– Dette er ei stor sak. Rogan er ein av dei største podkastane i verda, seier Terje Colbjørnsen, medievitar og førsteamanuensis på BI.
Elon Musk, Donald Trump, Quentin Tarantino, Mark Zuckerberg, Mr. Beast, Mike Tyson, Snoop Dogg, Edward Snowden, Kanye West, Miley Cyrus, Jamie Foxx og Lance Armstrong.
Det er berre nokre av dei prominente gjestene som har gjesta podkastane til Joe Rogan tidlegare.
Nå er det snart klart for at ein nordmann skal vere med i podkasten for første gong.
– Vi skal ha eit intervju med Joe Rogan 19. februar, seier Jan Henric Buettner til NRK.
Buettner er hovudeigaren bak Freestyle Chess, der Carlsen også har ein mindre eigarpost. Det er turneringane dei arrangerer innanfor fischer-sjakk som skal vere utgangspunktet for episoden, forklarer Buettner.
– Og det er for podkasten hans?
– Ja. Vi skal vere i studioet hans i Texas, svarer Buettner, som i tyske medium tidlegare har blitt beskrivne å ha ein formue på 100 millionar euro – i overkant av éin milliard norske kroner.
Team Carlsen vil ikkje kommentere
NRK har vore i kontakt med Arne Horvei, Magnus Carlsens pressekontakt. Han ønsker ikkje å kommentere saka.
The Joe Rogan Experience har foreløpig ikkje svart på NRKs førespurnad.
Rogan har spelt inn over 2000 episodar av podkasten, sidan han først blei starta julaftan 2009. Podkasten er kjent for dei lange episodane sine, som gjerne varer i fleire timar.
Han har 14,5 millionar følgarar på Spotify, ifølge Bloomberg, og har også 19 millionar følgarar på YouTube. Podkasten blir sleppt på begge plattformene.
– Intervjuet med Trump før valet fekk 38 millionar avspelingar på YouTube i løpet av kort tid. Det er snakk om ein veldig, veldig stor podkastar og ein stor mediepersonlegdom, påpeikar medievitar Terje Colbjørnsen.
Han har tidlegare skrive ein akademisk artikkel om Joe Rogan og strøymeplattforma Spotify.
Colbjørnsen fortel at han er noko overraska over at Carlsen takka ja til å bli med på podkasten til Rogan.
– Samtidig er jo Magnus ein rebelsk type, noko han seinast viste gjennom «jeans-gate». Det passar godt overeins med Rogans tilsvarande rebelske image, seier Colbjørnsen.
I romjula skapte Carlsen overskrifter verda over da han trekte seg frå hurtigsjakk-VM etter å ha blitt straffa fordi han stilte i jeans. Både Elon Musk og Mr. Beast kommenterte dramaet på X da det heile gjekk føre seg.
Saka har fått i ettertid fått namnet «jeans gate».
Omstridd podkastar
Colbjørnsen beskriv den 57 år gamle podkastverten som ein «kontroversiell mediepersonlegdom».
– Han opptrer meir utamt enn ein gjer i «mainstream medium». Han seier kontroversielle ting, kjem med kontroversielle påstandar og han inviterer kontroversielle gjester, seier Colbjørnsen.
Ifølge medievitaren er gjestene ofte på høgresida av det amerikanske politiske spekteret. I tillegg fortel Colbjørnsen at Rogan også har hatt fleire konspirasjonsteoretikarar i studio.
– Det har også vore språkbruk som det har blitt retta sterk kritikk mot. Han bannar, røyker weed og slepper heilt uredigerte podkastsendingar, seier Colbjørnsen om kontroversane.
Og snart kan det bli med Magnus Carlsen i studio.
– Du skjønner jo hvor fæl fyr han er! 01:14
Publisert 13.01.2025, kl. 21.31 Oppdatert 13.01.2025, kl. 21.50