– Ukrainas rett til sjølvforsvar stoppar ikkje ved grensa til Russland.
Det seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) om nyheita om at USA skal ha oppheva restriksjonar som hindra Ukraina i å bruke langdistanse missil mot mål djupt inne i Russland.
Tillatinga er ikkje kommentert av Det kvite hus, men ifølgje kjeldene er det ein respons på at Russland har utplassert nordkoreanske soldatar for å støtte sine eigne styrkar.
Eide meiner avgjerda er prinsipielt viktig.
–
Sundag ettermidag melder fleire amerikanske medium, mellom anna New York Times og Reuters som har snakka med kjelder med kjennskap til avgjerda.
Utplasseringa av desse soldatane skal ha skapt stor uro hjå amerikanarane og ukrainarane.
New York Times som har snakka med amerikanske tenestemenn, skriv at våpena truleg vil bli brukt mot russiske og nordkoreanske troppar for å forsvare ukrainske styrkar i Kursk-regionen vest i Russland.
Det kvite hus har ikkje kommentert avgjerda.
Hovudlærar ved Krigsskolen, Palle Ydstebø, seier at dette endrar Ukrainas forsvarsevne.
– Det er absolutt ei vesentleg forbetring av forsvarsevna til Ukraina. No har dei våpen som nærast kan kontre den typen langtrekkande våpen som Russland brukar mot ukrainske mål.
Har bede om å få bruke slike missil mot Russland
Ydstebø viser til at den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj har jobba lenge for å få lov til å nytte langdistanse mot Russland.
– Kvifor har han kjempe så hardt for å få lov til dette?
– Då dette kom opp, var det spesielt for å kunne bruke det mot russiske flyplassar innanfor rekkjevidda av desse våpena. Der har russarane operert dei bombeflya dei har brukt til å sleppe glidebomber i Ukraina.
Hovudlæraren meiner òg at dette kan bety ei form for avlasting av dei ukrainske styrkane som er under hardt press, spesielt i Donbas.
Under eit besøk i Washington i september 2024, pressa Zelenskyj for å få lov til å nytte slike våpen mot mål inne i Russland.
Ukraina har tidlegare forplikta seg til å berre bruke desse våpena i ukrainske område som russarane har okkupert, og ikkje mot mål i Russland.
Så seint som i september hadde Joe Biden eit møte med den britiske statsministeren Keir Starmer om temaet.
Då valde dei å ikkje endre på reglane sine om bruk av langdistansemissil.
Nato har heller ikkje tillate bruk av desse missila mot mål i Russland, på grunn av faren for at krigen skal eskalere.
Russland har åtvara om at ei slik oppmjuking vil bli sett på som ei stor opptrapping.
Ydstebø avfeiar det som russisk propaganda.
Han meiner at det er Russland som har eskalert denne krigen, og viser til at russarane har truga med eskalering ved kvar einaste hending, heilt sidan dei fyrste vestlege våpena byrja å kome i mars 2022.
Planlegg eit langdistanseåtak dei komande dagane
Ukraina planlegg sine fyrste langdistanseåtak løpet av dei komande dagane, skriv Reuters.
Ifølgje kjeldene vil dei fyrste åtaka truleg bli utført med ATACMS-rakettar, som har ei rekkjevidd på opptil 306 kilometer, skriv New York Times.
Dette er heller ikkje kommentert av Det kvite hus.
– Sånn eg ser det, så trur eg dei kan bruke dei seriane, kan bidra ganske sterkt til å hjelpe ukrainarane og gje dei betre forhold til å stå imot det russiske presset, både i Donbas og for så vidt òg i Kursk.
Det er snautt to månadar til USA innset Donald Trump som president for andre gong.
Det er uklart om han vil reversere Biden antekne avgjerd når han tek over.
Trump har tidlegare kritisert omfanget av den økonomisk og militær støtte til Ukraina og har lova å avslutte krigen raskt, utan å forklare korleis.
Publisert 17.11.2024, kl. 19.21 Oppdatert 17.11.2024, kl. 20.56