USA: Iran førebur rakettangrep mot Israel

5 days ago 9



– USA har indikasjonar på at Iran førebur eit ballistisk rakettangrep mot Israel, seier ein høgtståande tenesteperson i Det kvite hus til AFP tysdag.

Ein talsperson for det israelske militæret (IDF) seier dei ikkje har identifisert truslar om luftangrep frå Iran, men at det israelske luftforsvaret er godt førebudd.

– Vi er i full beredskap saman med våre allierte. IDF er førebudd på både angreip og forsvar, seier talspersonen.

Den førebels anonyme talspersonen for Det Kvite Hus seier at dei støttar Israel aktivt mot dette moglege åtaket.

– Vi støttar aktivt tiltak for å forsvare Israel mot dette angrepet, seier tenestepersonen vidare og åtvarar om at eit slikt angrep «vil få svært alvorlege konsekvensar for Iran».

Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage trur at Iran no kjenner på eit sterkt press for å gjere noko.

– Det har vore mange oppfordringar, sikkert frå allierte og andre, om å melde seg på denne krigen. Men vi har jo sett at Iran har halde fast på at dei ikkje vil involverast i krigen, seier ho til NRK.

Ho meiner det er eit spørsmål kor lenge Iran kan sitje på gjerdet og sjå på at Israel no krigar på to frontar, både i Gaza og i Sør-Libanon.

– Men eg trur at Iran har meir enn nok med sitt eige regime, med å halde orden i eige hus, seier ho.

Waage er meir uroa for kva Israel sin statsminister Benjamin Nethanyahu kjem til å gjere.

– Det varslar ikkje godt dei tonane som kjem frå han.

Den norske utanriksministeren, Espen Barth Eide, meiner at situasjonen i heile regionen no er ekstremt alvorleg.

– Det er akkurat den eskaleringa vi har frykta lenge, at vi går frå ein veldig dramatisk situasjon i Gaza og på Vestbreidda til ein meir internasjonal konflikt.

Det sa han på eit pressetreff tidlegare tysdag.

Han understrekar at konflikten ikkje er mellom Israel og Libanon, men mellom Israel og Hizbollah, som har base i landet.

– Over tusen sivile liv har gått tapt, og opp mot ein million menneske er på flukt.

Eide seier det har gått føre seg eit hektisk diplomati frå mange land for å prøve å stoppe Israels bakkeinvasjon, og oppfordra til våpenkvileforhandlingar.

– Nå ser det snarare ut til at våpena skal tale.

Han trur ikkje at Iran, som støttar Hizbollah, naudsynleg ønskjer ei eskalering av konflikten.

– Samtidig veit vi at det kan vere mykje press internt, nå som så mange av Irans allierte i regionen blir direkte angripne.

Publisert 01.10.2024, kl. 16.18 Oppdatert 01.10.2024, kl. 16.29

Read Entire Article