Vanskeleg å få jobb – møter sterke fordommar

3 hours ago 4



Å vere kortvaksen kan by på fleire utfordringar. Som at det er vanskeleg å skaffe seg ein jobb

Astri Solås er ein av dei heldige som fekk eit langt arbeidsliv som kortvaksen. Men det har likevel vore nok av utfordringar for ho i eit liv som annleis.

– Då eg var på eit jobbintervju, målte arbeidsgjevar meg opp og ned med blikket, og sa til meg at eg måtte forstå at eg ikkje kunne få jobb der fordi eg ikkje passa inn.

Astri Solås - portrett

Det var mykje fordommar mot Astri då ho som ung starta å søke seg inn i arbeidslivet.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Får ikkje intervju

Det finst ikkje forsking som viser nøyaktig at kortvaksne systematisk blir diskriminerte når dei søker jobb. Men forsking viser at det er ei generell diskriminering av personar med funksjonsnedsetting.

Fleire opplev til dømes å ikkje bli innkalla til intervju om dei skriv på søknaden at dei er kortvaksne.

Brede Dammann

– Kortvakse har god arbeidsevne, men vi ser at fleire slit med å få jobb. Særleg om dei er opne om det i søknaden

Brede Dammann

sosionom og rådgjevar ved kompetansesenteret, Sunnaas sjukehus.

Fleire erfaringar og forsking frå TRS kompetansesenteret for sjeldne diagnosar, som har undersøkt opplevingar til kortvaksne i arbeidslivet, viser at kortvaksne er:

1. Underrepresenterte i arbeidsmarknaden.

2. Slit med å finne jobb, eller gruar seg til å søke.

3. Går tidlegare ut av jobb på grunn av fysiske og psykiske plager.

4. Slit med å halde på ein jobb på grunn av fysisk belastning.

5. Får for dårleg tilrettelegging i forhold til kapasitet.

Ein annan rapport viser at ein av tre kortvaksne i Noreg er i jobb, sjølv om andelen av dei som har høgare utdanning er større.

Åsne Alstad Hanto er styreleder i Norsk interesseforening for kortvokste (NIK)

– Vi kortvaksne lev i ei verd, som ikkje er tilpassa oss. Så om ein kortvakts får rett tilrettelegging er vi like ressurssterke som alle andre.

Åsne Hanto

Leiar for Norsk interesseorganisasjon for Kortvokste

Hanto seier dei arbeider med denne problematikken. I over eit år har ho hatt fast stilling som grafisk designar hos Kirkens Nødhjelp, men har erfaring med at mange slit med å få jobb.

Arbeidsgjevar må vere open

Ho meiner at arbeidsgjevarar må vere meir opne til spørsmåla ein har om tilpassing.

Miriam Jasmin Vik

– Eg møtte berre motstand og følte meg dømt ut ifrå utsjånaden min. Det gjorde at eg blei lei meg og sint.

Miriam Jasmin Vik

Som liten hadde ho aldri tenkt på seg sjølv som annleis enn andre. Ho tenkte at også ho skulle klare å skaffe seg sommarjobb.

  • Kor mange er kortvaksen?

    I Noreg bur det 5,5 millionar menneske.

    500 av desse er kortvaksen.

  • Kva er kortvaksen?

    Kortvaksen definerast som høgde lik eller under 154cm for kvinner og lik eller under 166cm for menn, ifølgje Sunnaas sjukehus.

    Å vere kortvaksen er ingen diagnose, men ei skildring av låg, total kroppshøgd.

  • Kvifor er nokon kortvaksen?

    Det finst fleire ulike årsaker til kvifor nokon er kortvaksen.

    Den vanlegaste er at ein av foreldra sjølv er kortvaksen.
    Eller at det ligg ein lågare tilvekst i familien, sjølv om foreldra har normal vekst.

    Ei anna årsak er sein modning, at ein har forseinka vekst. Dette kan det vere fleire ulike medisinske årsaker til.

    Kjelde: Helse Noreg

Alltid møtt med eit nei

Miriam fekk aldri nokon sommarjobb som ung. Ho sende søknad etter søknad, men vart alltid møtt med nei.

Som del av utdanninga hadde Miriam praksis, der ho har opplevd at det er viktig å vere open.

– Då eg kom dit merka eg at dei ikkje turte å stille meg spørsmål, noko eg forstår godt. Mange har lite kunnskap om kortvaksne og det er sjeldan ein møter oss, seier Miriam.

Peggy Rognan

– Eg har alltid følt meg diskriminert, men det er ingen som snakkar høgt om problemet vi må handtere når det kjem til å skaffe seg ein god jobb.

Peggy Rognan

pensjonist

Rognan har vore ufrivillig ufør heile sitt vaksne liv. Ho gjekk ut av vidaregåande med toppkarakterar og tok deretter høgare utdanning.

Men eit ja frå ein arbeidsgjevar, til ein skikkeleg jobb ho kunne leve av, har ho aldri fått.

Fordommar som sit langt inne

Ho har kjent på ei diskriminering som kortvaksen, og seier fordommane sit langt inne i folk.

– Som ung var eg naiv og hadde trua på at eg skulle klare å få meg jobb, men den draumen vart tidleg knust, seier Rognan.

Viktig å legge til rette

– Kva må til for at ein som er kortvaksen skal kunne yte best på jobb?

Astri Solås - lager kaffe

I kvardagen er Solås avhengig av hjelpemiddel for å klare seg.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

– Arbeidsgivar må vere open for tilrettelegging, og det treng ikkje vere mykje. Eg hadde ein eigen stol og krakk som gjorde det lettare for meg i arbeidskvardagen, seier Solås.

Publisert 25.11.2024, kl. 12.53

Read Entire Article