Våpenkvile-fiaskoar i Sudan: I løpet av tre dagar greidde kvinnene å snakke saman

3 days ago 20



Det er 19 månader sidan det braut ut krig mellom den paramilitære styrka Rapid Support Forces (RSF) og den sudanske hæren (SAF).

Dei to hærførarane, som skulle styre landet ilag, har sendt landet inn i ein brutal borgarkrig.

  • dronebilde av khartoum- røyk sitg opp frå eit område

    15. april 2023 braut det ut krig mellom Sudanese Armed Forces (SAF) og den paramilitære styrka Rapid Support Forces (RSF) i hovudstaden Khartoum. Det er uvisst kven som avfyrte det første skotet. Krigen foregår både på bakken og frå lufta.

  • Sudan's Army chief Abdel Fattah al-Burhan (C R) and paramilitary commander Mohamed Hamdan Dagalo (C L)

    Dei to styrkane har samarbeidd om å styre Sudan etter at dei kuppa makta i 2021. RSF skulle innlemmast i hæren, men det var usemje om når og korleis det skulle gjerast. Krigen blir derfor sett på som ein personleg konflikt mellom dei to hærførarane.

  • Sudanske flyktningar i ein slags FN-leir. EI dame ber koffert på hovudet. Ein annan kviler hovudet på hendene.

    Krigen har sendt 14 millionar menneske på flukt. Både SAF og RSF kriger på brutalt vis. Rapportar viser at plyndring, hærverk, valdtekt og drap på sivile foregår på begge sider. 25 millionar menneske har behov for humanitær hjelp.

– Då krigen braut ut, visste eg at eg måtte komme meg ut. Allereie første veka høyrde eg at SAF-soldatar hadde valdtatt jenter i nabolaget mitt, seier Manal Alawal til NRK.

FN skildrar krigen som eit «levande mareritt».

manal alawal

Manal Alawal flykta frå Sudan til Uganda saman bor barna og mannen i april 2023.

Foto: Privat

Den siste månaden har det vore ei valdsam opptrapping i delstaten Al Jazirah, som følge av at RSF-kommandøren Abu Aqla Keikel i oktober bytta side og gjekk over til SAF.

FN ser på angrepa i Al Jazirah som ei slags straff for Keikels avgang – retta mot hans etniske gruppe.

Hundrevis har blitt drepne, kvinner har blitt bortførte. Ei 11 år gammal jente døde som følge av seksuell vald.

Members of Sudan's security forces take part in the opening ceremony of a headquarter in the army-controlled Port Sudan, where the government loyal to the army is based on the Red Sea coast, on October 28, 2024. Since April 2023, when war broke out between Burhan's Sudanese Armed Forces and his former deputy, RSF commander Mohamed Hamdan Daglo, the paramilitaries had largely pushed the army out of Khartoum. (Photo by AFP)

Biletet viser soldatar som samarbeider med den sudanske hæren (SAF) i kystbyen Port Sudan i oktober. SAF kontrollerer i dag store delar av austlege Sudan. RSF kontrollerer det meste av Vest-Sudan.

Foto: AFP

Dei to hærane kjempar om makt, og klarer ikkje å snakke saman. Alle våpenkviler har blitt brotne.

– Eg har alltid sagt at kvinner bringar fred

Ei veke etter at krigen braut ut i april i fjor, flykta Manal Alawal og familien hennar til Uganda. Her har blitt ein del av ei sivil gruppe som arbeider for fred.

Gruppa består av 14 kvinner frå ulike delar av Sudan som prøver å representere sudanske kvinner på ein så samla måte som mogleg.

Dei vil sørge for at stemmene deira blir høyrde, trass i at ingen av dei er inviterte til dei formelle fredsforhandlingane.

– Eg har alltid sagt at kvinner bringar fred, medan mennene startar krigar, seier Alawal.

Under revolusjonen i Sudan i 2019 var det kvinnene som dominerte demonstrasjonane. Dei greidde å velte regimet.

Ei overgangsregjering kom på plass, som blei avsett då RSF og SAF kuppa makta to år seinare.

Planen deira var å styre landet saman. Krigen mellom dei to hærane blir sett på som ein personleg konflikt mellom leiarane, og ein kamp om makt.

Dei 14 kvinnene i fredsgruppa er i dag spreidde i ulike land. Berre to av dei er framleis i Sudan.

– Vi snakkar for det meste på WhatsApp og Zoom. Og når internasjonale organisasjonar legg til rette for det, har vi møttest fysisk her i Uganda, seier Alawal.

I august blei RSF og SAF inviterte til Genève for våpenkvilesamtalar, organisert av USA. Kvinnegruppa reiste etter.

– Vi visste ikkje nøyaktig kvar dei var, men vi reiste dit for å ha ein såkalla freds-workshop parallelt. Vi diskuterte fred og diskuterte våre krav til fred, uansett om vi ikkje var inviterte, seier Alawal.

Workshopen var organisert av blant anna norsk UD.

Dei offisielle fredssamtalane gjekk derimot opp i røyk. SAF møtte ikkje fram.

To kvinner sit på ein benk med plakatar på fanget. "no war" og "peace sudan" står det på plakatane.

Demonstrantar i Genève i august i år. USA inviterte til fredssamtalar mellom SAF og RSF, men det var berre RSF som møtte fram.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

Møtte kvinner frå RSF og SAF

Nokre veker før møtte den sivile fredsgruppa kvinnelege representantar frå Rapid Support Forces (RSF) og andre politiske fløyer til uformelle fredssamtalar.

– I tillegg kom ei kvinne frå SAF. Ho fekk ikkje reise som offisiell representant for SAF, men ho kom likevel.

Kvinnene greidde å snakke saman på ein konstruktiv måte, meiner Alawal.

– Vi var sinte på kvarandre. Vi ropte, så blei vi rolege, så ropte vi igjen, og så gråt vi ilag. Sjølv om eg er sint på RSF og SAF, så er det kvinner på den sida også som lir, seier Alawal.

– Det var ingen av oss som starta krigen. Det var mennene. Dei spurde ikkje oss kva vi ville, så kvifor skal vi høyre på dei?

Manal Alawal held opp eit flagg og smiler

Manal Alawal i 2020 etter at den sudanske regjeringa underteikna ein fredsavtale med opprørsgrupper i landet.

Foto: Privat

Bad arrangørane forlate rommet

Det var den tyske ikkje-statlege organisasjonen Berghof Foundation som organiserte møtet.

– Etter kvart bad vi dei tyske arrangørane og tolkane deira om å forlate rommet, slik at vi sudanske kvinner fekk snakke åleine.

I løpet av tre dagar greidde kvinner frå RSF, SAF, politiske og sivile grupper, å finne ein måte å snakke saman på.

– Kvifor trur du at de klarte å snakke saman, men ikkje mennene?

– Fordi vi lyttar og greier å forstå kvarandres smerte. Vi brukte lang tid på å bli kjent med kvarandre, seier Alawal.

Alle rundt bordet ønskte ei våpenkvile og alle var einige i at meir naudhjelp må komme inn til kvinnene i Sudan, med eit særleg fokus på kvinneprodukt.

Trass i at slike møter ikkje fører til at våpena blir lagt ned, meiner Alawal det er viktig at alle som greier å snakke saman, gjer det.

Dei har bestemt seg for at dei skal halde kontakta. I november skal dei møtest for andre gong.

Publisert 18.11.2024, kl. 07.33

Read Entire Article