Ny rekord: 366 millionar til Barnekreftforeningen

1 month ago 24



Etter TV-aksjonen sundag kveld kan Barnekreftforeningen juble for 366.877.195 kroner.

Det er det høgste beløpet som nokon gong har blitt samla inn!

Pengane blir nytta til å bygge familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Trine Nicolaysen, dagleg leiar i Barnekreftforeningen, fortel at heile gjengen er i lykkerus.

– Det er eit fantastisk resultat, som heile Noreg har bidratt til. No kan vi realisere draumen om å tilby familiar med alvorleg sjuke barn ein heim heimafrå.

Dronningen og Trine Nicolaysen

Familiehusa gjer det mogleg for familiar å vere samla i ei tøff tid, når barn går gjennom behandling på sjukehus.

Rødøy kommune gir mest per innbyggar

Utsira kommune i Rogaland har mange år vore kommunen som har gitt mest per innbyggar. I år er dei på ein fjerde plass med 675 kroner per innbyggar.

Øvst ligg Rødøy kommune med 2.311 kroner per innbyggar.

Det kan dei takke Henning Bang i P3-aksjonen for. P3 sine lyttarar har gitt mange bidrag i Spleisen han oppretta, og ein bank i Rødøy har dobla summen.

 Skal Henning Bang bli til apen Herr Nilsson?

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3 / Jacob Forsell, NTB

– Kva skal ein sei? Dette er jo heilt rått! Endeleg blir Rødøy sett på kartet, seier Bang nøgd.

Markerer 50 år sidan første TV-aksjon

historisk

Kronprinsesse Sonja på Utsira i høve opning av den første TV-aksjonen i 1974.

Foto: Vidar Knai / Scanpix

Då den første TV-aksjonen blei arrangert i 1974, gjekk pengane til Flyktningrådet under aksjonsnamnet «Flyktning-74».

Sjølve aksjonen vart opna av Dronning Sonja på Utsira i Rogaland. I år var Dronninga på plass i Grieghallen og såg tilbake på 50 år med TV-aksjonen.

Dronningen under TVaksjonen

Ho meiner aksjonen er samlande for heile Noregs befolkning.

Det er ein dugnad for heile landet, og eg trur det er veldig viktig at vi saman løftar mot eit mål, sa Dronninga i Greighallen.

Med stort hjarte for årets formål donerte ho ei kunstkrukke til auksjonen, som er støypt og dekorert av Dronninga sjølv.

1 krone = 11 kroner tilbake til samfunnet

Kvar krone investert i familiehusa er forventa å gje elleve kroner tilbake til samfunnet. Det viser ein rapport frå Menon Economics.

Søsken til alvorleg sjuke barn føler seg ofte oversett eller forlatne, og kan få psykososiale utfordringar seinare i livet.

Ved at familiane får vere samla når eit barn går gjennom alvorleg sjukdom, kan den psykiske helsa til familiane vere betre, både under og etter sjukdom.

Frigjering av sjukehussenger og redusert behov for oppfølging i barne- og ungdomspsykiatrien for søsken vil spare samfunnet for kostnadar.

Skal bygge familiehus innan fem år

Barnekreftforeininga er godt i gang med å planlegge for etableringa av familiehusa, og har fem år på å bruke opp pengane.

No set dei i gang arbeidet for fullt.

– No begynner vi å prosjektere tomter og lage arkitektteikningar. Også har vi allereie tjuvstarta litt, sann at vi skal få alle fire familiehusa realisert innan 2030, seier Nicolaysen.

Publisert 20.10.2024, kl. 23.02 Oppdatert 20.10.2024, kl. 23.18

Read Entire Article