Svensk journalist dømd i Tyrkia

5 hours ago 9



Den svenske journalisten Joakim Medin (40) blei arrestert i Tyrkia 27. mars. Myndigheitene har tiltalt han for fornærmingar mot presidenten og deltaking i ein terrororganisasjon.

Retter avgjorde i dag han han får dom på vilkår på elleve månadar og 20 dagar for å ha fornærma president Recep Tayyip Erdogans, melder TT.

Det er førebels ikkje sett ein dato for behandlinga av resten av punkta.

Medin har forklart seg i retten onsdag, men har blitt avbroten av dommarane fleire gonger, skriv den svenske avisa Dagens ETC som Medin også jobbar for. Det har også vore forvirring grunna oversitjingstrøbbel.

Medin har tidlegare skrive mykje om PKK og Sveriges Nato-prosess for avisa. Han har også rapportert frå Syria i fleire år.

Nektar straffskuld

I retten seier Medin at det ikkje er første gong han sit i fengsel.

– Eg blei også arrestert i Syria av Bashar al-Assads styrker. Det var ei forferdeleg oppleving og eg håpar det tyrkiske rettssystemet vil gje meg rettferd, seier Medin, ifølge svenske TV4.

I dag har han sitte 33 dagar i det frykta Marmara-fengselet.

Tysdag fekk redaktør i Dagnes ETC Andreas Gustavsson tilsendt eit bilde av ein handskriven papirlapp, signert med Medins namn:

«Ikkje skuldig».

En hvit, håndskrevet lapp datert 29. april og signert med navnet til Joakim Medin.

«Ikkje skuldig. Journalistikk er ikkje ei fornærming. Journalistikk er ikkje terror. Journalistikk er ikkje ulovleg», står det på lappen frå Medin. NRK har fått bildet frå redaktøren i Dagens ETC.

Foto: Privat

Lappen er datert 29. april.

Men i dag kom dommen at Tyrkias rett er ikkje einig. Han er dømd skuldig.

Knytt til demonstrasjonar

Ifølgje Reuters blir skuldingane knytt til ein demonstrasjon i Stockholm i januar 2023, der ei dokke som etterlikna Erdoğan blei hengd opp utanfor eit rådhus.

Tyrkiske myndigheiter hevdar at den svenske journalisten er ein av 15 identifiserte personane som er mistenkte for å ha organisert, promotert eller å ha deltatt i demonstrasjonen.

Rettssaka blir i dag følgd av svenske og nordiske medium. Tyrkiske medium har derimot vore stille om denne saka, erfarer NRK.

Jørgen Watne Frydnes er generalsekretær i Norsk PEN, som jobbar for ytringsfridom.

– Dessverre ikkje uvanleg, seier Frydnes og peikar på at ytringsfridomen i Tyrkia er svært låg.

Saksøker Tyrkia og krev millionar

Redaktøren seier han sjølv har sett tiltalane mot Medin.

– Dei er frykteleg tynne. Bevisgrunnlaget er i realiteten heilt vanleg journalistisk verksemd, som intervju og publiserte artiklar, seier Gustavsson til NRK.

en mann iført hvit skjorte

Dagens ETC-redaktør Andreas Gustavsson seier han har sett tiltalane mot Medin.

Foto: Zanna Nordqvist

– Reint juridisk har aktor absolutt ingenting å komme med.

Tyrkia er rangert som eit av landa med dårlegast pressefridom i verda.

Veysel Ok, som er ein av Medins advokatar, meiner saka er politisk:

– Det finst ingen konkrete, klare eller overtydande bevis, seier han til Dagens ETC.

Journalist Joakim Medin i Dagens ETC saman med eit syrisk par

Medin har vore mykje i Syria i karrieren si som journalist. Her er han avbilda på ein reportasjetur til Qamishli i 2015.

Foto: STRINGER / Reuters / NTB

Advokatane til Medin har saksøkt Tyrkia, ifølge Blank Spot. Dei meiner at Tyrkia er skuldig i å ha brote menneskerettane til Medin og krev at han blir sett fri. I tillegg krev dei 5 millionar lira i erstatning, eller nesten 1,4 millionar norske kroner.

Etter at domen blei kjent seier forsvarsadvokaten hans enno ein gong at Joakim Medin heldt seg fullstendig innanfor sine journalistiske grenser, og at det ikkje er noko grunn til å halde ham fengsla. Dei krev også at han blir lauslaten straks, ifølgje TV4.

– Sjølv om tyrkiske myndigheiter blir provoserte av arbeid til Medin, er han verna av ytringsfridommen, understreka advokaten før retten.

en stor, grå bygning ved et jorde

Marmara-fengselet utanfor Istanbul husar ei rekke politiske fangar. Nå er Medin fengsla her.

Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB

Fleire svenske politikarar og ambassadetilsette skal vere til stades under rettssaka onsdag.

Også representantar frå svenske presseorganisasjonar er på plass.

– Dette handlar ikkje berre om Joakims personlege fridom, men noko større, seier Johan Taubert i Tidningsutgivarna til Aftonbladet.

– Vi synest advokatane verkeleg forklarte kvifor denne tiltalen er fullstendig urimeleg. Dei argumenterte for presse- og ytringsfridom, og brukte lang tid på å forklare korleis ein skriv ein artikkel, fortel stortingsrepresentant i Sverige Ulrika Westerlund (MP) til Dagens ETC rett etter rettssaka.

Sit i same fengsel som Imamoglu

Medin hadde nettopp landa i Istanbul da han blei pågripen for ein dryg månad sidan.

Etter planen skulle han dekke dei store protestane som har var i Tyrkia i mars. Då tok titusenvis til gatene etter fengslinga av borgarmeister i Istanbul, Ekrem Imamoglu. Han blir rekna som president Recep Tayyip Erdogans viktigaste politiske motstandar.

En demonstrant i Istanbul.

Protestane i mars blei slått hardt ned på av politiet, og over tusen demonstrantar blei arresterte. Dette bildet er tatt 23. mars.

Foto: AP

No sit Imamoglu og Medin i same fengsel.

Etter ei veke i Istanbul skulle Medin etter planen til Palestina og rapportere der ifrå, seier Medin sjølv i retten skriv TV4.

Interessert i utanriks? Høyr podkasten til redaksjonen:

Publisert 30.04.2025, kl. 16.55 Oppdatert 30.04.2025, kl. 16.58

Read Entire Article