Utset festival etter å ha droppa kunstnar frå Israel

1 week ago 11



Kunstnaren Ori Lenkinski og hennar teaterstykke skulle eigentleg bli framført under den internasjonale festivalen for scenekunst i Bergen i juni.

Men så trekte styret for Bergen Fringe Festival invitasjonen. Årsaka var at dei hadde funne ut at ho bur i Israel.

Etter at NRK onsdag tok kontakt med arrangøren, er det klart at styret utset årets festival på ubestemt tid.

«Vi beklagar at ei slik prinsipiell avgjerd går ut over enkeltkunstnarar og kompani. Vi beklagar sterkt at kommunikasjonen rundt dette har vore uheldig, og har kunne misforståast. På bakgrunn av sakas karakter og omfang tar vi konsekvensane av dette, og utset årets festival på ubestemt tid», skriv eit samla styret i ein e-post til NRK.

Dagen omtala Ori Lenkinski-saka først.

No stadfestar dei altså til NRK at heile festivalen er droppa enn så lenge.

Beklagar kanselleringa

Festivalen blei arrangert for første gong i 2017.

Til NRK seier leiinga at medarbeidarar, kunstnarar og kompani som blir påverka av avgjerda.

Styret skriv at dei tek «sterk avstand frå all rasisme, antisemittisme, jødehat, og diskriminering av alle slag».

– På grunn av Israels pågåande krigshandlingar, ønsker vi ikkje å
programmere kunstnarar støtta av den israelske stat til vår festival, skriv dei vidare.

Lapper med bokstaver på en grønn bygning som lyder Bergen Fringe Festival.

Festivalen har vore arrangert sidan 2017, her frå Cornerteateret i Bergen i 2020.

Foto: Cornerteateret

Avinviterte israelsk kunstnar

Bakgrunnen er kritikken dei har møtt for å avinvitere kunstnaren Ori Lenkinski, på bakgrunn av hennar nasjonalitet.

Ho skulle ha komme til den internasjonale festivalen for scenekunst for å vise fram teaterstykket «Birth Preparation Course» i juni.

Men 8. april fekk kunstnaren ein e-post frå arrangøren om at dei «føler det nødvendig å bryte alle band til Israel og det pågåande åtaket på folket i Palestina».

«Først etter å ha sendt intensjonsavtalen, oppfatta eg kor du bur», skriv festivalsjef Maja B. Sundt i starten av e-posten.

Derfor trekker eit samstemt styre i Bergen Fringe Festival invitasjonen tilbake.

Danby Choi

Subjekt og Danby Choi har involvert seg i saka.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK

Viste til pengestøtte ho ikkje får

Kunstnaren sjølv, Ori Lenkinski (42), opplyser til NRK at ho har både kanadisk og israelsk statsborgarskap frå fødselen av. Ho har delvis vakse opp i Kanada og USA, og budd i Israel dei siste 16 åra.

På kvar side av slekta hennar er det både folk som overlevde og som omkom under Holocaust. Ho er utdanna dansar og har også jobba mykje i teaterbransjen og ein del i israelsk presse som journalist.

Førestillinga «Birth Preparation Course» ho skulle ha vist i Noreg, handlar om nettopp det å førebu seg på ein fødsel.

– Det handlar ikkje om Gaza-krigen, men er eit middel for å formidle informasjon som eg føler manglar i det offentlege om fødselsprosessen og kvinnekroppen, seier Lenkinski til NRK.

Eigentleg skulle ho ha opptredd under fjorårets Bergen Fringe Festival, men fekk ikkje høve til å reise likevel.

Så fekk ho stadfesta at ho også var invitert i år.

– Eg var oppglødd. Eg var så skuffa for at eg ikkje kom meg til Bergen i fjor, og gleda meg veldig til å besøke Noreg og få ein smak av norsk teater, seier Lenkinski.

Men så kom ein kontramelding frå festivalen.

Viste til bustadadresse Israel

I første e-post viste dei til kor ho bur.

I ein seinare e-post peikar festivalarrangøren på at Lenkinski ikkje er ein offentleg kritikar av det israelske «regimet», og at ho får økonomisk støtte frå den israelske ambassaden.

Lenkinski har lagt ut e-post-korrespondansen med festivalsjefen, som skjer på engelsk, på si nettside.

Kunstnaren stadfestar overfor NRK at ho søkte støtte frå den israelske ambassaden, men at ho ikkje fekk noko i år. Dermed måtte ho ha fått støtte frå andre, eller dekka utgiftene sjølv, noko ho vurderte å gjere.

Festivalen dekker i liten grad reise og opphald for kunstnarar.

Lenkinski søkte også støtte frå ambassaden i fjor, og kunne då fått ein mindre sum, hadde ho reist.

Ho stiller spørsmål ved kvifor ein slik støtte skulle ha noko å seie, og viser til festivalen i eit offisielt brev i fjor skal ha oppmoda kunstnaren til å søke pengestøtte frå nettopp ambassadar og liknande.

Får kritikk frå fleire

Dette får fleire til å reagere og stille spørsmål om diskriminering, kansellering og offentleg støtte til festivalen.

– Eg reagerer sterkt på at nokon som er invitert og har takka ja, i etterkant blir kansellert fordi ho er frå Israel, seier Silje Hjemdal, Frps kulturpolitiske talsperson på Stortinget, til NRK.

– Dette er veldig uheldig i ei tid der ein ser aukande antisemittisme og hat mot israelarar, legg Hjemdal til.

No ber ho kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) om å komme på bana i saka, gjennom eit skriftleg spørsmål til statsråden.

– Som minister for likestilling og diskriminering bør ho seie noko om kva ho tenker: Er det greitt å diskriminere nokon på bakgrunn av nasjonalitet, religion eller etnisitet, spør Hjemdal.

Bergen kommune reagerer

Kulturbyråd Reidar Digranes (Sp) seier til Dagen at formuleringa i avslaget er «uheldig formulert», og at saka er i gråsonen når det retningslinjene for kommunal støtte til kulturaktørar.

– Når de begrunner med opphavsland, kan det minne meir om diskriminering, seier Digranes til Dagen.

Til NRK seier byråden han er glad for at festivalstyret no beklagar.

Samstundes vonar han at festivalen faktisk kjem til å bli arrangert, all den tid den har fått offentleg støtte.

Også Subjekt-redaktør Danby Choi har uttala seg kritisk om saka til avisa, men han meiner det blir feil om politikarar blandar seg inn og trekker støtta til kulturarrangørar.

Publisert 24.04.2024, kl. 14.52 Oppdatert 24.04.2024, kl. 15.17

Read Entire Article