Må gå ein lang og tornefull veg

2 hours ago 3



Du kjenner igjen lyden frå rørande filmscener. Men for at du skal bli rørt til tårer, må oboisten gå ein lang og tornefull veg.

Som ein forkjølt klarinett.

Dette er blant dei mindre smigrande skildringane av oboklangen, signert humoristen Victor Borge. I det musikalske eventyret «Peter og ulven» har oboen fått rolla som and.

Kanskje er det nettopp denne litt såre og nasale klangen som gjer at oboen får alle dei mest vemodsfylte og inderlege soloane. Det forklarar kanskje også kvifor du høyrer han i viktige filmscener frå for eksempel «Star Wars» og «Løvenes Konge».

Men dette utsøkte instrumentet har nokre utfordrande sider ved seg.

Viviana Ilea

Høg innsats - høg gevinst: Det kunne blitt piano eller saksofon, men Viviana Ilea tar heller dei utfordringane oboen byr på.

Foto: Robert Rønning / NRK
  • For det første: Det er vanskeleg å få lyd i oboen. Lufta skal pressast gjennom ei to gonger sju millimeter stor opning. Dette høge trykket kan gi hovudpine og gjere ein svimmel.
  • For det andre: Obospel kan gi belastningsskadar, oftast i nakke og høgrearm. Vekta av heile instrumentet heng på høgre tommel.
  • For det tredje: Oboisten må bruke MYKJE tid på spikking, tilpassing og tilarbeiding av dei høgst lunefulle bambusrøyra som utgjer munnstykka. Om ein har øvd aldri så mykje: Eit tørt eller dårleg røyr kan gjere den vakre obosoloen falsk, og føre til audmjuking for open scene.

Det er med andre ord gode grunnar til å ikkje velje obo. Så kva får ein tenåring til å gjere det likevel?

Viviana Ilea

Midt i orkesteret – Ung Filharmoni og Oslo filharmoniske orkester spelte saman i Oslo Konserthus.

Foto: Robert Rønning / NRK

– Eg spurde mamma og pappa om å få spele på ein sånn som englane spelar på.

Foreldra til Viviana Ilea hadde tatt henne med til Wien som barn for å sjå musikalforestillingar. Fireåringen var heilt med.

Viviana ville spele harpe. Det blei ikkje harpe. I staden starta musikkspiren med piano i skulealder, og så saksofon i skolekorps.

Så mangla det oboist i korpset. Ja, for kven tar den utfordringa?

 Colourbox.com

Viviana vart spurd.

– Det var vanskeleg. Eg var veldig glad i saksofonen, men eg sa det var greitt å prøve.

Utfordringa tiltrekte henne.

Ho fekk låne ein obo før sommarferien og tok han med på ferie i Romania. Det gjekk ganske så bra. Ho hadde allereie lært seg grunnteknikken då ho kom heim og fekk timar med instruktør.


Vips hadde korpset fått ein ny oboist.

Viviana Ilea og Hege Sellevåg, oboistar.

Viviana Ilea går siste året på Langhaugen vidaregåande med musikklinje i Bergen. I sommar jobba ho og lærar Hege Sellevåg med Haydn sin obokonsert på orkesterkurs på Halsnøy.

Foto: Marion Hestholm / NRK

To obo or not to obo

Men Viviana øvde framleis mykje på piano. Ho vart kjempegod, og melde seg på Ungdommens Musikkmesterskap, med begge instrumenta.

Ho kom til finalen, på både piano og obo. Dét er veldig uvanleg.

– Eg har aldri jobba så hardt nokon gong før. Eg øvde piano og obo annankvar dag for ikkje å bli altfor sliten. Foreldra mine prøvde då å få meg til å velje.

Viviana Ilea

Oboen – eit samansett instrument – her i demontert tilstand.

Foto: Robert Rønning / NRK

Dei to instrumenta er på mange måtar motsette ytterpunkt:

Medan oboisten jobbar med høgtrykk i hovudet og må bruke absurd mykje tid på spikking, kjem pianisten til duk og dekka tangent og kan trylle fram tonane som ligg rett framfor nasen, utan å løfte ein einaste kniv, berre ein finger eller ti.

