KOMMENTAR: Må vi sjekka med 1930-talet før vi reagerer? Kryssa av på eit skjema om at rett ting skjer i rett rekkefølge? Og viss ikkje, setja oss i Teslaen, køyra ein tur og venta på at det går over?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Det kan vera det berre er ein skitstorm, det meste av det Donald Trump ropar ut til verda nå. Om at USA treng Grønland, og difor kan forsyna seg med Grønland. Om at USA vil overta Gaza, gjera det til Midtaustens riviera, og flytta palestinarane «til ein vakker stad.» Om tidlegare ralling om at innvandrarar frå Haiti et kjæledyra sine.
Det kan vera alt det der, berre er ralling og brutal sabelrasling frå ein president som er altfor svak til å klara å vera president, slik Ezra Klein i The New York Times meiner, og som kollega Jan Zahl støttar seg på.
Men det er likevel skadeleg. Djupt, djupt skadeleg. For rallinga reduserer andre menneske til noko mindre enn menneske. Alt før den eventuelt blir følgt av handling. Det gjeld aldri oss, det gjeld dei andre. Dei blir fort til ei gruppe, utan eigne ansiktstrekk, gjerne stemmelause, og i alle fall ei gruppe vi kan utstyra med felles karaktertrekk og eigenskapar. Og strippa for andre. Til vi tar avstand frå dei. Til dei ikkje lenger høyrer med. Til deira livsvilkår og lagnad er irrelevante for oss.
Det er usivilisert. Det knekker ikkje berre menneske, men også liberale demokrati.
Dei utsette
«I Springfield spiser de kattene. De spiser hundene. De spiser kjæledyrene til dem som bor der.» Det sa Trump i ein tv-debatt i september i fjor. 70 millionar høyrde han seia det. Han snakka om flyktningane frå Haiti. Dei 15.000 som er i Springfield. Som Trump meiner er i USA ulovleg. Det stemmer ikkje, dei har midlertidig opphaldsløyve, på grunn av krisa på Haiti. Og ryktet om at dei et andres kjæledyr, stammar frå ein skjermdump av ei melding, lagt ut av ein 35-åring som seinare innrømte at det berre var eit rykte ho hadde høyrt, og ho sletta meldinga. Trump brukte den likevel. Han vil massedeportera dei. Det synest lettare å massedeportera ei gruppe menneske som et andres kjæledyr, enn ei som ikkje gjer det.
I Springfield rann bombetruslane inn etter den presidentdebatten, mot barneskular og offentlege bygg. Maskerte og væpna nynazistar marsjerte gjennom byen midt på lyse dagen, haitiarar fekk politiet på døra fordi anonyme tipsarar ringde inn falske skuldingar om dei.
Når er du i fare då? Når er ungane dine i livsfare? Når nokon har degradert deg og gruppa du tilhøyrer til noko langt mindre enn menneske, men ikkje ennå har gjort ord til handling?
Når du ikkje er utsett på grunn av meiningane dine, eller ytringane dine, eller fordi du sjølv har valt å ta ei offentleg rolle. Du er utsett fordi nokon har stempla deg som mindre enn eit menneske. Du kan ikkje trekkja deg ut. For det er noko av det uforanderlege ved deg som er stempla. Du et andres kjæledyr fordi du er frå Haiti.
Drahjelpa
Ryktet frå Springfield blei spreidd i rekordfart. For vi har sterke og effektive verktøy til det. Vi har sosiale medium. Der det enklaste i verda er å piska opp ei stemning. Algoritmane går etter følelsar – kva slags innlegg vekkjer dei sterkaste følelsane? Kva med innlegg som påstår at ei lita folkegruppe et andres kjæledyr? Sprei det! Få det opp og rundt og fram! Fort! Og kva med eit innlegg om å gjera krigsherja Gaza om til Midtaustens riviera? Og flytta to millionar palestinarar til «ein vakker stad»? Det kan bli full fyr! Altså suksess!
Det siste kom nå nettopp. Trump har vore i møte med Netanyahu, og han forkynte etterpå at USA skal overta Gaza, når Netanyahu er ferdig med å kriga (om han nokosinne blir det). Gaza skal bli eit mekka for jobbar og turisme. Palestinarane bør flyttast til land som Jordan og Egypt.
Han gjorde palestinarane til ei gruppe kveg. Dei kan jagast. Transporterast bort. Flyttast til ei anna mark.
Det er heilt vilt. Og det er sjølvsagt dehumaniserande.
Likevel leitar vi og leitar og kikkar tilbake til 1930-talet, og finn kanskje at nei, det ser ikkje ut til at dette frå Trump er sett i system, at det er gjennomtenkt, at det er ein plan her. Eller nei, det ser ikkje ut til at Trump kan gjennomføra alle ville planar, det er berre ein skitstorm, vi skal alle bli så overvelda at vi blir lamma og ikkje orkar prøva å forholda oss til alt som kjem vår veg. Det er ikkje så farleg, set deg i Teslaen din, trekk pusten djupt, og vent på at det går over.
Men dehumanisering skadar alltid. Og det er farleg. I seg sjølv.
Legg bort alle skjema!
Poenget? Vi treng ikkje sitja på gjerdet og venta på neste steg, og neste steg, og neste steg, før vi reagerer.
For nokon av oss er det ein slags grufull kuriositet at han kan påstå at ei gruppe flyktningar et andres kjæledyr. Men for andre er det livsendrande. Det gjer dei til levande målskiver. Sjølv om det ikkje skulle liggja ein plan bak utspelet. Sjølv om det ikkje blir følgd opp av handling frå han som først sa det.
Nei, eg trur ikkje vi kan få Trump til å slutta med det. Men vi treng heller ikkje utstyra oss sjølv med eit slags skjema over teikn og handlingar som må følgja etter kvarandre, før vi ser at det er fare på ferde. Dehumanisering betyr at det er fare på ferde. Vi må vita det, vi som er blant dei som ikkje først kjenner det på kroppen. Vi som i det minste har stemme til å seia det høgt.
Publisert:
Publisert: 10. februar 2025 18:08