To tiltalte etter at hurtigbåt kolliderte med arbeidsbåt

3 weeks ago 11



Det var 28. juni 2023 at hurtigbåten Tyrhaug kolliderte med servicefartøyet Frøy Loke. Dette skjedde like utanfor Ringholmen i Aure kommune på Nordmøre.

Hurtigbåten går vanlegvis mellom Kristiansund og Trondheim. Den var på veg til Trondheim då ulykka skjedde.

I etterkant av ulykka blei føraren av hurtigbåten sikta for brot på straffelova 356.

No har statsadvokaten i Møre og Romsdal tatt ut tiltale mot to personar i samband med saka.

Dei to er tiltalte for å aktlaust ha forårsaka sjøskade, som lett kunne føre til tap av menneskeliv.

– Kollisjonen skjedde fordi brua på Tyrhaug ikkje var bemanna i samsvar med gjeldande prosedyre, og fordi bruvakta på Tyrhaug ikkje var tilstrekkeleg observant på anna trafikk, står det i tiltalen.

Var berre ein navigatør på brua

I februar kom Statens havarikommisjon med sin rapport om ulukka.

Då ulykka skjedde var det berre ein navigatør på brua, skreiv dei i rapporten.

Støttenavigatøren skal då ha oppheldt seg i rommet bak brua og ikkje oppfatta kollisjonsfaren.

– Dersom det hadde vore to navigatørar til stade på brua ville dette ha auka sjansen for å observere Frøy Loke, skreiv havarikommisjonen i sin rapport.

Fleire til sjukehus

Det var 31 passasjerar og eit mannskap på fem om bord i hurtigbåten. I arbeidsbåten var det fire personar.

Begge båtane fekk skader i skroget i ulykka.

Fleire personar blei sendt til sjukehus etter ulykka. Blant dei var to av dei tilsette om bord i hurtigbåten. Ein av desse skal ha blitt alvorleg skadd.

I tillegg blei to av passasjerane skadd.

Også ein av dei som var om bord i arbeidsbåten Frøy Loke blei skadd i hendinga. Dei tre andre kom fysisk uskadd frå kollisjonen.

Saka skal opp i Møre og Romsdal tingrett i januar. Det er sett av fire dagar til saka.

Båtkollisjon ved Tustna, hurtigbåten Tyrhaug

Fleire personar blei sendt til sjukehus etter ulykka. Begge båtane fekk store skader i kollisjonen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Avvik i rutinar og praksis førte til kollisjonen

Ifølgje rapporten til Statens havarikommisjon oppfatta ikkje mannskapet på servicebåten det som unormalt at hurtigbåten kom like mot dei, då dette var normalt, og dei hadde vikeplikt. Mannskapet på servicefartøyet heldt då same fart og kurs.

– Navigatøren på hurtigbåten hadde fokus på ein passerande seglbåt og støttenavigatøren var i eit anna rom bak brua. Ingen av dei skal då ha oppfatta kollisjonsfaren, står det i rapporten.

Havarikommisjonen skriv at oppfattinga av risikoar i rutinemessige arbeidsoppgåver er noko ein over tid kan normalisere og oversjå, og at dette var ein av fleire faktorar som forklarar kvifor det var forskjell i rutinane og korleis arbeidsoppgåvene faktisk vart utført om bord.

Havarikommisjonen konkluderer rapporten med ei oppmoding om at det kan oppstå avvik mellom skildra prosedyrar og utføring i praksis, og at det er viktig med ei felles oppfatting av risikoane og arbeidsoppgåvene om bord.

Publisert 12.09.2024, kl. 13.07 Oppdatert 12.09.2024, kl. 13.59

Read Entire Article