Kanskje er det derfor det finst femti pianistar for kvar oboist.

«Spikking» – ordet kjem stadig opp. Dette som gjer at oboen er for dei verkeleg spesielt interesserte.

Røyr. Og spikking av røyr.

Vivana Ilea viser frem et ferdig oborør med plekter i.

Velklangen til oboen oppstår ved at luft passerer gjennom eit veldig trongt røyr. Røyret er oboisten sin beste, men mest lunefulle venn.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Lærar Hege Sellevåg forklarar at bambusrøyra vert dyrka i Sør-Frankrike, og ein må kjøpe dei frå spesialforhandlarar.

– Desse må ein så spikke til. Det vil seie kløyve i tre delar på langs, høvle delane tynne, brette ein av delane i to, og feste endane i ei hylse. Så må ein skrape på utsida, og binde delane tett saman med nylontråd ...

  • Diverse oboutstyr på et bord.

    Oboisten er orkesterets Mr. Gadget. På utstyrslista står høvlar, knivar, mikrometer (som måler kor tjukt røyret er), giljotin, nylontråd, og sjølvsagt, bambusrøyr. Røyrsplittaren var ikkje til stades då biletet vart tatt.

    Foto: Marion Hestholm / NRK
  • Hege Sellevåg monterer bambusrør til obo.

    Nylontråden held dei to røyrendane saman. Minner litt om fluebinding? (Og ja, plaster kan også vere bra å ha i veska.)

  • Spikking av oborør

    Snickarboa hoppfallera.... Viviana i sluttfasen av spikkearbeidet. Snart er eit nytt oborøyr ferdig. Det store spørsmålet er: Vil det fungere?

  • Hege Sellevåg viser fram litteratur om oborør

    Spikkelitteratur? Spør så! Det finst opptil fleire bøker om spikking av oborøyr. Hege Sellevåg viser fram eit representativt utval.

  • Oboist Viviana Ilea med oboar på bord.

    Litt overvelda? Når Viviana vel å vere oboist, vel ho ein livsstil. Snart blir det prøvespel til vidare musikkutdanning.

    Foto: Marion Hestholm / NRK

Hege spelar obo og engelsk horn i Bergen Filharmoniske Orkester og har spikka i snitt fem røyr i veka gjennom dei 23 åra i stillinga.

Det blir totalt om lag 5980 røyr.

Til dette arbeidet trengst eit arsenal av utstyr. Røyrsplittar, spesielle knivar, høvel, tråd, mikrometer, giljotin ...

Giljotin? Er ikkje det ei drapsmaskin, sånn som dei brukte under den franske revolusjonen?

– Jo, men miniversjonen.

Viviana Ilea viser giljotinen.

Giljotinen er ein viktig reiskap for oboistar. Med den kan ein kutte røyret i nøyaktig rett lengd.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Bambusrøyret må halshoggast i jakta på velklang.

Så følgjer meir skraping på utsida av røret.

Er du eit petimeter, får du full utteljing for det i denne prosessen, seier Hege Sellevåg.

– Og så, når ein har gjort denne jobben, kan ein berre nyte fruktene av arbeidet?

Ha.

– Av dei ferdigspikka røyra, er knapt halvparten brukbare, og enno færre gode, seier ho.

Ein del svinn, altså.

– Obostudentar burde få høgare utstyrsstipend.

Rett skal vere rett: Ein kan kjøpe ferdigmonterte røyr, men det er dyrare, og også desse må også tilpassast.

Hege Sellevåg kløyver bambusrøyr.

Hege Sellevåg

Lys, håp eller sorg

Om «folk flest» har eit forhold til instrumentet obo, så er det «Gabriels obo»: Ennio Morricones nydelege melodi, og gjennomgangsmelodien til filmen «The Mission» frå 1986 med Robert De Niro og Jeremy Irons.

