Tiltalte om skadeverka på Nidarosdomen: – Eit rop om hjelp

2 weeks ago 15



Tiltalte (49) erkjente skadeverket på Nidarosdomen og på ein jødisk gravlund i Trondheim.

I mars og april i år fekk operasjonssentralen i Trøndelag politidistrikt mange meldingar frå publikum som galdt tiltalte:

Utagerande og skremmande framferd, mindre skadeverk og nokre butikktjuveri i Trondheim.

– Den vakraste bygninga i byen

På ettermiddagen 8. april tok tiltalte med seg oransje spraymåling og drog til Nidarosdomen.

Her brukte han spraymålinga til å formidle fleire bodskapar på steinveggane.

SOS var eitt av dei.

– Save our souls, svarte tiltalte på spørsmål om kvifor han skreiv det.

Tagging på framsiden av Nidarosdomen.

Skadeverket på Nidarosdomen kosta rundt 100.000 kroner å reparere. Men mellomaldersteinen har fått varige skader.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

På besøkssenteret spraya han «Hitler» på glasveggen.

– Det var for å provosere. Eg er ikkje nazist. Eg er sosialdemokrat, sa tiltalte som er veldig begeistra for Nidarosdomen.

– Det er den vakraste bygninga i byen, sa tiltalte.

Politiet fekk raskt tips frå forbipasserande om det som tiltalte heldt på med.

– Eg visste at eg vart filma av personar som kom forbi kyrkja, sa tiltalte i retten.

For å understreke at han ikkje var redd for å bli tatt, spraya han også namnet sitt på besøkssenteret.

Tiltalte vart pågripen ved Nidarosdomen, men etter eit kort opphald i arresten på politihuset, vart han sett fri igjen.

Var lei av krigen i Midt-Austen

Fire dagar etter oppsøkte han den jødiske kyrkjegarden på Lademoen.

Etter å ha øydelagd ei Davidstjerne av stein, knuste han ruter på fleire bilar.

– Det er betre å øydelegge ein bil enn ein person, sa tiltalte i retten.

Ødelagt jødisk gravplass.

Tiltalte tok ei Davidstjerne og kasta den mot fleire gravstøtter slik at den vart øydelagd.

Foto: Bilde hentet fra Facebook-profilen til Sophie Bodd Jenssen

Sidan han skreiv «Hitler» og knuste ei Davidstjerne, ville tingrettsdomaren vite om tiltalte er antisemitt.

– Nei, det var eit rop om hjelp. Eg elskar jødar, svarte tiltalte.

Så brukte han nokre minutt på å fortelje retten om krigen i Midt-Austen.

– Eller «konflikten» som folk kallar det, sa tiltalte. Han sa han er så lei av all lidinga som følgje av det som skjer.

Dagen etter skadeverket på den jødiske gravlunden oppheldt mannen seg lenge i Trondheim sentrum.

Der tømte han eit pulverapparat over ein person ved Vår Frue Kirke.

Søppel i Vikelva

To gonger i løpet av ei veke måtte mannskap rydde opp i Vikelva. Der hadde tiltalte kasta plastflasker og handlevogner i elva like ved butikken.

Foto: Morten B. Karlsen / NRK

Akuttinnlagt mange gonger før

Få dagar etter bestemte politiet seg for å krevje varetektsfengsling.

I fengslingsmøtet sa den då sikta at han ikkje ville i fengsel, fordi vêret var så fint og at han likte å vere utandørs.

I rettssaka denne veka sa han at han ikkje likte seg i fengselet. Det var for mykje konfliktar, meinte han.

På grunn av utageringa i fengselet vart han tvangsinnlagd på psykiatrisk sjukehus i sommar. Tiltalen inkluderer også drapstrugsmål mot pleiarar der og familien deira.

Han erkjente straffskuld for den omfattande tiltalen på 26 forhold i løpet av to månader.

Under rettssaka har det kome fram at tiltalte var innlagd åtte gonger frå januar til juni i år med mistanke om psykose.

Men etter få dagar vart han utskriven utan behandling.

Også i 2022 skjedde det same. Minst sju gonger var han innlagd med det som truleg var rusutløyst psykose. Det viser helseopplysningar som dei sakkunnige har henta inn.

Vil ikkje slutte å ruse seg

Tiltalte er svensk statsborgar og flytta til Noreg for nokre år sidan.

Dei siste åra byrja han å ruse seg på cannabis og amfetamin, forutan alkohol.

Tiltalte vart kasta ut av leiligheta si i mars, og meiner det gjorde at livet hans forverra seg.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige konkluderer med at han har ei psykoseliding som han no er tvangsinnlagd for.

Aktor, statsadvokat Jarle Wikdahl, meiner tiltalte derfor må dømast til tvungen psykisk helsevern.

Dei sakkunnige meiner han ikkje skjønar at han er sjuk. Derfor er viktig at tiltalte ikkje ruser seg på nytt sjølv om han med tida kan få bu utanfor institusjon.

På spørsmål frå retten om han kjem til å følgje råda, svarte tiltalte:

– Nei, eg må jo vere ærleg. Eg kan ikkje sitte her og lyge. Eg kjem nok til å ruse meg igjen, sa tiltalte.

Publisert 17.09.2024, kl. 20.17 Oppdatert 17.09.2024, kl. 21.14

Read Entire Article