Utleigar frykta for tilsette – Israelforeining fekk ikkje leige lokale

2 weeks ago 8



Eitt år etter terrorangrepet på Israel der 1200 personar blei drepne av Hamas, skal foreininga på Sunnmøre halde ei litt forseinka markering. Der ventar dei at 70–80 personar skal møte opp til film og foredrag.

Men det har vore vanskelegare enn dei såg for seg. Dei har fått avslag på å leige lokale, fordi utleigarar er redd for tryggleiken.

– Eg blei sjokkert. Eg fekk beskjed om at dei ikkje leiger ut til slike organisasjonar, seier styreleiar Marit Heggen Stokke.

Det var Sunnmørsposten som først fortalde historia.

Spjelkavik Panoroma er eit kurs og selskapslokale

Foreininga har brukt kurs- og selskapslokala til Spjelkavik Panorama i fleire år.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Har vore kunde i mange år

Dei siste sju åra har Med Israel for Fred (MIFF) leigd lokale til arrangementa sine på kurssenteret Spjelkavik panorama. Denne gongen fekk dei eit tvert nei på spørsmålet.

– Det har aldri vore uro og vi har alltid varsla politiet før arrangementa, slik at dei har vore klar over det. Det er politiet som vurderer tryggleiken, seier Stokke.

Då foreininga fekk avslag hos stamplassen sin, spurte dei Thon Partner Hotel Baronen.

Der fekk dei først ja, men så kom kontrabeskjed per telefon. Ifylgje Stokke var beskjeden derifrå at dei måtte tenke på tryggleiken for gjestane sine.

Hotel Baronen i Spjelkavik i Ålesund

Heller ikkje hos Thon Partner Hotel Baronen fekk foreininga leige lokale.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Auka trusselnivå

PST auka trusselnivået tysdag til høg. Det er trusselen mot jødiske og israelske mål som er ytterlegare skjerpa.

Dagleg leiar ved Spjelkavik panorama, Frida Myrstad Dybvik, meiner at vurderinga deira om å seie nei til foreininga var riktig, når PST no har auka trusselnivået. Ho vil ikkje at dei tilsette skal gå på jobb og føle seg utrygge.

– Vi er eit lite firma. Vi har ingen stor vektarteneste og store team bak oss. Vi er få og dersom noko skulle dukke opp klarer ikkje vi å ta oss av det, seier Dybvik.

Ho forstår likevel at foreininga er skuffa.

Dagleg leiar ved Spjelkavik panorama, Frida Myrstad Dybvik

Frida Myrstad Dybvik meiner tryggleiken for dei tilsette er viktigast.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Morten A. Kahrs, administrerande direktør ved Norlandia Group, svarer at etter ei totalvurdering vart foreininga kontakta om at dei ikkje kunne halde arrangementet sitt på hotellet som planlagt.

– Eg ynskjer ikkje å gå inn i detaljar i vurderinga. Det er mange element og sider i saka, seier Kahrs.

Ikkje opplevd liknande

Med Israel for fred er ein landsdekkande organisasjon med rundt 15 000 medlemmar. Dagleg leiar, Conrad Myrland, seier til NRK at dei generelt ikkje har opplevd problem med å leige lokale andre stader i landet i nyare tid og at det er rart at det skjer i Ålesund.

– Det er eit grovt angrep på ytringsfridomen vår dersom det er trugslar som får utleigar til å trekke seg, seier Myrland.

Conrad Myrland

Conrad Myrland er dagleg leiar i Med Israel for fred.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Vaksne karar i gangen

For lokalforeininga på Sunnmøre ordna det seg til slutt. Dei fekk flytta arrangementet til Moa konferansesenter. Stokke trur det kjem til å bli eit roleg arrangement.

– Vi kjem til å ha folk i gangen som passar på visst vi ser noko mistenkeleg, eller folk byrjar å bli urolege. Vi har nokre godt vaksne karar i gangen som held eit vake auge med det, seier Stokke.

Marit Heggen Stokke er styreleiar i Med Israel for fred ( MIFF)

Marit Heggen Stokke trur det kjem til å bli ei roleg minnemarkering torsdag utan bråk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 09.10.2024, kl. 16.08

Read Entire Article