Tvingast til å køyre buss 220 meter: – Det er jo heilt komikveld

1 week ago 10



Utanfor Statsforvaltaren i Nordland står det ein gul buss med plass til eit heilt fotball-lag og vel så det.

Frå heile Bodø by kjem passasjerane. Nokon i bil, andre til fots.

17.05 køyrer den gule bussen frå Statsforvaltaren i Nordland.

17.06 parkerer bussen på endestoppet utanfor Aspmyra stadion i Bodø.

– Det er jo heilt komikveld, seier Freddy Thoresen i Avisa Nordland.

UT PÅ TUR: Den raude streken markerer reiseruta til bussen.

Hygger seg i 30 sekund

Resultatet av ein slik busstur har du kanskje sett på fjernsyn. Når fotballspelarar kjem vandrande ut av buss med ei veske under armen på veg til fotballkamp.

Akkurat denne bussen er lasta full av Bodø/Glimt-spelarar på veg til kamp. Slik er det kvar gong dei speler heimekamp i europacupen.

Bodø/Glimt på vei fra et stopp til et annet.

I RUTE: Bodø/Glimts buss avbilda under den 220 meter lange bussturen.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Det handlar jo om felleskjensla, det å møte opp til kamp saman. Eg synest kanskje det er litt korka med buss, men så får vi hygge oss litt i dei 30 sekunda, seier Bodø/Glimts Villads Nielsen til NRK.

– Det er greitt. Vi får beskjed om at sånn er det, så da bruker ikkje vi noko meir krefter på det. Da parkerer vi der, hoppar i bussen og gjer oss klar til kamp, seier onsdagens heilt Jens Petter Hauge.

– Men litt pussig er det?

– Ja, men sånn er det.

– Det var ikkje 200 steg ein gong

Dei gjer det sånn i den store verda, det kan ein forstå. Her i Noreg blir det heilt «corny», seier Thoresen.

Avisa Nordland har omtalt saka tidlegare. Journalist Freddy Thoresen stod klar utanfor Statsforvaltaren mens Bodø/Glimt-spelarane kom køyrande i tur og orden.

Vi synest det var så tøvete at vi valde å skritte opp distansen. Det var ikkje 200 steg ein gong, fortel Freddy Thoresen i Avisa Nordland, som har målt distansen til 220 meter.

Patrick Berg entrer bussen.

UT PÅ TUR: Patrick Berg entrar bussen i Bodø.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Får ikkje lov til å gå

Fleire av spelarane bur like ved Aspmyra stadion og vandrar derfor den korte distansen til banen. Det får dei ikkje lov til når det blir spelt europacup.

Det er eit krav frå Det europeiske fotballforbundet (Uefa) som gjer at den 220 meter lange bussturen sat opp.

– Uefa vil at vi skal komme samla. Derfor blir det sånn, seier Team Manager i Bodø/Glimt Truls Bjerke.

Han er også med på bussturen. Bjerke står framme i bussen som ein slags buss-vert og deler ut akkreditering som spelarane må ha for å sleppe inn på banen.

Spelarane slepper likevel å kjøpe returbillett; det er ingen krav til å forlate stadion samla.

Publisert 26.09.2024, kl. 05.29

Read Entire Article