Taliban forbyr kvinners stemmer og ansikt i offentlegheita

1 month ago 14



Då Taliban tok makta i Afghanistan for tre år sidan, lova dei å la kvinner studere, arbeide og vere aktive i samfunnet – innanfor visse rammer.

Den siste veka etterlet ingen tvil om at dette berre var løgn.

Tysdag la moraldepartementet, som har fått støvet børsta av seg frå sist gong Taliban sat med makta i Afghanistan, fram ei rekke sharialover.

– Kvar gong ein trur at dei har tatt alt som går an å ta vekk frå jenter og kvinner, finn dei noko nytt å ta, seier Heather Barr frå Human Rights Watch (HRW).

Taliban erstattar skiltet til det tidlegare kvinnedepartementet med eit skilt for moraldepartementet.

I 2021, då Taliban kasta den afghanske regjeringa, flytta dei moraldepartementet inn der kvinnedepartementet pleidde å sitte. Her erstattar dei skiltet utanfor bygget.

Foto: JAVED TANVEER / AFP

Forbode med kvinnesang

Nyheitsbyrået AP har fått tilgang til det 114 sider lange dokumentet. Det inneheld lover som skal «fremme dyd og hindre last» på 35 ulike punkt, skriv byrået.

Eitt av punkta dreier seg om kvinner. Der skal det mellom anna stå at:

  • Kvinner må dekke til ansiktet sitt i offentlegheita for å unngå å bli freista eller freiste andre.
  • Kvinnestemma blir sett på som intim, og skal difor ikkje synge, resitere eller lese høgt i offentlegheita.
  • Kvinner kan ikkje sjå på menn dei ikkjer er i familie med, og motsett.
  • Kvinner må alltid dekke til kroppen sin i offentlegheita. Kledene skal ikkje vere strame, korte eller tynne.
  • Kvinner må vere tildekte når dei er med menn utanfor familien sin
  • Kvinner må vere tildekte foran alle ikkje-muslimar, for ikkje å bli korrumperte.

Ein annan artikkel forbyr publisering av bilete av levande vesen, noko som strupar den allereie pressa pressefridomen i landet ytterlegare. Ein annan forbyr transport av kvinnelege turistar som reiser åleine, skriv AP.

Institusjonaliserer kvinneundertrykking

Fleire av desse reglane har allereie blitt introduserte som påbod.

Dei første kom berre dagar etter at Taliban tok hovudstaden Kabul den 15. august 2021.

Talibans undertrykking av kvinner skjer dagleg, i form av å nekte dei utdanning ut over sjette klasse, helsehjelp, arbeid, å vandre åleine i gatene eller å få hjelp til å sleppe unna vald og misbruk.

Det har fleire menneskerettsorganisasjonar dokumentert dei siste tre åra.

Men dette er første gong dei bruker den konvensjonelle prosessen for lovgivnad, som regimet dei velta i 2021 brukte.

Barr frå HRW trur dei har brukt litt tid på å teste ut kor langt dei kan gå. Ho leiar HRW-gruppa som følger med på kvinners rettar.

– Når dei no gir lovstatus til desse reglane, institusjonaliserer dei seg sjølv. Samstundes er det ein test på korleis det internasjonale samfunnet svarer på dette, seier ho.

Taliban helser på soldatrekkene under treårsmarkeringa av Taliban-regimet.

Taliban har gradvis institusjonalisert styret sitt. Og gradvis gjeninnført gamle sharialover.

Foto: Siddiqullah Alizai / AP

Men at det var denne vegen det gjekk, er ho ikkje overraska over.

– Det var ingen afghanske kvinner som trudde på Taliban sine løfter i 2021. Det var berre nokre internasjonale diplomatar som i alle fall lata som dei trudde på dei, fordi det gjorde det enklare for dei å trekke seg ut av landet, seier ho.

– Verdssamfunnet gir etter

Tidspunktet dette skjer på, er viktig, seier Barr frå HRW.

Tysdag denne veka blei det klart at Taliban nektar FN sin spesialrapportør for menneskerettar i Afghanistan innreise i landet, fordi dei meiner han har spreia propaganda.

Det opplyste ein talsperson for regjeringa til den Taliban-styrte kringkastaren Tolo.

Rapportøren har kritisert Talibans behandling av kvinner og jenter, og sagt at det kan vere snakk om folkerettsbrot.

Richard Bennett med masse mikrofonar foran seg og FN-logoen i bakgrunnen.

Richard Bennett er FNs spesialrapportør for menneskerettar i Afghanistan. Han er no nekta innreise i landet.

Foto: Ali Khara / Reuters

For tre veker sidan blei i tillegg alle kvinnelege representantar ekskluderte frå Doha 3, eit årleg møte mellom Taliban og meir enn 25 FN-land.

– Taliban stilte krav til verdssamfunnet, og verdsamfunnet gav etter for dei. Kvinner fekk ikkje tilgang til hovudmøtet, og kvinners rettar var ikkje på agendaen i det heile tatt, seier Barr.

Ho understreker at Afghanistan har ei av verdas mest alvorlege kvinnerettskriser i verda.

– No ser Taliban at dei kan gjere akkurat som dei vil, seier ho.

Kjønnsapartheid

Talibans behandling av kvinner er kjønnsapartheid, altså ei systematisk undertrykking på bakgrunn av kjønn, meiner FN og ei rekke afghanske kvinnerettsforkjemparar.

Tildekte kvinner med barn og menn som ikkje er tildekte på gata i Kabul.

Kvinna skal vere tildekt i offentlegheita, foran menn utanfor familien og foran alle ikkje-muslimar, ifølge nye gjeldande lover i Afghanistan.

Foto: WAKIL KOHSAR / AFP

Men kjønnsapartheid er ikkje omtala i folkeretten. Det pressar afghanske og iranske juristar og rettsforkjemparar på for å endre.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg kor ille det kan bli for afghanske kvinner. Men det kjem an på korleis det internasjonale samfunnet reagerer. Om det lyttar til kvinnenes ønske om at kjønnsapartheid blir tatt inn i folkeretten, og legg fram saka for ICJ eller ICC, vil det hjelpe, seier Barr.

Publisert 25.08.2024, kl. 18.29

Read Entire Article