Til veka skal helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøke Brønnøysund og Bodø. Med det går han inn i spørsmåla om sjukehusstruktur på Helgeland og det omdiskuterte PCI-tilbodet i Bodø, skriv Brønnøysunds Avis.
Stortingsrepresentant Siv Mossleth (Sp), som sit i helse. og omsorgskomiteen på Stortinget, deltar på møta i både Brønnøysund og Bodø.
Etter møta med partifellene i Brønnøysund onsdag kveld er det planlagt ein arbeidsmiddag med ordførarar, stortingsrepresentantar, Helse Nord og Helgelandssjukehuset.