Denne veka stengde USA for all import av storfe, bison og hestar frå Mexico.
Årsaka, ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet (USDA), er påvist tilfelle av kjøttetande larve.
Det er denne floga som legg larvene.
Foto: Denise Bonilla / AP / NTB– Vi set i verk tiltak for å hindre vidare spreiing av denne alvorlege parasitten, opplyser USDA i ei fråsegn.
Mexicos president Claudia Sheinbaum sa torsdag at avgjerda er «overdrive», melder nyheitsbyrået Reuters.
Kjøttetande larve har ført til full stopp
Det skal vere snakk om ei kjøtetande fluge som legg egg i opne sår på levande dyr.
Det er i den mexicanske delstaten Veracruz funnet har blitt gjort.
Området er eit av dei viktigaste områda for eksport av storfe til USA.
Ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet har flugene sidan 2023 blitt påvist i fleire andre land i Mellom-Amerika.
Stenginga blir difor rekna som ei alvorleg økonomisk hindring for mexicansk landbruk.
Ifølgje USDA vil importforbodet vare til området er erklært fritt for smitte.
Storfe er blant dei dyra som er mest utsette for fluga New World Screwworm. Denne kua er frå Texas – ein av delstatane der amerikanske styresmakter har stengt grenseportar for import av storfe frå Mexico.
Foto: Meredith Seaver / AP / NTBDen mexicanske presidenten viste til at det så langt berre er meldt om eitt tilfelle.
– Etter vårt syn er det ei heilt overdrive avgjerd å stenge grensa igjen, sa Sheinbaum på ein pressekonferanse.
Den mexicanske presidenten kallar avgjerda for «overdrive».
Foto: Raquel Cunha / Reuters / NTBUSDA har på si side vist til at fluga blei oppdaga i dei mexicanske delstatane Oaxaca og Veracruz allereie i mai, mindre enn 700 kilometer frå grensa.
Då starta USA ei stenging for import av storfe, bison og hestar som skulle fasast ut i starten av juli.
Det nyaste tilfellet blei oppdaga i den mexicanske delstaten Veracruz, 595 kilometer frå grensa.
Dette førte til at USA avlyste den planlagde gjenopninga.
Spent naboforhold
Mexico er ein av USAs viktigaste handelspartnarar, men Trump har trua landet med toll på 25 prosent på alle varer.
Vedtaket om å stanse importen kjem også samstundes som migrasjonspolitikken i USA er i endring, og USA har trappa opp kontrollen ved grensa mot Mexico.
Under presidentvalkampen i fjor lova Donald Trump å gjennomføre det han kalla for «den største deportasjonskampanjen i amerikansk historie» viss han blei valt 2024.
Demonstrantar marsjerte 1. juli 2025 gjennom Boyle Heights i Los Angeles i protest mot pågåande arrestasjonar av ICE.
Foto: MARIO TAMA / AFP / NTBFørre veke vedtok senatet den såkalla «big, beautiful bill», ei lov som gir store budsjettaukingar til grensekontroll og migrasjonsmyndigheitene (ICE), ifølgje det amerikanske nettstaden CBS News.
Dei siste månadene har ICE gjennomført tusenvis av arrestasjonar i fleire amerikanske byar.
Arrestasjonane frå ICE har ført til demonstrasjonar fleire plassar i landet.
I nokre delstatar, mellom anna California blei nasjonalgarden sett inn av presidenten – utan godkjenning frå guvernøren.
Det førte til sterke reaksjonar.
Interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen sin podkast:
Publisert 10.07.2025, kl. 23.31