Eit sikkert vinterteikn er barn kledd i ull frå topp til tå.
Men, som NRK har fortalt, barnelege, spesialist i allergologi og instagramprofil Bente Kvenshagen åtvarar mot ullbruken på norske barn.
På Instagram skriv ho at «Min lange medisinske erfaring har vist meg at mange – de fleste? – barn ikkje er tente med å ha ull inst mot huda»
Årsaka er kløe og eksem, utdjupa ho til NRK.
No reagerer berekraftsdirektør Trude Ertesvåg i Devold, ein av Noregs største ullkledeprodusentar, på utspelet til Kvenshagen.
– Kvenshagen har delvis rett når ho seier at foreldre med barn med atopisk eksem må vere forsiktige med bruk av ull direkte på huda, men det gjeld den tjukka ulla. For den tynne ulla, er det tvert imot.
Fin ull klør mindre
Ifølge Ertesvåg i Devold blir det no brukt ultrafin merinoull i ein del ullplagg.
Desse skapar ikkje reaksjonar i huda, og barn med atopisk eksem vil tole dei betre, ifølgje henne.
Det er nemleg ikkje ulla i seg sjølv, men diameteren på fibrane som er avgjer kor mykje ulla klør.
Berekraftsdirektør i Devold seier at finare ull klør mindre.
Foto: Eli BjellandHo viser til at den finaste ulla kan hjelpe til med å handtere atopisk eksem, ilfølge nyare studiar, inkludert ei metastudie av alle tilgjengelege studiar dei siste 100 åra.
– Det dei store medisinske fagmiljøa tilrår, er nettopp bruk av og testing for å sjå på fordelane med ull for barn med atopisk eksem.
Mange sver til ull i kvardagen.
Foto: Anette TorjusenOgså dagleg leiar Cathrine Stange i Janus stillers eg bak studien om at merinoull kan ha positiv effekt på eksem.
– Det er viktig å skilje mellom grovare ullfibrar, som typisk frå norsk sau og finfibrar merinoull, seier ho.
Klesekspert: Få gode alternativ til ull
Professor i klede og berekraft ved SIFO Oslo Met, Ingun Grimstad Klepp, reagerer på at Kvenshagen samanliknar ull med piggtråd mot huda.
– For mange av oss er ikkje ull som piggtråd. Tilrådinga bør heller gå på lågare micron på følsame kroppen.
Ho viser til same studie som Ertesvåg om at merinoull kan vere positivt for barn med atopisk eksem.
Ingun Grimstad Kledd meiner at følsame kroppar bør bruke lågare micron.
Foto: Synne Sørenes / NRK– Det finst ull av ulike typar ull, og for følsame menneske kan ull med tynne fibrar vere bra.
Ifølge hennar er det få gode alternativ til ull, då ull har evne til å ta til seg fukt og framleis halde deg varm.
Enten har ein bomull og viskose, som blir kaldt dersom det blir fuktig, eller ulike syntetiske fiber, altså plast slik som polyester.
– Det er mykje vi ikkje veit om plast, men det vi veit er at klede i plast bidrar til husstøv av plast.
Barnelege held fast på åtvaringa
Barnelege Bente Kvenshagen held på si side fast ved at foreldre bør vere svært varsam med ull på sart hud.
Hennar erfaring viser at også merinoull klør hos ein del barn.
– Men det er riktig at barn – og vaksne – er forskjellige når det gjeld følsemd for ull. Nokon klør av all ull, nokon toler finare ull, men ver svært varsam med ull til barn med sart hud, seier ho.
Barnelege Bente Kvenshagen held fast ved at også merinoull klør for ein del barn.
Foto: PrivatHo avviser at det er naudsynt med ull for å halde varmen, og viser til at i andre kalde land blir ikkje ull brukt.
– Ettersom tørr hud kan vere allergidisponerende, i tillegg til å gi plagar med kløe, er det viktig å utvise forsiktigheit.
Astma- og allergiforbundet: Lytt til barna
Anna Bistrup, seniorrådgjevar i Astma- og allergiforbundet, seier at barn med atopisk eksem bør vere litt ekstra forsiktige med å bruke ull heilt inst mot huda.
– Det viktigaste rådet er å sørge for at huda er fukta med fuktkrem og at ein sørger for å bruke mjuke klede inst mot huda.
Det variere likevel om barn med atopisk eksem klør av ull, ifølgje henne.
Bistrup seier at det viktigaste foreldre gjer er å lytte til barna.
– Når barnet ditt seier at ulla klør, bør ein finne eit anna alternativ.
Publisert 13.01.2025, kl. 18.48