To personar pågripen for å ha fotografert på Nato-kai

3 hours ago 3



Politiet i Nordland fekk fredag ettermiddag melding frå forsvarspersonell som kom over to personar ved kaianlegget til Forsvaret i Bjerkvik.

Der skal dei to utanlandske statsborgarane ha oppheldt seg og fotografert på eit forbode område.

Ein politipatrulje er på staden saman med personell frå Forsvaret.

Dei to skal vere frå Taiwan, og er pågripen av politiet, som no jobbar med å finne ut av kva dei dreiv med, seier operasjonsleiar Yngvar Fredriksen til NRK.

Bjerkvik

Desse skilta viser at det ikkje er lov å fotografere i nærleiken av Nato-kaia.

Foto: Frida Brembo / NRK

Dette er ikkje første gong det har blitt fotografert i nærleiken av Nato-kaia i Bjerkvik.

I 2022 vart to russarar sikta og varetektsfengsla for ulovleg fotografering der.

Dei vart sluppen fri etter fire dagar, fordi tingretten meinte fotografiet vart teke frå så lang avstand at det ikkje kunne gitt meir informasjon enn bileter som er offentleg tilgjengeleg.

Bjerkvik ligg i Narvik kommune, heilt inst i Herjangen, ein sidearm av Ofotfjorden.

Publisert 18.10.2024, kl. 18.14 Oppdatert 18.10.2024, kl. 18.24

Read Entire Article