Trump og Harris reiser vestover for å sanke latinamerikanske stemmer

2 weeks ago 10



Fem dagar før valet reiser både Kamala Harris og Donald Trump vestover for å vinne veljarar i vippestatane Nevada og Arizona.

Innvandring og grensekontroll vert sentrale tema i desse statane som grensar til Mexico, når presidentkandidatane prøver å nå ut til latinamerikanske veljarar.

Ein veljargruppe som utgjer 25 prosent av veljarane i Arizona og 20 prosent i Nevada, ifølgje amerikanske Pew Research Center.

Latinamerikanarar har tradisjonelt vore meir på linje med Demokratane, men den siste tida har målinga vist ei tydeleg dreiing i republikansk retning.

Jennifer Lopez oppmoda til å røyste

Harris heldt valkampkonsertar i Phoenix i Arizona og Las Vegas i Nevada. I tillegg tala ho i byen Reno i Nevada.

Med popstjerne og skodespelar Jennifer Lopez lokka ho veljarar med latinamerikansk bakgrunn over til Demokratane på scena i Las Vegas.

Lopez som har foreldre frå Puerto Rico, støtta Harris offentleg etter komikaren Tony Hinchcliffe kalla Puerto Rico ein «flytande søppeløy» under Trumps valmøte i Madison Square Garden i New York City sundag.

Lopez snakka mellom anna om kor viktig det er å bruke røysteretten.

– Eg har sett korleis makt verkar i dette landet. Dei elskar at de gjer ingenting. Å ikkje stemme er eit samtykke, sa Lopez.

– Di stemme er di makt, sa ho vidare.

Jennifer Lopez for Harris

Jennifer Lopez talte på valkampmøte for den demokratiske presidentkandidaten, USAs visepresident Kamala Harris, i Las Vegas, Nevada, USA, 31. oktober.

Foto: David Swanson / Reuters

I tillegg spelte banda Los Tigres del Norte og Maná, begge med røter frå Mexico.

Harris fokusert på helse, og åtvara veljarane om at Trump vil kutte i helsetilbod viss han vinn presidentvalet.

Ho viste til at han tidlegare har prøvd å forkaste Affordable Care Act, betre kjent som Obamacare under hans presidentperiode.

Lopez for Harris i Nevada

Harris klemmer Jennifer Lopez på eit valkampmøte i Las Vegas, Nevada, USA, 31. oktober 2024

Foto: DAVID BECKER / AFP

Helsetilbod for alle amerikanarar står på spel i dette valet.

På sin plattform Truth Social, nekta Trump for å ha planar om å fjerne Obamacare.

Under ein TV-debatt i september at han kalla Obamacare for «dårleg helseomsorg».

Han har heller ikkje lagt fram eit konkret alternativ for programmet.

Trump heldt valmøte i «Demokratisk» stat

I tillegg til valmøte i Nevada og velgjerdsarrangement i Arizona besøkte Trump byen Albuquerque i New Mexico – ein stat som ikkje har hatt republikansk fleirtal sidan 2004.

Det er fyrste gong han besøker staten sidan valkampanjen i 2020.

I valkampmøte i Albuquerque spurde han dei frammøte om dei føretrekkjer å bli kalla for «Latinos» eller «Hispanics».

Høyr Trump fri til latinamerikanske veljarar i New Mexico.

Målingar i New Mexico tyder på at Harris har fleirtal, men Trump forsøkte å vinne støtte frå latinamerikanske veljarar der.

Eg elskar hispanics. Dei er hardtarbeidande, sa Trump, som tidlegare denne veka møtte motreaksjonar frå puertoricanarar etter ein rasistisk kommentar frå ein oppvarmingstalar, der Puerto Rico vart kalla ei «flytande øysøppel».

Trump in Albuquerque

Tilhengarar lyttar medan Trump talar på eit valkampmøte ved Albuquerque, 31. oktober 2024.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

– Dei er varme – nokre gonger er dei for varme, om du vil vite sanninga, sa han.

I Arizona satsar Trump på at frustrasjonar over Biden- og Harris-administrasjonen sin innvandringspolitikk vil svinge grensestaten tilbake i hans favør etter at Biden slo Trump der i 2020.

Publisert 01.11.2024, kl. 06.29 Oppdatert 01.11.2024, kl. 08.15

Read Entire Article