Tenåring pågripen for drapsplanlegging

12 hours ago 6



Laurdag vil Vest politidistrikt fengsle ein person for «forbund om drap».

Det betyr at to eller fleire personar lagar ei avtale om å utføre eit drap eller valdshending.

Det var BA som først melde om saka.

Kripos fortel til NRK at det er ein tenåring som er sikta.

– Vi vil varetektsfengsle i to veker med brev- og besøksforbod, seier pressekontakt i Kripos, Jonas Fabritius Christoffersen.

Påtaleansvarleg Jørgen Henriksen opplyser til NRK at Vest politidistrikt har bistått Kripos i saka.

– Av omsyn til vidare etterforsking ønsker vi ikkje å gå inn i ytterlegare detalj om saka, seier Christoffersen.

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld. Det opplyser forsvarar Tiril Røkke.

Ho stadfestar òg at det gjeld ei U18-sak, altså at den sikta er under 18 år.

Publisert 16.05.2026, kl. 12.12 Oppdatert 16.05.2026, kl. 12.26

Read Entire Article