Tore O. Sandvik mellombels klima- og miljøminister

1 month ago 21



Det var avisa Nidaros som melde nyheita først.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har foreldrepermisjon frå 2. september og ut året. Eriksen fekk sitt andre barn i januar.

Sandvik (Ap) har vore fylkesordførar i Trøndelag i perioden 2003 til 2023, og er no statssekretær i Næringsdepartementet.

– Må verkeleg ta tak

– Vi er spente på kva for eit ambisjonsnivå Sandvik legg seg på, fordi han fram til no ikkje har vore ein forkjempar for sterkare miljøpolitikk. Med regjeringa sine føringar i Hurdalsplattforma om at natur og klima skal vere ramma rundt all politikk, må Sandvik verkeleg ta tak og sørgje for at Noreg leverer på løfte om meir natur og mindre utslepp, seier generalsekretær i WWF Verdas naturfond, Karoline Andaur.

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF.

Foto: Haakon Nordvik

– Overraskande val

Leiaren i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen er overraska:

– Vi er litt overraska over at Jonas Gahr Støre vel ein person som har markert seg såpass lite på naturens og klimaets vegne til ein så viktig ministerpost. Vi ser uansett fram til eit konstruktivt samarbeid, og reknar med at ein erfaren politikar som Tore O. Sandvik vil setje seg raskt inn miljøfeltet.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (t.v.) og forhandlingsleder Henrik Hallgrim Eriksen i Dubai

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (til venstre) og forhandlingsleiar Henrik Hallgrim Eriksen etter at sluttavtalen på klimatoppmøtet i Dubai var i boks.

Foto: Martin Lerberg Fossum / Klima- og miljødepartementet

Tunge saker i vente

Det mest vanlege er at ein annan av statsrådane i regjeringa tar over fagområdet når ein statsråd går ut i permisjon. Denne gongen blir det altså henta inn ein «ny» statsråd utanfrå.

I tillegg til dei meir ordinære statsråd-oppgåvene, er det fleire tunge saker som ventar vikaren, også internasjonalt:

  • I månadsskiftet september/oktober skal det leggjast fram ein handlingsplan for natur. Det knyter seg stor spenning til den nye naturmeldinga. Meldinga er ei oppfølging av naturtoppmøtet i Canada for to år sidan, der den globale Naturavtalen blei vedtatt. I avtalen har alle land forplikta seg til å leggje fram nasjonale planar for korleis dei vil følgje opp avtalen.
  • Naturtoppmøtet (COP16) går av stabelen i Cali, Colombia 21. oktober - 1. november. Her skal statsråden leie den norske delegasjonen. Møtet er det første etter naturtoppmøtet i Canada, og skal gjere opp status i arbeidet med å gjennomføre Naturavtalen.
  • Årets klimatoppmøte (COP29) startar vel ei veke seinare. Det er lagt til Baku i Aserbajdsjan, og finn stad i perioden 11. - 22. november. Her har klima- og miljøministeren ei svært sentral rolle. På mange klimatoppmøte har norske statsrådar fått i oppdrag å leie forhandlingane om enkelt-tema i forhandlingane. Klimaforhandlingane blir omtalte som kompliserte, der svært mange brikker i eit stort puslespel skal falle på plass gjennom ein hektisk innspurt. I år blir klimafinansiering eit viktig tema på møtet.
  • I den perioden Andreas Bjelland Eriksen har permisjon, skal det også jobbast for fullt med å lage ei klimamelding som skal komme våren 2025.

– Vi har store forventningar til stortingsmeldinga om natur og at meldinga gir sterkare vern av naturen. Vi har også store forventingar til klimameldinga og at det kjem forslag om store kutt. Vi ønskjer han lukke til, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken frå SV.

jubel for avtale

Dåverande klima- og miljøminister Espen Barth Eide (til venstre) og forhandlingsleiar Gaute Voigt-Hanssen jublar for naturavtalen som blei banka gjennom 19. desember 2022, under naturtoppmøtet i Montreal.

Foto: Eivind Molde / NRK

Den internasjonale plastavtalen skal etter planen ferdigforhandlast i Busan, Sør-Korea 25. november - 1. desember. Her er det tidlegare blitt klart at utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim skal ha ansvar for forhandlingane.

– Må lytte!

Hausten 2013 var det Tine Sundtoft (H) som var fersk som klima- og miljøminister. 16. oktober blei ho utnemnd, og berre fire veker seinare var ho på plass på klimatoppmøtet i Warszawa.

Tine Sundtoft klimaforhandlinger

Dåverande klima- og miljøminister Tine Sundtoft saman med forhandlingsleiar Aksel Brun på klimatoppmøtet i Warszawa.

Foto: Miljøverndepartementet/Handout / NTB scanpix

Trass i at ho var fersk på den internasjonale scenen, fekk ho i oppdrag å dra i land forhandlingane om klimatiltak i fattige land. Oppdraget var å vere «isbrytar», å få nesten 200 land til å bli samde på dette vanskelege punktet.

Ho har følgjande råd til Sandvik:

– Finn gode nordiske venner, få god kontakt med EU og hugs at lytting er ein undervurdert «sport» i politikken.

Publisert 23.08.2024, kl. 08.58 Oppdatert 23.08.2024, kl. 11.33

Read Entire Article