I det siste har fleire reagert på køyringa til utanlandske turistar på vinterføre i Lofoten og Vesterålen.
Turistane vinglar, køyrer midt på vegen og er ofte over i motsett køyrefelt.
Dette gjer at politiet er bekymra.
Politistasjonssjef i Vest-Lofoten, Ketil Finstad-Steira har tidlegare sagt til NRK at turistane ikkje har køyreferdigheiter til å køyre i Nord-Noreg, og kallar det livsfarleg køyring.
– Vi er bekymra for at det kan smelle ordentleg. Det trur eg dei som bur i Lofoten også tenker.
Og det gjer dei.
Jan Ottar Olufsen bur på Borg i Vestvågøy og har sjølv observert denne køyringa.
– Det er rett og slett sinnssjuk køyring av turistar i leigebil som set seg sjølv og andre i livsfare. Dagleg.
Sist veke blei han liggande bak ein leigebil på tur mot Leknes, der bilen ofte ligg på feil side av gulstripa.
– På feil side gjennom svingane og bakkane. Det var fleire gonger det kom bilar imot kor det verkeleg var på håret at det ikkje small.
Dette gjer han redd.
– Eg kjenner på redsel. Eller litt sånn sjokk. Eg ser for meg at det går gale når som helst.
Han meiner noko må gjerast.
Krzysia Baszak Woźniak filma denne turisten på køyretur i Lofoten.
Leigde eigen sjåfør
NRK møtte måndag fleire turistar som var ute og køyrde på vegane i Lofoten.
Blant anna Anqi Li og Dhi Chin frå Kina. Dei er i Lofoten for første gong, og hadde parkert ved Hauklandstranda på Vestvågøy.
Men dit hadde dei ikkje køyrt sjølv. Dei hadde leigd eigen sjåfør.
– Vi veit at det er snø og at bilen er stor, så vi er ikkje sikre på at vi kan køyre sjølv, seier Dhi Chin.
– Vi er redde for snøen og den sterke vinden, vi kjenner oss ikkje trygge, fortel Angi Li.
Køyrer sjølv
Ein som har valt å køyre sjølv, er Judy Cho frå Taiwan – sjølv om ho aldri har køyrt på snø før.
– Om ein køyrer sakte er det trygt. Det er ganske lett, er konklusjonen hennar.
Judy Cho frå Taiwan sit sjølv på bak rattet på ferietur i Lofoten. Men det er det ikkje alle andre som burde, meiner fleire i regionen.
Foto: Trude Furuly/NRKMen ho fortel at ho har fått åtvaringar frå bilutleigaren.
– Han fortalde at det skulle snø i morgon. Han sa eg måtte vere forsiktig og ikkje køyre for tidleg, før brøytebilen.
– Trur du det er mange turistar som ikkje har erfaring nok til å køyre i Lofoten?
– Ja, dei fleste av dei. Dei blir for ivrige når dei ser utsikta og vil fange henne på kamera. Da stoppar dei berre bilen utan å ta omsyn til andre bilar, og da kan det bli ulykker. Dei tenker nok for mykje på seg sjølve, og for lite på andre.
– Men det gjer ikkje du?
– Sjølvsagt ikkje.
– Bør ha glattkøyringskurs
I dag er det ikkje anna krav enn at ein må ha godkjent førarkort for å leige bil i Noreg. Olufsen i Vestvågøy meiner det må komme på plass eitt nytt lovverk.
– Eg ser for meg at det må på plass lovar som hindrar turistar å leige bil om dei ikkje har erfaring med å køyre på vinteren. Om du ikkje har glattkøyringskurs eller mørkekøyringskurs, så burde du rett og slett ikkje få lov til å leige bil i Nord-Noreg.
– Vegane er krevjande nok for oss som bur her og har mykje erfaring, men for folk som aldri har vore utanfor eit sånt landskap, så er det heilt gale-Mathias. Dei veit ikkje kva dei held på med, seier Jan Ottar Olufsen som har observert mange turistar på vegane i Lofoten den siste tida.
