NRK-serien som fortel historia om seks ungdomar med ulike funksjonsutfordringar og deira mål om å erobre VM-løypa under ski-VM i Trondheim.
Alt under kyndig leiing av den kjende langrennsløparen og motivatoren Øystein «Pølsa» Pettersen.
Den første episoden er alt sett av over 1,1 millionar sjåarar og dei andre episodane er alle sett over 600.000 gonger.
– Det har vore ein massiv respons på serien. Vi har fått ein haug med førespurnader frå publikum som ikkje klarer å vente heilt til 21. mars for å sjå neste episode av Team Pølsa.
Det seier Randi Helland som er redaksjonssjef i NRK.
Gjengen bak serien tykkjer tilbakemeldingane frå publikum er så bra at dei no jobbar alt dei kan for å få dei siste episodane på plass.
Episode 4 klar i NRK TV førstkommande fredag og episode 5 fredag neste veke.
– Finalen under VM blei utruleg spennande og innhaldsrik, så vi har rett og slett bestemt oss for å utvide med ein sjette episode. Den må vi rekke å klippe, og den kjem så raskt vi kan.
Ho fortel at redaksjonen gler seg stort til å dele både finalerennet og alt det andre som skjedde då «Team Pølsa» tok VM med storm.
Øystein vil at laget skal bestige Rasletinden. Mikkel held på å gi opp, men så kjem han på kva han har lova Pia.
Publisert 05.03.2025, kl. 10.00