Unnlét å svare på spørsmål om Netanyahu

1 month ago 19



USA er landets nære allierte i krigen, og har i løpet av eitt år sendt over 190 milliardar kroner i direkte militærstøtte til Israel.

I ei spesialutgåve av programmet «60 Minutes» på CBS, sendt natt til tysdag norsk tid, måtte presidentkandidat Kamala Harris svare på fleire spørsmål om krigen i Midtausten.

Noverande president Joe Biden har fleire gonger bedt Israel inngå ei våpenkvile med Hamas i Gaza. Likevel har Israel heldt fram med krigføringa.

I mai trua presidenten med å stanse våpenleveransane til Israel dersom dei gjekk inn i Rafah, sør på Gazastripa. Han kalla det ei raud linje.

Israel gjekk inn, og våpenleveransane fortsette.

Programleiar Bill Whitaker spør Harris kva USA kan gjere for å hindre at situasjonen spinn ut av kontroll.

– Vel, la oss starte med 7. oktober, seier Harris, før ho går inn i kva som skjedde under terrorangrepet til Hamas.

Ho gjentok at Israel har rett til å forsvare seg, før ho gjentok at krigen må stanse, men utan å svare på spørsmål om kva USA kan gjere.

Svarte ikkje på spørsmål om Netanyahu

Demokratanes presidentkandidat blei også spurd om USA har påverknadskraft på Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

– Vi kjem ikkje til å stoppe med å jobbe for å formidle kor vi står og kva vi meiner er viktig for at denne krigen skal ta slutt, svarte Harris.

Programleiaren følgde opp med å spørre Harris om ho ser på Israels statsminister Benjamin Netanyahu som ein nær alliert. Ho omformulerte spørsmålet før ho svarte.

– Eg trur, med all respekt, at eit betre spørsmål er om vi har ein viktig allianse mellom det amerikanske folket og det israelske folket. Og svaret på det spørsmålet er ja, sa Harris.

Spørsmål om Ukraina-støtte

– Som president, vil du støtte ei innlemming av Ukraina i Nato?

– Det er noko vi må ta tak i viss eller når den tida kjem. Akkurat no støttar vi Ukrainas rett til å forsvare seg mot Russlands uprovoserte aggressjon.

Harris kritiserte Donald Trumps retorikk rundt krigen. Han har ved fleire anledningar hevda at han kan stanse krigen i Ukraina på éin dag.

Den faste valutgåva av «60 Minutes» blei sendt på årsdagen for terrorangrepet mot Israel 7. oktober.

Vanlegvis inneheld programmet intervju med presidentkandidaten frå begge parti. Slik blei det ikkje i år.

Donald Trump trekte seg etter først å ha sagt ja, ifølge CBS.

Publisert 08.10.2024, kl. 05.25 Oppdatert 08.10.2024, kl. 07.26

Read Entire Article