Uønskt vepseart oppdaga i Danmark – vil ikkje ha han i Noreg

6 hours ago 2



– Det bekymrar oss. Han er ein trussel mot blant anna honningbiene våre, og med det også frukt- og grøntproduksjonen, seier kommunikasjonsansvarleg i Norsk Birøkterlag Astrid Bjerke Lund.

Ho viser til stikkevepsen asiatisk geithams.

Tidlegare i sommar blei han observert for første gong på Fyn i Danmark.

Det var den dansken Birøktarforeininga som varsla om funnet, skriv DR.

Nationen omtalte saka først.

Asiatisk geithams er oppdaget i fler e land i Euorpa, nå er den for første gang oppdaget i Skandinavia.

Mattilsynet og Norsk Birøkterlag er svært interessert i å høyre frå deg om du har sett ein asiatisk geithams i Noreg.

Foto: AFP

– Veldig alvorleg

Den asiatiske geithamsen er så langt ikkje påvist i Noreg. Og han er heller ikkje velkomen hit.

– Han kan gå inn i honningkubane og ta både bier og ynglar, seier Bjerke Lund.

Ho fortel vidare at den asiatiske geithamsen blir opplevd så skremmande for biene at dei ikkje tør å fly ut.

– Om ikkje honningbiene kjem seg ut for å hente nektar og pollen, vil dei ikkje klare seg. Derfor er det veldig alvorleg dersom den asiatiske geithamsen kjem til Noreg, seier ho.

Astrid Bjerke Lund, kommunikasjonsansvarlig i Norges Birøkterlag

– Klimaendringane er utfordrande, så på mange måtar ønsker vi oss kalle vintrar, seier kommunikasjonsansvarleg i Norsk Birøkterlag Astrid Bjerke Lund.

Foto: Angelique Culvin

Vurdert som ein trussel

Vepsearten et også mange insekt og kan dermed forstyrre det naturlege økosystemet.

– Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har vurdert dette som ein trussel, og sagt at om han blir oppdaga, skal han nedkjempast, fortel Bjerke Lund.

Den asiatiske geithamsen kan forvekslast med den europeiske geithamsen, som har var fråverande i Noreg i nesten 100 år, men har no etablert seg fleire stader på Austlandet.

Begge er store vepsar, men den asiatiske geithamsen er litt mindre enn «vår». Enklaste måten å sjå forskjellen mellom dei to, er å sjå på fargane.

Den asiatiske geithamsen har mørk bakkropp, utanom éi gul stripe på baken. I tillegg er han kjend for å ha gule bein.

Den asiatiske geithamsen er mørk på bakkroppen (Til høyre). Den europeiske geithamsen har røde tegninger på bakkroppen (til venstre)

Den asiatiske geithamsen er mørk på bakkroppen (Til høgre). Den europeiske geithamsen har raude teikningar på bakkroppen (til venstre)

Foto: Norbi.no

Meld inn observasjonar

Norsk Birøkterlag oppfordrar folk til å kontakte Mattilsynet dersom dei mistenker å ha sett den asiatiske geithamsen.

– Prøv å ta eit godt bilde av den og send det til Mattilsynet eller oss, seier Bjerke Lund.

Den asiatiske geithamsen har spreidd seg frå Aust-Asia til Europa og blei først oppdaga i Frankrike i 2004.

Sidan har han flytta seg nordover, og er blant anna observert i Tyskland, Storbritannia og nå i Skandinavia.

Kva er forskjellen på geithamsen vi har i Norge og den asiatiske?

  • Kva er forskjellen på geithamsen vi har i Noreg og den asiatiske?

    Den europeiske geithamsen er 25–35 mm lang, med raude teikningar på hovud og forkropp, og ein gul og svart bakkropp. Den kan også vere aktiv om natta. Den asiatiske geithamsen er 25–30 mm lang, med svart hovud og forkropp, og karakteristiske gule bein. Den er hovudsakleg aktiv om dagen.

  • Korleis kan vepsen spreie seg til Noreg?

    Ein parret vepsedronning kan komme som blindpassasjer i ei last frå for ekspempel Asia og Europa, og kan vakne til liv og etablere ein koloni i Noreg.

    Eit vepsebol kan produsere hundrevis av nye vepsedronningar, som har stort spreiingspotensial ved at dei flyg ut og etablerer nye bol.

Klimaendringar

Den asiatiske geithamsen kan komme til Noreg med last frå Asia eller Europa.

Noregs birøktarlag seier at klimaendringar og milde vintrar kan påverke om arten klarer å overleve i Noreg.

Vi tenker ikkje at det er svært høgt sannsyn nå, men vi er nøydde til å vere førebudde i tilfelle det skulle skje. Vi ønsker oss kalde vintrar, avsluttar Bjerke Lund.

Ludvig testar vepsen geithams.

Publisert 08.07.2025, kl. 07.31

Read Entire Article