Turane til matbutikken er Nordås' mareritt: – Eg kjenner eit ubehag

1 month ago 27



– Det er jo bra for den sosialen angsten òg. Slepp å treffe folk.

– Har du sosial angst?

– Ja, ja, det er ikkje tull heller.

Nordås serverer NRK ein kaffikopp frå espressomaskina som dominerer kjøkkenbenken i leilegheita ved Klepp stasjon på Jæren. Stua er lett innreidd med ein sofa, ein gitar og ein liten reol som blir pryda av VM-bronsen frå Budapest. TV treng han ikkje.

Dagens første av to økter med kjærasten Oda Andersen Lundeby er unnagjorde. Nokre rolege kilometer i nydelege omgivnader langs fjæresteinen på Jæren.

Narve Gilje Nordås og Oda Andersen Lundeby

TRIVST I LAG: Oda Andersen Lundeby og Narve Gilje Nordås fortel om deira første date langs den same ruta. Det blei ikkje noko kyss.

Som vanleg svarar han ope, ufiltrert og med eit lite glimt i auget.

I dag snakkar han om sosial angst, fiaskostempelet han fekk tildelt etter 5.-plass i VM innandørs og dei skyhøge ambisjonane før EM og OL i sommar.

Grøssar av tanken

Men først snakkar han om baksida av VM-bronsemedaljen. Han liker seg best når han kan gjere jobben sin, som er å springe fort i 1500 meter. Nå set 25-åringen ord på kva som plagar han.

– Viss eg går på butikken, så treffer du kanskje kjentfolk ... så blir det sånn small talk, og da kjenner eg eit ubehag knytt til det. Det skal eg innrømme. Det er ikkje alltid likt. Intervju er ikkje eit problem. Det er målretta, det er ein strategi og plan.

– Men det der å treffe kjentfolk ... uff, seier Nordås og grøssar.

Han opplever ubehag, men seier det ikkje hindrar han i det daglege. Viss nokon lurar på åtferda har han ikkje noko problem med å fortelje kvifor:

– Viss eg er litt klein å snakke med, så forstår dei i alle fall kvifor.

– Kva er det som hindrar deg?

– Det sit vel i hovudet, da. Mest sannsynleg.

Usikker rundt diagnose

Asle Hoffart er professor emeritus, psykolog og seniorforskar ved Modum Bad, som har skrive sjølvhjelpsbok om sosial angst. Han meiner det er heilt naturleg å ha angst i spesielle situasjonar.

Asle Hoffart

Foto: Modum Bad

For å bli diagnostisert med sosial fobi, så må det typisk vere hemmande i dagleglivet.

– Ein annan angst er at ein skal oppføre seg klønete eller ikkje ha svar på spørsmål. Det er det angsten hans går på da, at han er redd for smalltalken og at han ikkje har noko å seie. Det liknar på eitt av symptoma som er vanleg ved sosial angst, seier Hoffart til NRK.

Han ønsker ikkje å drive fjerndiagnostisering, men trur neppe Nordås ville fått ein diagnose. Det avheng av kor hemmande og plagsamt det er i kvardagslivet.

Jærbuen trur – i sin yrkesveg – det kan ha positive bieffektar at han unngår enkelte sosiale settingar.

– Du er mindre med folk, mindre smitterisiko, mindre sjanse for at du blir oppe seint ein kveld, mindre sjanse for at du tar vekk fokuset frå trening ...

Narve Gilje Nordås, stranden Jæren

TRIVST PÅ EIGA HAND: Narve Gilje Nordås trenar langs Jærstranden. Han trivst med avstand til folkemassane.

Foto: Fredrik Tombra

Samtidig kjem det med ein pris.

– Sei at du er ute på meisterskap og så skal ein ned og ete i matsalen. Det er så vidt ein ... Ein kjenner på litt ubehag knytt til det, om ein treffer noko kjentfolk. Det kan by på litt utfordringar reint praktisk, men stort sett ordnar det seg. Det er jo ikkje så gale heller. Eg kjem meg jo gjennom kvardagen.

Stempla som fiasko

Da han tok VM-bronse i Budapest sleppte han problematikken. Han budde på eige hotell med trenar Gjert Ingebrigtsen og treningspartnar Per Svela med føreseielege rammer i matsalen, men det er ikkje eit alternativ under OL i Paris. Da må han klare seg sjølv.

Lista før sommaren er lagd så høgt at han helst bør unngå stressmoment.

– Når du blir nummer fem i VM, så er det ein fiasko. Sånn er det. Sånn har verda blitt. Da er det berre å ta det rett. For min del så er det også ein fiasko. Så er det greitt at norsk media er samstemt inn i det, seier Nordås, som fekk fiasko-overskrifter i den største avisa i landet etter Glasgow-VM innandørs.

– Da veit eg at innanfor det eg må gjere, så er alt anna medalje ein fiasko. Og det er greitt. Når du tok medalje i fjor, og eg sprang i 3.29, så er det sånn det må vere.

Dei neste meisterskapane nærmar seg. Det er mindre enn tre månader til EM. OL er litt over fire månader unna. Bronse-Narve går for gull i sommar.

– Eg skal ikkje seie at eg er nokon gullfavoritt, det er ikkje det eg påstår, men eg er ein gullkandidat, på alle vis, til liks med frykteleg mange andre. Eg håpar eg har posisjonen til det enda, for det er jo målet når du står på startstreken.

PS! Narve Gilje Nordås sesongopnar med 5000 meter i spanske Huelva, den 30. april. Deretter spring han 1500 meter under det NRK-sende Diamond League stemna frå Doha, den 10. mai.

Publisert 03.04.2024, kl. 06.42

Read Entire Article