Uefa lo av Bodø/Glimt: – Denne staden kjem aldri til å arrangere ein meisterliga-kamp

1 month ago 20



– Første gong delegatane frå Uefa kom hit, lo dei berre. «Denne staden kjem aldri til å arrangere ein meisterliga-kamp».

Det seier kommersiell leiar i klubben, Ørjan Heldal, i boka «La dei rette komme inn», ei bok om Bodø/Glimt gitt ut tidlegare i år.

Da trur eg dei fleste av oss tenkte «Det skal vi blir fleire om». Det var meir enn nok gratis motivasjon, seier Heldal til NRK.

Delegatane i Uefa (det europeiske fotballforbundet) kontrollerer at klubben har fasilitetar som gjer han rusta til å spele i Europa.

Under sist vekes kamp mot Raude Stjerne sprang ein av representantane til forbundet rundt på stadion og fotograferte dei ulike områda rundt banen både før, under og etter kamp.

På Aspmyra i Bodø har det vore mykje å ta tak i.

Tror du Bodø/Glimt kommer til Mesterligaen?

Håvar inn millionar

Samtidig som Glimt får enorme summar frå Uefa, kjem det europeiske fotballforbundet med ei rekke krav. Dagleg leiar Frode Thomassen har tidlegare uttalt at klubben brukte 20–25 millionar på å ruste klubben for dei to første sesongane sine i Europa.

– Viss det blir meisterliga, så er det noko som må utbetrast, fortel styreleiaren i Bodø/Glimt, Inge Henning Andersen til NRK.

Bodø/Glimts styreleder Inge Henning Andersen fotografert utenfor Røde Stjernes hjemmebane.

STYRELEIAR: Inge Henning Andersen er på plass i Beograd.

Foto: Ola Helness / NRK

Det handlar om å tilfredsstille krav til mållinjeteknologi, videodømming og ei rekke andre fasilitetar for tribunar og presse.

– Har de kontroll på krava?

– Ja, svarer styreleiaren.

Blekke på 104 sider

Tilbake i 2020 såg det heilt annleis ut.

– Uefa sende ein 104 sider lang rapport med «action points». om alt som mangla, seier Heldal i boka «La dei rette komme inn».

Det var eit heilt vanvitig spenn. Alt frå enkeltståande stikkontaktar til store strukturelle endringar, seier Heldal til NRK.

Heldal var på det tidspunktet arrangementssjef i Bodø/Glimt. Dei 104 punkta blei systematisk jobba gjennom, Aspmyra fekk to nye tribunar og i 2021 var klubben og heimebanen såpass forbetra at dei nå kan arrangere semifinale i meisterligaen.

– Den dagen vi stod der med beviset i handa, da kom tårene, fortel Heldal i boka.

Onsdag kan tårene kanskje komme fram for mange med hjartet i Bodø/Glimt viss klubben tar seg til meisterligaen.

Vi er ein klubb i evig utvikling. Vi ønsker å utvikle oss på alle område. Det er ein del av naturen vår. Det er morosamt å jobbe på den måten og sjå moglegheiter framfor avgrensingar, seier Ørjan Heldal, Bodø/Glimts kommersielle leiar, til NRK.

Publisert 28.08.2024, kl. 17.36

Read Entire Article