I over sju månader blir det buss for bane på delar av linje 2 og 3. I tre månader frå sankthans vil Majorstuen stasjon vere heilt eller delvis stengt.
– Det blir krevjande for reisande våre, seier konsernsjef i Sporveien, Birte Sjule.
I den andre enden ligg eit T-banesystem som kan frakte 20 prosent fleire reisande enn i dag.
Komprimerer ulempene
Innan den tid skal det skje mykje. Mest mogleg av det som skaper trøbbel for dei reisande skal gjerast samtidig.
– Vi prøver å komprimere det så mykje som mogleg og få nødvendige stengingar unnagjorde. Det vondaste året blir neste år.
– Og så må vi tenkja på det at det er ei svær satsing. Der framme, i 2029, er det eit heilt nytt T-banetilbod i byen. Det trur eg alle er veldig glad for, seier Birte Sjule.
Fire store prosjekt går parallelt:
NRK møter sporvegssjefen på Majorstuen stasjon. Det tyngste anleggsarbeidet skjer rundt denne stasjonen, som er eit av dei mest trafikkerte kollektivknutepunkta i heile landet.
Meir enn 50.000 reisande stig av og på buss, trikk og bane på Majorstuen kvar dag.
Det vil ramme dei reisande:
- Fornebubanen skal koplast på eksisterande T-banenett vest for Majorstuen. Det blir buss for bane på linje 2 og 3 mellom Borgen og Majorstuen i sju månader frå 28. mars til 4. november.
- Majorstuen stasjon stenger for av- og påstiging frå 23. juni til 4. juli, og frå 4. august til 21. september. Tog kan køyre gjennom.
- Majorstuen stasjon stenger heilt i fellesferien frå 5. juli til 3. august. Linje 5 Ringen stenger mellom Ullevål og Stortinget. Det same gjer Holmenkollbanen, som blir oppgradert samtidig.
– Ei historisk satsing
– Eg vil seia at vi held på ei historisk satsing på T-banen, fortel Birte Sjule.
Ifølgje sporvegssjefen har ein ikkje satsa meir på T-banen sidan 50- og 60-talet.
Den gongen bygde ein ut Lambertseterbanen og Grorudbanen.
– Vi skal innlemma ein heilt ny bydel i T-banenettet og sørgja for at vi får endå fleire avgangar på T-banen, seier Birte Sjule.
– Vil medføre ulempe
Å sørgja for at dei reisande har alternativ i «det vonde året» 2025 er Ruters ansvar. Der er planlegginga av alternativ transport i gang.
– Det blir krevjande, fortel plandirektør i Ruter, Snorre Lægran.
– Vi har full forståing for at dette vil medføre ulempe for mange reisande, men det er heilt nødvendig arbeid som må utførast, seier han.
Han seier at det lengste T-baneavviket blir for dei reisande mellom Borgen og Majorstuen, altså Linje 2 til Østerås og Linje 3 til Kolsås.
Mellom desse to stasjonane blir det altså buss for bane i sju månader.
Styrke busstilbodet
I tillegg vil Ruter styrke busstilbodet frå Bærum og Oslo vest.
– Det blir T-baneavvik og buss for bane på fleire ulike strekningar gjennom store delar av neste år.
– Vi gjer det vi kan for å tilby ei så god erstatning som mogleg i dei ulike fasane og vil vere ute med informasjon i appen og på nettsidene våre i god tid før kvart avvik, seier Snorre Lægran.
Han legg til at fordelen med at det meste skjer i sommarhalvåret, er at det også er mogleg for nokon å klargjere sykkelen.
Publisert 20.11.2024, kl. 06.19 Oppdatert 20.11.2024, kl. 07.27