President Donald Trump varsla i forkant at han trudde politiet hadde pågripe den mistenkte, i eit intervju med Fox News.
Ifølge han blei personen angitt av nokon som stod han nær. Trump sa også at tipsaren var ein prest og at faren til den pågripne har samarbeidd med myndigheitene.
Ifølge Trump var det nokon som stod nær den pågripne som anga han til politiet.
Han sa også at tipsaren var ein prest, og faren til den mistenkte har også samarbeidd med myndigheitene.
– Eg kan alltids ta feil, eg fortel berre det eg har høyrt, seier han.
Trump seier at politiet har pågripe ein mistenkt for drapet på Charlie Kirk, i eit intervju med Fox News.
Foto: FOX NEWSPolitiet har jakta på skyttaren som tok livet av aktivisten Charlie Kirk under eit universitetsarrangement sidan onsdag kveld norsk tid.
Skotet mot Kirk skal ha blitt avfyrt frå eit tak på campus. Ein video som sirkulerer på nettet viser korleis Kirk blir treft i halsen mens han snakka til folkemengda.
Sidan har to andre menn blitt pågripne og avhøyrde, for så å ha blitt sett fri igjen. Dei har ikkje hatt noko med drapet å gjere, seier politiet.
Stort press
Charlie Kirk var ein politisk aktivist og medieprofil på den ytre høgresida i USA, og mest kjend for å ha grunnlagt den verdikonservative organisasjonen Turning Point USA.
Han stod sentralt i å rekruttere unge veljarar til å stemme på Det republikanske partiet sist val. Han var også ein nær venn av både Trump og fleire andre profilar i partiet og i Maga-rørsla.
Trump seier i intervjuet med Fox at han håpar personen blir funnen skuldig og får dødsstraff.
Guvernør Spencer Cox i Utah har tidlegare bekrefta at dei ønsker dette.
Donald Trump og Charlie Kirk i mars 2018.
Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTBEtter kvart som etterforskinga av attentatet har gått føre seg, har FBI-direktør Kash Patel kunngjort at han sjølv vil reise til Utah for å følge etterforskinga.
FBI gjekk ut på torsdag og bad offentlegheita om hjelp i etterforskinga. Dei lova ein dusør på opp til 100.000 dollar for all informasjon som bidrar til at gjerningspersonen blir identifisert og arrestert.
Seinare same dag publiserte dei ein overvakingsvideo som dei seier viser gjerningspersonen flykte etter drapet.
Utah Department of Security har publisert desse bilda av det dei mistenker er gjerningspersonen.
Foto: Utah Department of Public Safety / Reuters / NTBPublisert 12.09.2025, kl. 14.08 Oppdatert 12.09.2025, kl. 14.58