2300 nye er ute i streik i dag – Hedda og Eline fryktar første del av ferien ryk

3 weeks ago 19



Lønsoppgjeret kan skape utfordringar for tusenvis av studentar dei neste dagane. Fredag var det klart at partane ikkje blei samde, og 2300 nye medlemmer i fagforeiningane Unio og Akademikerne gjekk frå midnatt ut i streik. Dermed er totalt 3500 i streik.

– Pensum sit i hovudet no, så det hadde vore veldig kjedeleg å utsette det, seier Eline Djønne Lund (20).

Ho studerer for å bli lærar saman med venninna Hedda Klippen Nilsen (23) ved Oslo Met, der fleire tilsette no streikar. Begge er redd for at eksamen, og deretter sommarferien, blir utsett.

– Vi gler oss til sommarferie, så dersom det skulle blitt lenger skule, er ikkje det akkurat det første ein ønskjer, seier Nilsen.

Usikker på kor lenge streiken varer

Opptrappinga av streiken råkar mellom andre politiet, skatteetaten, Nav, NVE, fleire departement – men aller flest innanfor høgare utdanning.

110 av dei er tilsette ved Universitetet i Sørøst-Noreg si avdeling på Bakkenteigen i Vestfold.

Streik i staten 2024

Streikande i Oslo fredag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Den komande veka blir det ein del arbeidsoppgåver som ikkje blir gjort, men vi har førebels ikkje utsett eksamenar, seier kommunikasjons- og marknadsdirektør Reidun Mangrud.

Ho seier eksamensavviklinga vil avhenge av kor omfattande og langvarig streiken blir.

– Har veldig viktige jobbar

Unio tok fredag ut 21 medlemmer i streik. Ved midnatt blei streiken trappa kraftig opp med nesten 1600 nye streikande.

– Medlemmane i Unio har jo veldig viktige jobbar i samfunnet, så dette kjem ein til å merke godt, seier forhandlingsleiar i Unio stat, Guro Elisabeth Lind.

Guro Elisabeth Lind

Forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind i Unio stat seier det kan bli vanskelegare å få pass framover.

Ho seier at det mellom anna kan bli vanskelegare å få pass hos politiet, og viser til at fleire rektorar fryktar for eksamensavviklinga.

Lind ber studentar om å følgje nøye med på informasjonen frå studiestadene sine, og legg skulda for streiken på staten.

– Det er godt dokumentert at utdanningsgruppene i staten ikkje heng med lønsmessig med andre grupper i samfunnet, seier ho.

Ho håper at dei snart kan komme tilbake til forhandlingsbordet, men meiner utspelet ligg hos motparten.

Har behandla mange dispensasjonssøknader

Over 1200 medlemmer frå Akademikerne gjekk ut i streik fredag. Ved midnatt kom nesten 700 nye medlemmer med. Mange av desse jobbar i departement og tilsyn.

Kari Nordli, leder i Akademikerne Stat

Kari Nordli, som er leiar i Akademikerne Stat seier dei har fått mange søknader om dispensasjon frå streiken gjennom helga.

Foto: Hanna Johre / NRK

– Det er heilt tydeleg at arbeidsgjevarane meiner medlemmane våre er viktige, for vi har behandla løpande gjennom heile fredag, laurdag og søndag mange dispensasjonssøknader, seier Kari Nordli, som er leiar for Akademikerne Stat.

Ho seier streiken ikkje skal gå ut over liv og helse, men at treigare saksbehandling og uløyste oppgåver er noko av den venta effekten av streiken.

–Vil ha lik lønn for likt arbeid

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland har uttalt at årets statsoppgjer som kanskje det vanskelegaste han har leia.

Mats Ruland

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland seier oppgjeret er krevjande.

Foto: NTB

Ei av hovudårsakene til streiken er usemje rundt tariffavtalane. Staten vil at alle dei fire arbeidstakarorganisasjonane skal ha lik avtale.

– Det er best med ein avtale, det er enklaste, det er mest effektivt og minst byråkratisk. Ein avtale sikrar at absolutt alle får lønsauke, og at ein får lik lønn for likt arbeid, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Også Tung seier dei gjerne vil tilbake til forhandlingsbordet.

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap), kommenterer bruddet i oppgjøret.

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) held fast på at det er viktig med ein felles tariffavtale.

Foto: NTB

Leste til eksamen i timevis

I Oslo brukte lærarstudentane Hedda Klippen Nilsen og Eline Djønne Lund heile søndag til eksamenslesing, berre med ein kort pause med is.

Dei kryssar fingrane for at dei kan gjennomføre eksamen i kroppsøving onsdag, og at streiken blir kortvarig.

– Det er kanskje difor dei tek ein slik streik i nærleiken av eksamen – for å få merksemd, slik at dei faktisk blir høyrt, seier Eline Djønne Lund.

Streikemateriell frå Unio

Her blei streikemateriellet til Unio lagt klar søndag kveld.

Foto: Julia Muggerud / NRK

Publisert 27.05.2024, kl. 06.00

Read Entire Article