Donald Trump har landa i Saudi-Arabia

7 hours ago 4



USAs president Donald Trump har no landa på saudisk jord.

I løpet av dei neste dagane skal Trump innom tre oljerike Golfland. Første stopp er Riyadh i Saudi-Arabia, før turen går vidare til Doha i Qatar og Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.

Leiarane av dei tre landa har alle forsøkt å utvikle personlege relasjonar til den amerikanske presidenten. Til saman har dei lova billionar av dollar i investeringar i USA, og tatt på seg rolla som meklarar i konfliktar Trump gjerne vil løyse, både i Gaza, Ukraina og Iran.

Forretningsreise

Sjølv om USA har involvert seg i fleire konflikter i regionen, har ikkje Trump lansert noko tydeleg utanrikspolitisk mål for reisa.

Det han har snakka mykje om, er forretningsavtalane han håpar å få i land.

Han skal ha sagt til rådgivarane sine at han vil ha inn over ein billion amerikanske dollar i kontraktar.

En mann og kvinne i kapper

Biletet av Saudi-Arabias kong Salman bin Abdulaziz al-Saud og Trump på Saudi-U.S. Investing Forum 2025 i forkant av Trumps beøsk.

Foto: PESHA MAGID / Reuters / NTB

Fleire gongar i januar og mars lufta han også summen éin billion dollar som sitt mål for saudiske investeringar i USA. Dette er storleiken på heile Saudi-Arabia sitt brutto nasjonalprodukt, ifølge Verdsbanken.

I forkant av Trumps besøk har USAs finansminister Scott Bessent deltatt på det såkalla Saudi – U.S. Investing Forum 2025 i Riyadh.

Besøker ikkje Israel

Trump skal ikkje besøke USAs hovudallierte i Midtausten, nemleg Israel. Dei siste vekene har forholdet mellom dei to landa vist teikn til å vere anstrengt, med tydelege usemjer rundt Israels krigføring i Gaza.

Folk som ser på et fly

Folk følger med på direktesending av landinga i Riyadh.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP / NTB

Over helga blei det klart at USA har vore i direkte samtalar med Hamas, samt Qatar og Egypt, om ei våpenkvile i Gaza, oppheving av Israels naudhjelpsblokade og lauslating av dei siste gissela.

Vurderer omveg

Måndag sa Trump at søndagens samtalar mellom USA og Iran om ein ny atomavtale gjekk «bra». Han sa også at USA også kan vurdere å heve sanksjonane mot den nye overgangsregjeringa i Syria.

Syria er også eit viktig tema for dei tre golfleiarane, som har stilt seg bak den nye regjeringa, leia av Ahmed al-Sharaa.

Trump sa også at han kanskje ville ta ein omveg på reisa si for å delta i samtalane mellom Russland og Ukraina som skal skje i Istanbul på torsdag. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har sagt at han håpar Trump vil vere der.

Publisert 13.05.2025, kl. 08.56 Oppdatert 13.05.2025, kl. 08.58

Read Entire Article