Uvêr i Sør-Noreg: Nesten alle fjell­overgangane er stengde

1 month ago 35



Berre Strynefjellet og Filefjellet er opne av fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

Følgjande fjellovergangar er heilt stengde:

  • Rv. 7 Hardangervidda
  • E134 Haukelifjell
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet
  • Fv. 50 Hol - Aurland
  • Fv. 53 Tyin - Årdal
  • Rv. 13 Vikafjellet

– Det er stor snøskredfare, kraftig snøfokk og dårleg sikt, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen tysdag morgon.

Og det er ikkje håp om betring med det første.

– Det blir truleg ikkje noko meir opning over fjellet i dag, slik vêret ser ut. Det skal fortsetta å blåsa, og vinden skal også tilta utover ettermiddagen og kveld.

Det er venta kraftig vind og store nedbørsmengder i store delar av Vestlandet tysdag og onsdag. Årsaka er det som blir kalla ei «atmosfærisk elv».

Farevarsel for flaum og skred

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for Vestland og Møre og Romsdal, og det er venta opp mot 60–80 mm regn på 24 timar. I indre og midtre strok kan det passera 100 mm i løpet av eit døger.

Det er også auka fare for flaum og skred.

Vegen til Bakka i Aurland i Sogn er stengd til onsdag på grunn av snøskred. I tillegg er entreprenør på veg til Runderheim på fylkesveg 618 i Stad i Nordfjord etter at ei steinblokk på eit par hundre kilo har rasa ned i vegen.

Hardangervidda

Slik ser det ut over Hardangervidda tysdag morgon.

Foto: Statens vegvesen

Publisert 04.03.2025, kl. 06.52 Oppdatert 04.03.2025, kl. 06.55

Read Entire Article