Trump og enkja etter Charlie Kirk avslutta minnemarkeringa

1 week ago 6



Allereie før sola stod opp var det lange køar utanfor State Farm stadion i Phoenix, Arizona. 63.000 menneske møtte for å minne Charlie Kirk.

Drapet på den amerikanske høgreaktivisten førre veke har skaka USA.

Donald Trump kalla det ein «vanskeleg dag» før han reiste til Arizona for å delta på minnemarkeringa. Fleire høgståande personar i Det kvite hus deltek – eit teikn på at drapet på Kirk har fått stor merksemd.

Et banner av Charlie Kirk henger ned fra stadiontaket

Eit banner heng frå taket i stadionet og viser eit bilete av Charlie Kirk.

Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB

Tilgjev gjerningspersonen

State Farm stadion var fylt av menneske timar før den offisielle markeringa starta. Medan dei venta, song fleire artistar kristne lovsongar til publikum.

Nokre gret medan andre heldt hendene i vêret og song med.

På programmet, som byrja klokka 20.00 norsk tid, var ei rekkje høgstståande folk frå Trump-administrasjonen, religiøse leiarar og andre fjernsynspersonlegheiter – alle med sterke assosiasjonar til Trump-administrasjonen.

Også ei tydeleg prega enke, Erika Kirk, tala under seremonien. Ho hadde ein beskjed til gjerningspersonen som drap ektemannen hennar:

– Eg tilgjev han fordi det var det kristus gjorde. Svaret til hat er kjærleik, sa ho før ho brast saman i gråt medan publikum applauderte.

Enka Erika Kirk sa at ho tilgjev gjerningspersonen som drap Charlie

Ho skildra sjokket ho kjente på då ho fekk vite at ektemannen og far til dei to døtrene deira, var drepen. Ho sa også at ho kom til å vidareføre misjonen til Kirk me å halde diskusjonar på universitet.

Trump: – Eg hatar motstandarane mine

Fire og ein halv time inn i minneseremonien, gjekk president Donald Trump på talarstolen.

– Charlie blei drepen for å snakke sanninga han hadde i hjartet sitt, sa Trump.

Han kalla gjerningspersonen for eit «radikalisert, kaldhjarta monster».

USAs president Donald talte på minneseremonien til Charlie Kirk

Trump fortalde at han er ulik Charlie Kirk i ein ting.

– Han hata ikkje motstandarane sine. Han ville dei beste for dei. Det var derfor eg var usamd med Charlie. Eg «hatar» motstandarane mine, sa Trump

Trump usamd med Charlie Kirk om motstandarane

Kirk tipsa Trump om Vance

Det var Charlie Kirk som gjorde Trump merksam på JD Vance som no er visepresident. Vance var ein nær venn av Kirk, og, oppsummerte markeringa slik:

– Vi trudde vi kom til ei gravferd, men i staden for, mine venner, at vi hatt ei feiring av Charlie Kirk og hans herre Jesus Kristus.

  • ein person som snakkar inn i ein mikrofon

    Utanriksminister Marco Rubio sa at Kirk hadde visdom som tek «ei livstid å skaffe seg».

    Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB
  • ein mann i dress og slips

    Pete Hegseth hadde mange varme ord å dele om Charlie Kirk.

    Foto: John Locher / AP / NTB
  • ein person som snakkar inn i ein mikrofon

    Den kontroversielle visestabssjefen Stephen Miller sa Kirk

    Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB
  • Tucker Carlson med open munn

    Tidlegare Fox News politisk kommentator og medieprofil Tucker Carlson tala under minneseremonien.

    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP / NTB
  • Susie Wiles står på et podium

    Susie Wiles er stabssjef i Det kvite hus og er sjeldan å sjå offentleg. Under minneseremonien sa ho at Kirk var viktig for at Trump vann valet i 2024.

    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP / NTB

– Vi er alle Charlie, sa Donald Trump jr. frå talarstolen.

Den første talaren for markeringa var pastoren til Kirk, Rob McCoy. Han sa Kirk blir hugsa som ein trufast kristen.

– Charlie var aldri redd fordi han visste at han var trygg i Guds hender, sa McCoy.

Fotballstadion med mange menneske.

63.000 menneske møtte for å minne Charlie Kirk i ein fleire timar lang seremoni.

Foto: AFP

– Dette er ei reindyrka Maga-minnemarkering med folk frå organisasjonen til Kirk, religiøse støttespelarar og mange viktige personar frå Trump-administrasjonen, seier jurist og USA-ekspert Sofie Høgestøl.

Den offentlege minnemarkeringa er gratis og open for alle, men det er særleg unge republikanarar som har møtt opp.

Konservativ kristen nasjonalist

Kirk var for mange kjend gjennom TikTok og andre sosiale medium der han inviterte til diskusjonar. Etter drapet har han blitt hylla for å legge til rette for diskusjonar på kryss av politisk overtyding.

Han var også vert i podkasten The Charlie Kirk Show der han inviterte til diskusjonar i daglege tretimarslange episodar.

Visepresident J.D. Vance var vert for ei episode av podkasten 15. september, fem dagar etter drapet.

JD Vance sitter ved et bord med flagg bak seg

J.D. Vance var vertskap for ei episode av The Charlie Kirk Show berre dagar etter Kirk blei drepen.