Det var med denne melodien kjendis Adam Schjølberg heidra den avdøde vennen sin, songaren Jan Werner Danielsen, i NRK-programmet «Maestro».

Den vakre obomelodien er brukt i både gravferder og bryllaup i Noreg.

RØRT TIL TÅRER: Sjå Adam Schjølberg og Kringkastingsorkestret sin versjon av «Gabriels Obo».

Viviana har ikkje sett «The Mission», men veit at instrumentet hennar ofte vert brukt i dei kjærleiksfulle og emosjonelle filmscenene.

– Oboen kjem med lys, håp eller sorg.

Viviana Ilea

Alle profesjonelle oboistar må også lære seg engelsk horn – oboen sin litt større og djupare storesøster - og Viviana spelte engelsk horn på dette prosjektet med Oslo-Filharmonien. Ei av dei vakraste soloane for instrumentet finst i Ravel sin klaverkonsert i G-dur, 2. sats.

Foto: Robert Rønning / NRK

Ho kjende seg heilt sikker då ho endeleg tok valet.

– Når det er noko eg ikkje får til, må eg meistre utfordringa.

Som du skjønar av denne artikkelen, så vel ein ikkje oboen for å få eit behageleg musikarliv. Derfor er oboistar er sjeldne.

For å finne fleire tøffingar er oboen blitt eit fokusinstrument, fortel leiar Ole Rasmus Bjerke for «Instrumenterer i fokus».

Rekruttering av oboistar er heilt nødvendig for det norske musikklivet. Det er viktig med ei jamn tilstrøyming av musikarar på alle instrument, men obo er eit av dei som treng ein ekstra innsats for å få opp antalet, og for å syte for at oboistane når eit godt nivå.

Ole Rasmus Bjerke - leder for Instrumenter i fokus

Ole Rasmus Bjerke leiar Instrumenter i fokus – oppretta for å sikre rekrutteringa til dei 'utryddingstruga' instrumenta.

Foto: Magnus Skrede

«Obotigrene» i Kristiansand er eit anna rekrutteringstiltak for barn, der opplæring går føre seg på lettspelte barokkoboar.

Men kvifor er det viktig å få fleire unge til å velje obo?

– Ein treng oboistar til å fylle plassar både i det profesjonelle og det frivillige musikklivet. Ikkje minst treng vi gode lærarar til å overta og vidareføre det solide arbeidet som vert gjort i dag, og syte for dei kommande generasjonar av oboistar, seier Bjerke.

Angels with trumpet and oboe av John Roddam Spencer Stanhope

Englar spelar også obo, om ein skal tru denne framstillinga av 1800-talsmålaren John Roddam Spencer Stanhope. Eller er det eit engel-sk horn (sjå faktaboks)? Teknikken ser i alle fall mistenkeleg avslappa ut, men hallo, nokre himmelske privilegium må ein ha.

Grafikk: John Roddam Spencer Stanhope

Viviana er i alle fall hekta. Ho siktar mot vidare obostudier, gjerne i utlandet.

– Og om du er oboist, så er du liksom ikkje noko anna. Å vere oboist er ein livsstil.

Ho veit at ein må ha musikalitet uansett instrument.

– Men det som er spesielt med obo, er å klare å spele med sjela og vise musikaliteten – at ein har noko å fortelje – sjølv om det er eit utruleg vanskeleg instrumentet, og sjølv om ein må tenke på hundre andre ting medan ein spelar.

– Det skal høyrest ut som det er kjempelett og du kan gjere kva du vil med det, og forme musikken på din måte.

Viviana Ilea

Ein skal ha litt stamina for å velje å bli profesjonell oboist, men på andre sida av tersklane ligg nokre av dei vakraste augeblikka i musikklitteraturen. Har du for eksempel høyrd 2. satsen til Tsjajkovskij sin 4. symfoni?

Foto: Robert Rønning / NRK

Publisert 18.10.2024, kl. 20.53

Read Entire Article