Trump vil legge ned utdannings­departementet

11 hours ago 4



Ordren vil la utdanningsminister Linda McMahon «ta alle naudsynte steg for å stenge utdanningsdepartementet og gi utdanningsmyndigheit tilbake til statane».

Samstundes kjem det fram at medan dette skjer så skal dei halde fram å sikre «effektiv og uavbrutt levering av tenester, program og ytingar som amerikanarane er avhengige av».

I tillegg kjem det fram i utkastet til presidentordren at alle program eller aktivitetar som får midlar frå departementet, ikkje «skal fremje DEI eller kjønnsideologi».

Linda McMahon som snakker inn i en mikrofon

Linda McMahon blei godkjent som utdanningsminister i Senatet med 51 mot 45 stemmer.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP / NTB

Møter sterk motstand

Prosessen med å legge ned departementet kjem likevel ikkje utan kamp.

For at utdanningsdepartementet skal kunne leggast ned så må Kongressen gi grønt lys. Det var nettopp Kongressen som oppretta departementet i 1979.

Publisert 20.03.2025, kl. 02.12 Oppdatert 20.03.2025, kl. 02.30

Read Entire Article