abel var vokalist i.

Hadde vi dragartistar i Noreg på 1980-talet?

Marie fyller 12 år.

Underhaldninga er mellom anna ein dragartist som syt for lystig stemning rundt bursdagsbordet.

Hadde vi dragartistar då?

Fra Lykkeland. Dragartist i rød kjole danser foran en ung jente, som ser skeptisk ut

Stort sett god stemning rundt bordet, sjølv om ei er skeptisk.

Foto: Maipo

Ja, og det hadde vi hatt lenge!

Ein av dei første var Bernard Anton Alexander Munkerud, som var født allereie i 1901. Han hadde artistnamnet «Norga».

Ein annan pioner innan drag i Noreg er Willy Mikkelsen, som var aktiv dragartist frå 1960-talet og framover.

Seinare sytte mellom anna dragshow-gruppa Great Garlic Girls for at nordmenn fekk sjå drag på TV.

I 1986 var dei i finalen i Eurovision Song Contest saman med Ketil Stokkan, og dei opptredde på NRK fleire gongar.

Sjå «The Great Garlic Girls» i aksjon på scenen. Her i et show frå 1990.

Solveig er ikkje særleg venleg mot skeive..?

Fra Lykkeland. Ung kvinne ser skeptisk ut mens dragartist danser i bakgrunnen.

Solveig er kjærasten til Marius. Ho likar ikkje det som skjer i 12-årsdagen.

Foto: Maipo

Marius tar med seg kjærasten Solveig i bursdagsselskapet. Ho reagerer på fleire ting som skjer.

Mellom anna seier Solveig at det er ekkelt med homofile, og ho trur at aids smittar via hudkontakt.

Dessverre speglar ho haldningar mange hadde.

Det var ei anna tid. Mange meinte det var unaturleg å vere skeiv. Ordet skeiv var det forresten ingen som brukte. Dei fleste sa homo, homofil eller homoseksuell.

Kim Friele var ein av få som stod fram som skeiv. På grunn av det, blei ho overfalt på gata. Sjå henne fortelje kva som skjedde.

Det var heller ikkje uvanleg å høyre folk seie at homofili var ekkelt. Det stadfester rådgjevar i Skeivt arkiv, Bjørn André Widwey.

Det var akseptert at folk snakka om skeive på den måten.

Offentleg var det få personar som var opent skeive.

Aids var dessutan ein frykta sjukdom som råka fleire homofile.

Fra Lykkeland. Mann med briller kneler foran en ung jente og kysser hånden hennes.

I «Lykkeland» får Marie eit kyss på handa. Mot slutten av 1980-talet var det kjent at aids ikkje smitta ved hudkontakt. Likevel frykta mange å bli smitta på denne måten.

Foto: Maipo

Mange unngjekk sosial kontakt med folk som var hivsmitta, og hivpositive blei diskriminert i arbeidslivet fordi folk var redde for smitte.

Diana, prinsessen av Wales, snakker med AIDS-pasient Wayne Taylor i Toronto.

Prinsessa av Wales jobba for å spreie informasjon om kva aids faktisk var. Her møter ho aids-pasient Wayne Taylor i 1991.

Foto: Ap

Ei som bidrog til å fjerne stigmaet mot sjukdomen internasjonalt, var faktisk prinsesse Diana. Ho opna mellom anna den første spesialavdelinga for aids-pasientar i Storbritannia i 1987.

For mange nordmenn fekk hiv eit andlet då dei høyrde historia til Henki Hauge Karlsen.

Han var bartender og fekk sparken fordi han hadde hiv.

Svart hvitt bilde av mann som smiler mot kameraet, mens han holder opp et glass champagne.

Ein glad Henki Hauge Karlsen feirar med sjampanje etter at Høgsterett gav han medhald.

Foto: NTB

Han tok saka til Høgsterett, der han fekk jobben tilbake kort tid før han døydde i 1988.

Apropos Solveig: Kva har skjedd med håret hennar?

Fra Lykkeland. Ung kvinne med kreppet hår har på seg blomstrete bluse.

Kva har skjedd med håret til Solveig i «Lykkeland»?

Foto: Maipo

Ho har kreppa håret! Det var heite greier på 1980-talet.

Mange hugsar sikkert permanent og krøllar.

Kreppa hår var noko litt anna. Målet var nemleg ikkje krøllar, snarare ville ein ha ein fasong som minte om kreppapir.

Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov (Dollie)

Benedicte Adrian (til venstre) og Ingrid Bjørnov var moteriktige med kreppa hår på 1980-talet.

Foto: NRK

Enten kunne ein bruke ein krepptang, eller ein kunne flette håret på kvelden, og vakne med kreppa hår.

Følgde du hårmoten på 1980-talet?

Kor harde tider var det i Noreg den gong?

Rundt bursdagsbordet snakkar dei vaksne om at det er harde tider.

Fra Lykkeland.

Samstundes som Nyman-familien feirar Marie, snakkar dei om dei harde økonomiske tidene.

Foto: Maipo

Nyman-familien sit godt i det, men på slutten av 1980-talet var mange råka av ei av dei største bankkrisene i noregshistoria.

Bakgrunnen var jappetida, ein periode der det blei enklare å låne og tene pengar. Børsen steig og lønningane auka, noko som leia til at forbruket tok heilt av.

Denne perioden prega store delar av 1980-talet, men fekk ein brå slutt då bankkrisa var eit faktum.

Svart hvitt bilde av mann med dress og bilder, som hviler haken i den ene hånden.

Leif Terje Løddesøl var administrerande direktør i Den Norske Creditbank, ein av bankane som fekk problem mot slutten av 80-åra. Her på ein pressekonferanse der det vart gjort greie for tapet til banken i samband med utanlandsk aksjehandel.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Årsakene til bankkrisa var samansette, men ein del av problemet var at folk hadde fått låne mykje pengar. Etter kvart blei ein stor del av desse låna misleghaldne, noko som skapte store problem for bankane.

Staten måtte inn med mykje pengar for å unngå at systemet kollapsa.

Samtidig fall oljeprisen og det var låg tillit til den norske krona.

Heilt vanlege folk fekk store problem med økonomien, og mange mista jobbane sine. Bustadlånsrenta auka kraftig.

I dag er det mange som meiner at renta er høg. Renta i dag er likevel ingenting samanlikna med nivået den gong.

I snitt var bustadlånsrenta på over 16 prosent i 1987.

Det var i det heile ein vanskeleg økonomisk situasjon som varte i fleire år.

Sjå episoden her!

Nysgjerrig på korleis sesong tre blei til? Høyr regissør Petter Næss og manusforfattar Mette Bølstad fortelje om arbeidet her:

Kjelder:

Norges Bank. Finanstilsynet. Skeivt Arkiv. Ole Martin Ihle: «Da He-man kom til Noreg. Ei forteljing om å vekse opp på 80-talet». Finn Jørgen Solberg: «Ung på 80-talet». Havindustritilsynet. Store Norske Leksikon. NRK. NTB. SSB.

Publisert 10.11.2024, kl. 17.31

Read Entire Article