Foto: Doug Mills/The New York Times / The New York Times / AP / NTB

Sjølv var Kirk ei stemme for konservative og kontroversielle meiningar frå høgresida. Han blei også omtala som ein kristen nasjonalist.

Spørsmål og svar

  • Hvem var Charlie Kirk?

    Charles James Kirk (31) var en konservativ og høyreorientert aktivist fra USA.

    Han stod bak podkasten «The Charlie Kirk Show» og ble regnet som en trofast støttespiller for president Donald Trump.

    I 2012 grunnla Kirk organisasjonen Turning Point USA, som siden har vokst til å bli en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.

    Kirk var gift med Erika, og har to barn på 3 og 1 år.

  • Hva er Turning Point?

    Turning Point USA er en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.

    På egne nettsider opplyser organisasjonen at de har over 800 lokallag på universiteter på tvers av USA. Lokallaget ved universitetet i Orem har 150 aktive medlemmer, ifølge Turning Point.

    Organisasjonen står også bak nettsiden «Professor Watchlist», som har et formål om å eksponere det organisasjonen mener er radikale akademikere.

    Turning Point var blant dem som fremmet påstanden om at det var juks som ga Joe Biden seieren over Trump i USA i 2020.

  • Hvilket arrangement deltok han på?

    Kirk var på turné med «The American Comeback Tour», som han etter planen skulle reise rundt i USA med.

    I forkant av arrangementet på Utah Valley University (UVU) ble det opprettet en underskriftskampanje mot besøket hans. I overkant av 900 personer skrev under, og kritiserte universitetet for å gi Kirks «splittende og marginaliserende retorikk» en plattform.

    Under arrangementet oppfordret Kirk til diskusjon og åpnet for debatt med folk som var uenige med ham.

  • Hvorfor var han så kontroversiell?

    Kirk var kjent for å reise rundt og debattere meningsmotstandere, ofte på universiteter rundt i USA. I en video som har spredt seg etter hans død, understreker han viktigheten av dialog - også med dem man er uenig med.

    Samtidig var han også kjent for svært konservative og kontroversielle meninger og utsagn.

    Han ytret blant annet sterkt negative synspunkter om homofile og andre minoriterer, mente at religionsfriheten burde innskrenkes, at kvinner bør underkaste seg sin mann og spredte desinformasjon om koronaviruset.

    Kirk var også en sterk forkjemper av retten til å bære våpen, som i USA er et eget punkt i grunnloven. Han mente denne retten var så viktig at den var «verdt» noen skytevåpen-relaterte dødsfall hvert år.

– Kirk hadde ei unik evne til å samle mange greiner innanfor Maga-rørsla, seier Høgestøl.

Gjennom minnemarkeringa blei han hylla som ein martyr av Maga-rørsla då han blei skoten og drepen under eit arrangement på Utah Valley University, onsdag førre veke.

31-åringen var frå Chicago, men hadde eit tett forhold til Arizona. Kirk sin politiske organisasjon Turning Point hadde base i delstaten. Han gifta seg også med kona si i Arizona.

Ein trufast Trump-tilhengar

Kirk blir skildra som ein nær alliert av Donald Trump og den amerikanske presidenten har engasjert seg mykje i saka.

Det var Trump som kunngjorde på Truth Social at Kirk var skoten og seinare at han døydde på sjukehuset. I eit intervju med Fox News var han den første til å kunngjere at den mistenkte gjerningsmannen var sett i varetekt.

Trump skal også vere den siste til å tale på minnemarkeringa i kveld.

en person i dress som går med en gruppe mennesker

Den amerikanske presidenten Donald Trump sa at det kom til å bli ein vanskeleg dag.

Foto: Kent Nishimura / Reuters / NTB

– I dag skal vi feire livet til ein stor mann, sa Trump til frammøtte journalistar før han reiste til Arizona.

Støre oppmodar om respekt

Statsminister Jonas Gahr Støre er i USA før FN-møtet som skal vere komande veke.

– Det er store spenningar i dette landet som er blitt ytterlegare forsterka etter dette drapet, seier han til NRK.

Jonas Gahr Støre i en togvogn

Jonas Gahr Støre er i USA og peikar på at leiarane i landet har eit ansvar for å halde dei politiske spenningane nede etter drapet på Kirk.

Foto: Pontus Höök / NTB

Trump har dei siste ti dagane til å klandre den «radikale venstresida» for drapet på Kirk. Mange fryktar at drapet på Kirk skal skape enda djupare splitting i eit allereie polarisert USA.

Støre understrekar at ein må ha respekt for at familien og tilhengarar har behov for å sørge, men at alle har eit ansvar for å ikkje uttrykke seg slik at konflikten dreg seg til.

– Det er store ting på spel. Ytringsfridom, retten til å uttale seg, media sin rett til å uttrykke seg. Leiarar må ta ansvar for å halde desse spenningane nede, seier Støre.

Lyst å lære meir om kven Charlie Kirk var og korleis han blir hugsa? Høyr den siste episoden frå podkasten Urix her:

Publisert 21.09.2025, kl. 19.36 Oppdatert 22.09.2025, kl. 04.24

Read Entire Article