Tour-stjernene frustrerte over regelendring: – Tullete

9 hours ago 5



– Eg trur ikkje dei oppnår noko særleg sikkerheit med det. Eg synest det er ein tullete regel for å vere heilt ærleg.

Det seier Tour de France-klare Markus Hoelgaard, som syklar for det norsk/danske Uno-X-laget, til NRK.

Markus Hoelgaard iført en gul og rød Uno-X-trøye med en medalje rundt halsen

MISFORNØGD: Markus Hoelgaard ristar på hovudet når han får høyre dei foreslåtte regelendringane. Her frå sigeren på fjerde etappe i Arctic Race of Norway 2019.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Han er éin av ryttarane som ofte er å sjå framme i eit sykkelfelt når dei dundrar inn mot målgang.

På desse strekka kan ryttarane passere godt over 70 kilometer i timen ved raske avslutningar. Dette vil Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) ha ein slutt på.

For frå haustsesongen skal dei prøve noko heilt nytt: Dei skal pålegge ryttarane å sykle på lettare gir. Der det tidlegare har vore fritt val på girutvekslingen, blir det nå sett ei øvre grense for kor tunge gir ein kan ha.

– Hoelgaard kallar det rett og slett tullete, kva seier du?

– Ja, eg trur også det er litt bortkasta. Eg kan forstå det for yngre ryttarar at ein skal avgrense det litt, men når ein køyrer på det øvste nivået i verda, så ser eg ikkje meininga med ikkje å få ut heile potensialet til ryttaren, seier Uno-X-ryttaren Stian Edvardsen-Fredheim, som er eitt av to av norske spurtkort under Touren, til NRK.

Mot hensikta si

Regelendringa har foreløpig ikkje tredd i kraft. UCI ønsker å prøve ut makstal på gir i Tour of Guangxi i oktober (14.-19. oktober), etterfølgd av ei undersøking blant ryttarane, før vidare testing i 2026.

  • NRK har prøvd å kontakte UCI for svar på kritikken til ryttarane, utan hell.

Ifølge forbundet ønsker dei å få ned toppfarten til ryttarane, som igjen skal sørge for sikkerheita til ryttarane. Det er særleg i massespurtane og i nedoverbakkane farten kan bli særleg høg, og det har vore ei rekke stygge veltar i høg fart tidlegare.

  • Søren Wærenskjold krasjer under fjerde etappe under Tour de France i 2023.

    Søren Wærenskjold var involvert i en velt på oppløpet under fjerde etappe i Tour de France 2023. Han slapp uskadet fra hendelsen.

    Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP / NTB
  • Caleb Ewan i en velt på oppløpet under Tour de France i 2023 på tredje etappe

    Verre gikk det for Caleb Ewan. Han veltet ut av Touren på tredje etappe i 2023. Han måtte bryte med et brukket kragebein.

    Foto: CHRISTOPHE ENA / Reuters / NTB
  • en person som faller over på en sykkel

    Mark Cavendish var ofte innblandet i spurtene – og også i flere velter i høy fart. Her fra Tour de France i 2017 som han måtte bryte.

    Foto: AP
  • Fabio Jakobsen velter inn mot gjerdet under Polen rundt i 2020.

    Dette er skrekkeksempelet på velt i høy fart. Fabio Jakobsen ble kastet over reklamegjerdene under Polen rundt i 2020. Han ble lagt i kunstig koma, men overlevde velten og er tilbake på sykkelsetet.

    Foto: Tomasz Markowski / AP / NTB

Edvardsen-Fredheim, som kjem til å vere midt i purren under dei avgjerande Tour-spurtane, meiner regelen nærast kan vere lite tenleg.

Eg trur eigentleg ikkje det blir så mykje meir sikkert, for da trør alle berre rundt med 130 i kadens og ikkje har heilt kontroll, fordi ein ikkje har gir til den farta vi køyrer i, seier han.

Stian Edvardsen-Fredheim har håndene på rattet på sykkelen under NM i sykkel i Hønefoss

TOUR-DEBUTANT: Stian Edvardsen-Fredheim syklar sitt første Tour de France og skal få bryne seg på skikkeleg hektiske spurtavslutningar. Her frå NM på Hønefoss der Edvardsen-Fredheim blei nummer seks.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Positiv til endring

Ein som derimot er positiv til forslaget er den norske spurtkometen Søren Wærenskjold.

Han er også å finne i Touren og vil etter planen vere hovudspurtaren for Uno-X-laget. Mandalitten trur skadepotensialet kan bli senka betrakteleg viss farten til ryttarane berre blir senka med nokre få kilometer i timen.

Så om du går frå full fart til full stans ... Da vil det ha ganske mykje å seie, trur eg, på risikoen for veldig alvorlege skadar. Så eg trur det vil hjelpe litt, seier Wærenskjold.

På motsett side står sportsdirektør Gabriel Rasch, som også er tidlegare proffryttar for blant anna Team Sky.

Det gir ikkje så mykje meining. Eg trur ikkje det har noko for seg, seier Rasch, som skal leie Wærenskjold og resten av ryttarane på det norsk-danske laget gjennom Touren.

UCI har foreløpig ikkje annonsert kva ritt dei ønsker å teste ut dei nye reglane på.

Ei geit kolliderte inn i sykkelryttaren Dion Smith under den tredje etappen i Giro d’Italia. Bilde med løyve frå Max.

Publisert 10.07.2025, kl. 12.19

Read Entire Article