Trudde han fann takrennekrokar - viste seg å vere det nest største sølvfunnet i Nord-Noreg

4 hours ago 5



På denne tida i fjor gjekk Håvard Børvik rundt på Engeløya i Steigen med metalldetektor.

Då snubla han over det han trudde var takrennekrokar, men som viste seg å vere ein sølvskatt frå vikingtida.

No har arkeologar Norges arktiske universitetsmuseum undersøkt skatten, og det viser seg at Børvik fann starten på det nest største sølvfunnet som er gjort i Nord-Noreg.

Det er heilt fantastisk. Først og fremst er det veldig interessant med tanke på den verdien det hadde då det blei grave ned. Det viser at det var eit rikt samfunn på Engeløya, seier Børvik.

Funnet består av 15 sølvsmykke, nærare bestemt 14 armringar og ein halsring. Til saman veg funnet 1040 gram, og er difor det nest største sølvfunnet, ifølge arkeologar ved Universitetsmuseet i Tromsø.

Eg veit ikkje om det har sokke heilt inn enno. Men det er veldig, veldig artig, seier Børvik.

– Sjeldan i Noreg

Etter at sølvskatten blei graven opp har arkeologar studert gjenstandane nøye for å finne ut kva det er og når dei er frå.

Armringane liknar typar produserte i Irland, Skottland og truleg Nord-England. Det dreier seg om gjenstandar sterkt inspirert av smykkeformer frå vikingtidas Skandinavia.

Arkeologane meiner armeringane er frå mellom 880 til 930 etter vår tidsrekning. Halsringen der i mot, er dei litt usikre på. Det er fordi det ikkje er funne ein liknande halsring før.

Halsringen. Ble den sammenkveilet for å passe en arm, eller for å passe i en beholder?

Her er halsringen, som forskarane er usikre på kor kjem frå.

Foto: Anna Buduson / UiT

– Eit skattefunn som dette er sjeldan i Nord-Noreg. Funn av edelt metall av denne typen er også sjeldan i Noreg, seier Jørn Erik Henriksen.

Han er førsteamanuensis i arkeologi ved Noregs arktiske universitetsmuseum.

Han forklarer at eit slikt skattefunn er edelt metall som er lagt ned med ei hensikt. Men at vi naturlegvis ikkje veit akkurat kvifor det blei lagt der.

Det er det nest største sølvfunnet som er gjort i Nord-Noreg. Altså av den typen og frå den tida.

Slik låg skatten då arkeologane grov han opp.

Det største funnet av sølv i Nord-Noreg blei gjort for over hundre år sidan, i 1919 ved Bratten i Bodø.

Då blei det blant anna funne halsringar og ei stor ringspenne, på totalt 1,2 kilo sølv datert til rundt år 1000.

Kan sjå skatten 27. november

Henriksen seier sølvskatten på Engeløya truleg vart brukt til handel.

Fordelen med å lage dei som eit smykke, er at det kan berast rundt på kroppen. Kanskje også for å signalisere at her er det nokon som er rike, seier han og legg til:

Det er både at det skal sjå bra ut, men det er først og fremst ein praktisk gjenstand innanfor handel. Så då har ein jo hatt to tankar i hovudet samtidig.

Arkeolog Jørn Erik Henriksen

Arkeolog Jørn Erik Henriksen. Her står han i ei vikinggrav under eit bustadhus i Saltstraumen.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Og kven som eigde skatten, kan ein berre spekulere i.

Det kan jo vere ein som tapte ein strid, eller ein som var i eit forlis. Det er mange moglegheiter, men det er artig å tenke på kva som kan ha skjedd.

Gjenstandane skal no inn i samlinga til Noregs arktiske universitetsmuseum. Ifølge museet er det den viktigaste samlinga med gjenstandar knytt til forhistoria til Nord-Noreg.

Fem av armringene er hektet sammen - kanskje en praktisk måte å frakte ringene på?

Fem av armringane er hekta saman, og arkeologane spør seg om kanskje det var ein praktisk måte å frakte ringane på.

Foto: ANNA BUDUSON / NRK

Denne typen gjenstandar har vi eigentleg ikkje i samlinga frå før av. Vi har få eksempel som minner om enkelte av desse armbanda. Eit par av dei er heilt unike i samlinga vår, seier Henriksen.

27. november blir gjenstandane vist fram for publikum på museet.

Etter det vil dei i utgangspunktet berre vere tilgjengeleg for studentar og forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet.

De tre ringene som ble funnet av metalldetektorist.

Det var desse tre armringane Håvard Børvik fann med metalldetektoren sin.

Foto: Anna Buduson / UiT

Leitar framleis med metalldetektor

Håvard Børvik leitar framleis med metalldetektoren sin i Steigen i Nordland, og kjem ikkje til å gi seg sjølv om han har funne sitt livs største funn.

Eg har inga forhåpning om å overgå det på noko slags vis. Men det er kjempeartig uansett.

Det har gjort han inspirert til å leite vidare.

Ein blir jo ekstra gira. Det må eg innrømme. Men det er jo ikkje gull og grøne skogar kvar dag.

Håvard Børvik ikledd grønn jakke og caps.

Håvard Børvik jobbar eigentleg på ein servicebåt i eit oppdrettsselskap, men har som hobby å bruke metalldetektor.

Foto: Privat

Børvik seier han har rundt 40 kg med jernskrammel bak i bilen etter tre-fire dagar med metalldetektor-søk.

Det er jo 99,9 prosent med mannsskitt vi tar opp. Dei som kjøper ein detektor og trur dei skal finne massevis av sølvmyntar med ein gong, dei trur eg blir skuffa. Det er dessverre ikkje sånn.

Han har erfart at det er veldig mykje søppelgraving før ein gjer nokre gode funn.

Men viss ein er skikkeleg interessert, glad i historie og likar å sette seg inn i kva ein finn, så er det ein veldig interessant hobby.

Publisert 20.10.2024, kl. 19.40

Read Entire Article