GJESTEKOMMENTAR: Samrøre mellom sjøltilfredse særinteresser kan koste samfunnet dyrt.

Statsminister Jonas Gahr Støre, LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid etter eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Klaus Mohn

    Klaus Mohn

    Rektor og professor, UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Sterke interessegrupper i Noreg er i all hovudsak einige om den store forteljinga om norsk økonomi og samfunn. Samarbeid, dialog og statsfinansierte kompromiss er viktige element i den såkalla norske modellen, eit omgrep som blir brukt utan blygsel på alt frå lønsoppgjer til oljepolitikk. Men også denne medaljen har ei bakside.

Om den norske forvaltninga av oljeverksemd og oljerikdom sa Jens Stoltenberg nyleg at «[…] det er en måte å forvalte inntekter fra naturressurser på som vel ikke finnes maken til i verdenshistorien». Tankane går til Mohammed Ali: «It’s hard to be humble when you are as great as I am.» (Det er vanskelg å vere audmjuk når du er så god som eg er.) Skulle tru han var norsk. For nær sagt alle politikarar kan slutte seg til Stoltenberg si oppsummering, det politiske miljøet er nett like sjølvtilfreds som næringslivet og store delar av fagrørsla.

Les hele saken med abonnement