USA fordøyer nytt mogleg attentat: – Eit mirakel at den mannen er i live

2 weeks ago 13



Det kan sjå ut til at ein av USA sine presidentkandidatar har blitt forsøkt drepen to gongar på to månader, seier FBI tidleg måndag morgon.

Ein mann er arrestert etter at tryggingstenesta Secret Service såg eit automatgevær av typen AK-47 stikke ut av buskane, berre nokre hundre meter frå der Donald Trump spelte golf.

Han er identifisert av amerikanske medium, men ikkje offisielle kjelder. Den arresterte personen er ikkje enno sikta.

Attentatmistenkt Ryan Routh

Ryan Routh har blitt identifisert av amerikanske medium som politiet sin mistenkt i saka. Politiet i USA seier dei stoppa ein bil på motorvegen i nærleiken av golfklubben.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters

Også måndag kom Fox News-programleiar Sean Hannity med følgande analyse:

– For å gi deg litt detaljar om det som skjedde under skytinga, ei historie som presidenten har stadfesta: dei høyrde pop, pop, pop, pop. Dei visste at det var eit skot.

– Det er eit mirakel at den mannen er i live i dag.

Den mistenkte etter måndagens hending er ein 58 år gammal demokrat, som lenge hadde eigd våpen og hadde uttalt vilje til reise til Ukraina for å kjempe i krigen der (noko han ifølge Ukraina aldri har gjort).

Ryan Routh ved et minnesmerke i Kyiv

Her er Routh ved eit minnesmerke til ukrainske soldatar i Kyiv, Ukraina. Biletet er teke i 2022.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Korleis politikarane i USA skal handtere dette vidare finst det ingen oppskrift på, skal ein tru analysane som måndag ligg ute i amerikanske medium.

Men journalistane, og deira (tidvis anonyme) kontaktar, meiner dette truleg vil påverke valinnspurten fram til 5. november.

«Grunnlause skuldpåstandar»

Biletet av Trump med blod over andletet og ei knyttneve i vêret hadde ein samlande effekt på Det republikanske partiet i sommar.

Men partiet reagerer på hendingane måndag med «ei blanding av trass, raseri og grunnlause skuldpåstandar», skriv Lisa Kashinsky og Mia McCarthy i Politico.

Det er enno uvisst kva motiv den mistenkte gjerningspersonen hadde for angrepet, og om han er strafferettsleg tilrekneleg.

Trump sier noe i øret til republikaner Elise Stefanik

– Vi må spørje oss sjølve: korleis blei ein attentatmann tillaten å kome så nær president Trump igjen, spør kongressrepresentant Elise Stefanik (h) på X etter hendinga.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Likevel har republikanaren Mike Waltz kopla det mistenkte attentatet med demokratane sine politiske argument i eit TV-sendt intervju på Fox News.

– Retorikken mot president Trump, dette narrativet om at han vil bli den neste diktatoren, den neste framtidige Hitler, må stoppe. Nok er nok, sa han seint i går.

Han hevdar vidare at folkevalde politikarar krev «at Trump blir stoppa koste kva det koste vil», kan «ingen bli overraska over at desse folka blir radikaliserte og tek grep som dette».

Mike Waltz på republikanernes landsmøte i sommer

Republikanaren Mike Waltz er ein av dei som allereie hevdar det mistenkte attentatet kan koplast til demokratane sin retorikk.

Foto: Mike Segar / Reuters

Trump sjølv skreiv etter hendingane måndag: «EG ER ENDÅ MEIR BESTEMT ETTER ENDÅ EIT FORSØK PÅ Å TA LIVET MITT», «EG KJEM ALDRI TIL Å OVERGI MEG».

Men Trump har ikkje same martyrstatus tysdag som han hadde på dei blodige bileta i juli, meiner Politico-journalistane. Dei skriv at han no står politisk svakare som motstandar til Kamala Harris.

Ny kritikk mot Secret Service

Det at den mistenkte attentatmannen klarte å kome seg til ei busk nokre hundre meter vekke frå Trump, har ført til nye spørsmål om tryggingsapparatet rundt han.

Secret Service, som har ansvaret for vern av tidlegare presidentar, blei hardt kritisert etter at Trump blei streifa av ei kule under eit folkemøte i Pennsylvania 13. juli.

Det at dei hadde styrka apparatet med ytterlegare agentar og meir solid etterretning på bakken kan ha vore vesentleg for korleis det gjekk denne gongen, seier «fleire noverande og tidlegare amerikanske tenestefolk» til New York Times.

En Secret Service-agent under Trumps pressekonferanse i Trump National Golf Club i Los Angeles 13. september

Det er Secret Service som har ansvaret for Donald Trump sin tryggleik. Her er ein agent i teneste på Trump National Golf Club 13. september.

Foto: MARIO TAMA / AFP

Ein agent var berre eitt hol framfor Trump på golfbana då han fekk auge på geværløpet som stakk ut av ei busk, ifølge lokalt politi.

President Joe Biden og visepresident (og Trump-utfordrar) Kamala Harris har begge framheva dette som ei positiv endring. Men ikkje alle går med på dette:

– Vi må spørje oss på nytt korleis ein attentatmann var i stand til å kome seg så nærme president Trump, igjen, skriv den republikanske kongressrepresentanten Elise Stefanik i ei utsegn.

– Vi manglar framleis svar etter det forferdelege attentatet i Pennsylvania, og vi ventar ei tydeleg forklaring på kva som skjedde i Florida.

Secret Service-agentar sikrar kampanjearrangement til Kamala Harris.

Secret Service sikrar også arrangementa til visepresident Kamala Harris og president Joe Biden. Her er to agentar under eit kampanje-arrangement i Pennsylvania 13. september.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Tidlegare Secret Service-agent Michael Matranga, som verna om president Barack Obama i hans tid, skildrar hendinga til den same avisa som «utan sidestykke».

Han seier vidare at Secret Service bør «alvorleg vurdere å gi tidlegare president Trump same eller tilsvarande vern som presidenten i USA».

Tvilar på om mange vil ombestemme seg

Politisk reporter Stephen Collinson i CNN skriv i si analyse at hendingar som dei to attentatforsøka vanlegvis kunne generert sympati og kanskje ført til fleire stemmer.

– Kandidatane kjempar om kanskje nokre hundre stemmer i vippestatane, og det er uklart kor mykje rom Trump har til å endre synspunkta om seg, skriv Collinson.

Han legg til at Trump har vore polariserande sidan han gjekk inn i politikken i 2015, men meiner også at han har blitt meir ekstrem i retorikken sidan juli.

– Den tidlegare presidenten kjem garantert til å bruke dei siste hendingane til å underbygge sine grunnlause påstandar om at han er offer for forfølging, skriv han vidare.

Trump-supportere ved Mar-A-Lago

Fleire av Trump sine støttespelarar dukka opp ved heimen hans i Mar-A-Lago måndag kveld.

Foto: Giorgio Viera / Reuters

Også Eirik Løkke, USA-kjennar og rådgivar i Civita, meiner det er vanskelege å seie kva effekten vil vere.

– Det er vanskeleg å seie korleis dette kjem til å utvikle seg. Det eg antek er at USA no er så polarisert at dette ikkje kjem til å påverke veljarane veldig, seier han til NRK.

Men Løkke meiner det seier noko om faren politiske figurar i USA står i:

– Dette kan også føre til andre copycats som prøvar å utføre politiske attentat på denne måten. Så det er farlege tider.

Publisert 16.09.2024, kl. 12.10

Read Entire Article