Trikkeulukke i Frankrike – minst 30 skadde

1 month ago 25



To trikkar har kollidert i den franske byen Strasbourg.

Det skal vere ein frontkollisjon mellom dei to trikkane, som skal ha skjedd på ein travel stasjon ifølgje franske medium.

Ulukka skal ha skjedd laurdag ettermiddag, rundt klokka 15.30 lokal tid.

Nødetatar, inkludert ambulansar, brannmannskap og politi, er no på staden.

Politiet skriv på X at trafikken er stansa i begge retningar, og ber folk om å unngå området.

Read Entire Article