Tysdag blei det klart at USA gir 375 millionar dollar til i ny militærstøtte til Ukraina.
USAs gamle klasevåpen er ein del av hjelpepakka.
– Me er ikkje imot at det blir sendt ammunisjon og våpen til Ukraina, men det USA gjer no er å tømma lagera sine for gammalt drit, seier generalsekretær Raymond Johansen i Norsk Folkehjelp til NRK.
– Barn er spesielt utsette
Noreg var ein initiativtakar til konvensjonen om klaseammunisjon frå 2008, som forbyr mot bruk, produksjon og lagring av klaseammunisjon.
Dei 112 landa som har signert avtalen forpliktar seg også til å destruera våpena.
Verken USA, Ukraina eller Russland har signert. USA har likevel ikkje i praksis brukt klasevåpen etter at avtalen kom på plass.
USA fekk mykje kritikk då dei kunngjorde å senda klasevåpen til Ukraina første gong i 2023.
No reagerer Norsk Folkehjelp på at landet nok ein gong sender klaseammunisjon som ein del av hjelpepakka, fordi våpena har store humanitære konsekvensar.
– Det er alltid sivilbefolkninga som betalar den høgste prisen når desse våpena blir brukt. Sidan forma og fasongen gjer det freistande å plukka dei opp, er barn spesielt utsette, seier Johansen.
Klasevåpen eksplodererer ikkje alltid når dei treff bakken, og blir spreidde over store område. Oppryddinga kan ta fleire tiår og skapar problem for sivilbefolkninga.
Meiner klasevåpen har utspelt si rolle
Ukraina hevdar på si side at dei ikkje har noko val, og at dei treng klaseammunisjon når dei kjempar mot Russland, som har same type våpen.
Det er ikkje avgjerande for Ukraina å ha klasevåpen, meiner sjefforskar Ove Dullum ved Forsvarets forskingsinstitutt.
Han har forska på effekten av klasevåpen opp mot konvensjonelle granatar, altså granatar med éi stor sprengladning i staden for mange små.
– Det viste seg at effekten av klasevåpena var marginalt betre, seier Dullum til NRK.
Klasevåpen blei utvikla for å kompensera for at granatar var unøyaktige og ofte bomma på presise mål, forklarar Dullum. Slik sett hadde klasebombe eit større nedslagsfelt.
– Men så har ein etter kvart fått mykje betre nøyaktigheit på granatane. Det betyr at klasevåpena nærast har utspelt si rolle, seier Dullum.
Samtidig peikar han på at Ukraina treng ammunisjon, skal dei ha ein sjanse til å slå Russland.
Kva tenker du om at USA sender klasevåpen til Ukraina?
– Det er jo som han generalsekretæren sa, det er for å tømma lageret for drit. Det er eit treffande uttrykk, synest eg, seier Dullum.
Zelenskyj legg fram sigersplan for Biden
Kunngjeringa om den nye hjelpepakka kom like før Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj møter USAs president Joe Biden og visepresident Kamala Harris.
Den ukrainske presidenten er i USA og skal mellom anna legga fram den såkalla sigersplanen sin for Biden og Harris.
Det er også venta at Biden skal komme med ei ny hjelpepakke, opplyser kjelder til Reuters.
Zelenskyj har gjentekne gonger bede Vesten om langdistanserakettar, som han meiner er nødvendig for å vinna krigen mot Russland.
Samtidig har Russlands president Vladimir Putin varsla endringar i vilkåra for bruk av atomvåpen.
Er du interessert i meir frå Utanriksredaksjonen? Høyr vår siste radiosending:
Publisert 26.09.2024, kl. 13.03 Oppdatert 26.09.2024, kl. 13.08