Foto: Trude Furuly / NRKDagleg leiar i leigebilselskapet Avis i Lofoten, Vegard Robertsen seier dei gjer så godt dei kan med å informere kundar om køyreforholda om vinteren.
– Også har eg respekt for at nokon kan meine at det burde vore gjort meir. Men vi tar trafikksikkerheita på alvor, seier han og legg til:
– Vi har jamleg dialog med kollegaer i Nord Noreg for å diskutere problemstillinga. Vi har samarbeidd med politi og vegvesen, og kontrollerer at kundane våre har lov til å køyre bil i Noreg.
Dei har heller ikkje har lov til å forskjellsbehandle kundane basert på nasjonalitet, ifølge Robertsen.
– På same måte har alle som køyrer bil i Noreg ei plikt til å følge vegtrafikkloven, uavhengig av kor dei kjem frå.
– Ein god tanke
Sal- og marknadssjef i Hertz, Hallvard Nerbøvik seier dei også gjer så godt dei kan med å informere turistane om at køyreforholda kan variere, og be dei ta omsyn og køyre forsiktig.
– Vi vil fortsette å informere og anbefale, men vi kan ikkje overprøve eller sjekke køyreferdigheiter for alle turistar eller andre som leiger bil hos oss, seier Nerbøvik.
Sal- og marknadssjef i Hertz, Hallvard Nerbøvik seier dei alltid anbefaler kundane om å køyre forsiktig og etter forholda.
Foto: HertzMen han seier ideen til Olufsen er ein god tanke.
– Vi har ikkje kapasitet eller mandat til å teste dette på vegner av kundane våre, men det er ein veldig god tanke, og ei utfordring som vi meiner må møtast av ein internasjonal standard, og som fleire enn oss i bransjen bør ta til orde for.
Han seier at her kan Statens vegvesen, politi, Visit Norway, Trygg Trafikk, NAF, med fleire kome på banen og jobbe saman internasjonalt for at standardar blir sette, ikkje minst blir følgde.
– Eg kjenner ikkje minstekrava for å få førarkort i alle land, men som i Noreg så burde det vere eit minstekrav at ein har tatt og bestått glattkøyringskurset.
– Kan ikkje overta ansvar
Ifølge dei store leigebilselskapa Avis og Hertz må ein ha hatt godkjent førarkort i eitt år for å leige bil, men utover det har dei ikkje anna ansvar i dag enn å sørge for at bilen er «skodd» for forholda.
– Vi kan ikkje overta ansvaret for korleis turistar køyrer og bruker bilane våre, dette er informert og regulert i leigevilkåra våre, seier Nerbøvik.
Det seier også den daglege leiaren i Avis i Lofoten.
– Vi kan ikkje ta ansvar for korleis kvar enkelt sjåfør ter seg i trafikken, verken når det gjeld turistar eller lokale leigetakarar. Som sjåfør er ein sjølv ansvarleg for å følge trafikkreglar og tilpasse køyring etter veg og føreforhold, og der ein kjem frå endrar ikkje på det, seier Robertsen.
Dagleg leiar i Avis i Lofoten, Vegard Robertsen seier dei gjer så godt dei kan med å informere kundar om køyreforholda om vinteren.
Foto: Privat– Har de nokon gong nekta turistar å leige bil på grunn av køyrekompetanse på vinterføre?
– Det har opp gjennom åra vore mange eksempel på at leigetakar har vist usikkerheit rundt køyring på vinterføre, og då har vi tilbode oss å vere med ut i bilen for å gi rettleiing. Som regel vil det etter ein gjennomgang og ein liten prøvetur gå bra. Men i nokre få tilfelle har vi saman med kunden komme fram til at den beste løysinga for alle vil vere taxi eller buss, seier Robertsen.
Publisert 10.02.2025, kl. 18.00