Trond Giske må betale 53.000 etter søksmål

1 month ago 16



Trond Giske blei saksøkt av handverkarfirmaet Salvatori AS etter dei pussa opp badet i leilegheita hans i Oslo.

Handverkarfirmaet og Giske inngjekk ein avtale om oppussing av eit bad i 2021.

Partane blei einige om at arbeidet skulle gjerast i ein periode på fem veker til ein fastpris. Dette førutsette at det ikkje skulle skje noko tilleggsarbeid.

Det blei derimot gjort eit tilleggsarbeid, men partane er ueinige om kva som stemmer.

Selskapet meiner Giske sa seg einig i tilleggsarbeidet og kostnaden for dette. Giske meiner det ikkje stemmer og betalte dermed ikkje den siste fakturaen som blei sendt.

– Ser på dette som ein siger

Samstundes som Giske må betale 53.404 kroner til Salvatori AS, får Giske 29.964 kroner i erstatning frå firmaet.

Kravet var opphavleg på opp mot 250.000 kroner. Dermed slepp Giske å betale store delar av kravet.

– Eg ser på dette som ein siger og eg er glad for at Salvatori sitt forsøk på å få betalt for fiktive tilleggsarbeid kontant er avvist.

Det skriv Giske i ei tekstmelding til E24.

Dagleg leiar i Salvatori Bad har tidlegare avvist til E24 at dei forsøkte å presse Giske for pengar.

– Det han seier stemmer ikkje. Det er mykje på badet han ikkje har betalt for, opplyser dagleg leiar, Mutwakil Gamer Ahmed.

Publisert 06.09.2024, kl. 11.08 Oppdatert 06.09.2024, kl. 11.22

Read Entire Article