Trump får truleg flest enkelt­stemmer: – Eit lite jordskjelv

2 weeks ago 7



Det kan ta ein heil månad å telje absolutt alle stemmene i det amerikanske valet.

Men foreløpige resultat viser at Donald Trump ikkje berre har vunne årets presidentval – han har truleg også fått flest enkeltstemmer og vinn altså «the popular vote».

– Å vinne folkestemma var veldig fint. Ei stor kjensle av kjærleik, sa Trump frå talarstolen under sigerstalen sin i Florida onsdag morgon.

APs målingar viser at Trump så langt har fått 72,6 millionar stemmer medan Kamala Harris har fått 67,9 millionar

No er det berre oppteljinga i Nevada og Arizona igjen. Trump leiar også her.

unge menn klemmer kvarandre. dei har på blåe dresar og raude Trump-capsar

UNGE MENN: Donald Trump prøvde særleg å appellere til unge menn i valkampen. Her feirar Trump-tilhengarar under ei valvake i Wisconsin.

Foto: Andy Manis / AFP

Førre gong Trump vann valet var det motkandidat Hillary Clinton som fekk flest stemmer.

«Eit lite jordskjelv»

Trump var sjølvsikker på at han kom til å vinne valet denne gongen. Men at han skulle få flest enkeltstemmer, hadde verken ekspertane eller Trump sjølv spådd.

Måndag erkjente Trump at det ville bli vanskeleg å få flest stemmer, fordi han ikkje er populær i dei tre mest folkerike delstatane.

– Når Demokratane er størst i New York, Illinois og California, vinn dei automatisk, tåpeleg nok, sa Trump på eit folkemøte i Virginia måndag.

Sjølv om Harris fekk flest stemmer i alle desse tre delstatane, var ikkje det nok til å få flest stemmer totalt.

Eirik Løkke, USA-ekspert ved tankesmia Civita, seier at det er særs overraskande at Trump fekk flest enkeltstemmer.

Han kallar det «eit lite jordskjelv».

I amerikanske presidentval er det ikkje alltid slik at kandidaten som får flest stemmer, vinn valet.

Enkeltstemmene går nemleg til kvar delstats utpeikte valmenn. Dei må i sin tur stemme på kandidaten som får over 50 prosent av stemmene.

Formålet er å sikre at alle delstatar har ein viss innflytelse på valet uavhengig av innbyggartal og størrelse.

Trump sådde tvil ved førre val

Når valvinnaren ikkje får flest enkeltstemmer, oppstår det som regel ein diskusjon rundt valsystemet. Då Trump vann presidentvalet i 2016, stemte 2,9 millionar fleire amerikanarar på motkandidat Hillary Clinton.

Mange av Clintons støttespelarar brukte resultatet som argument for å endre valsystemet.

ei kvinne med trump-effektar ber ein plakat på eit folkemøte der det står "Trump will fix it"

Trua på at Donald Trump skal ordne opp i økonomien, er sterk blant tilhengarane.

Foto: Chris Szagola / AP

Den gong nøgde ikkje Trump seg med å berre vinne valet. Han gjekk hardt ut og sådde tvil om resultatet. «Millionar av stemmer» kan ha vore ulovlege, sa han, noko som viste seg å vere feil.

I 2016 sa Trump at han enkelt kunne vunne flest stemmer dersom han hadde gått inn for det under valkampen.

Fire år seinare vann Joe Biden «the popular vote» med ein margin på rundt 7 millionar enkeltstemmer.

ein mann jubler. Bak han står fleire menneske kledd i raudt og smiler

Trump-tilhengarar jublar på ein valvake i vippestaten Georgia, der Donald Trump har vunne flest valmenn.

Foto: Eloisa Lopez / Reuters

Ein stor fordel

Trass i at det ikkje var forventa at Trump skulle få flest stemmer i år, spekulerte New York Times på førehand i om han kunne ha ein kjangs. Avisa peikte på fleire forhold som i så fall kunne forklart eit slikt utfall.

Meiningsmålingar har vist at Trump har ein tydeleg fordel når det kjem til veljaranes viktigaste sak, nemleg økonomi. Fleire stoler meir på han enn Harris på akkurat dette punktet.

I tillegg er misnøya med Det kvite hus og sittande president Joe Biden sterk, noko som kan ha vore ein stor fordel for Trump.

Publisert 07.11.2024, kl. 08.52 Oppdatert 07.11.2024, kl. 09.25

Read Entire Article