Tok dyr golfsimulator – må i fengsel

1 week ago 10



Mann i 40-åra sykla i veg med over 280.000 kroner i tjuvgods.

 Politiet
DYRT: Her har mannen fylt sekkane med både ein svindyr golfsimulator og ein Macbook Pro som han tok frå eit golfsenter i Bodø. Foto: Politiet

Publisert 08.11.2024 15:33

Mannen i 40-åra frå Bodø har etter kvart skaffa seg eit langt kriminelt rulleblad.

No må han i fengsel igjen, etter ei lang rekke med tjuveri og køyring i ruspåverka tilstand.

Det mest oppsiktsvekkande er at mannen i sommar både har stukke av med ein båt til rundt ein halv million kroner og stole ein golfsimulator til rundt 280.000 kroner.

Stal simulator

Det var natt til måndag 5. august at mannen tok seg inn i lokala til Bodø Golfsenter.

Der er han fanga på overvakingskamera og seinare kjent att av politiet. Sjølv hugsar han ikkje så mykje, men fortalde retten at han hugsa han var inne i lokala aleine og så sykla han heim. På morgonen oppdaga golfsenteret at fleire svært verdifulle gjenstandar var vekke:

Ein Trackman golfsimulator til 281.358 kroner

Ein Macbook Pro til 22.000 kroner

Ein dyr jakke og ein større mengde golfutstyr

Politiet fann aldri gjenstandane då dei ransaka mannen sin heim seinare på dagen. 

Sjølv om simulatoren er dyr, er den ikkje større ein vanleg bærbar datamaskin. Det er altså berre sjølve simulatormaskina mannen stakk av med, ikkje lerret og videokanon.

 Jacob Sjoman / Trackman
DYR: Slik ser ein Trackman 4 ut. Den blir brukt både utandørs og innandørs som golfsimulator. Foto: Jacob Sjoman / Trackman

Tok båt til halv million

Tidlegare på sommaren tok mannen seg inn på ei privat flytebrygge i Hamarøy. 

Saman med ei kvinne gjekk han om bord i ein Buster Magnum 23 fots båt som låg til kai. Den segla han med heilt til Bodø. Det er ein avstand i luftlinje på over 100 km. 

I Bodø lot han båten ligge att.

No er mannen dømd til fengsel i eitt år og fem månadar av Salten og Lofoten tingrett.

Det er hans ellevte dom, ifølge avgjerda. Tidlegare dommar og bøter gjeld brot på vegtrafikkloven, vald, narkotika- og vinningskriminalitet.

Han må også betale 10.000 kroner til golfsenteret. Retten legg til grunn at dei allereie har fått dekka tapa sine av forsikringsselskapet.

Read Entire Article