Netanyahu ber libanesiske mødrer og fedrar «redde Libanon»

3 hours ago 2



Samtidig som at israelske styrkar bombar Libanons hovudstad Beirut, prøver den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu å fri til libanesiske mødrer og fedrar.

– Stå opp og ta tilbake landet ditt, seier han.

Netanyahu kallar situasjonen for ein «unik sjanse» for folket til å fjerne Hizbollah.

Hizbollah har ein militær og politisk fløy, og har både motstandardar og tilhengarar i folket. Det er i hovudsak den sjiamuslimske befolkninga som støttar Hizbollah.

mange folk med libanesiskse og hizbollah-flagg samla foran bilete av nasrallah

Libanesarar samla seg for å minne Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah, som blei drepen i eit israelsk angrep i slutten av september.

Foto: Vahid Salemi / AP

– Her har nok Netanyahu sett ei mogleg splitting i den libanesiske befolkninga og forsøkt å borre djupare inn i den. Han snakkar nok til mange, men Netanyahus popularitet er avgrensa, seier Prio-forskar Kristian Berg Harpviken.

Han seier at libanesarar flest no er livredde for dei israelske angrepa i Libanon, og trur ikkje at talen treff så djupt.

– Skepsisen mot Hizbollah utover den sjiamuslimske befolkninga er allereie stor, men frykten for Israels militærbruk vil nok overskugge dette, seier Harpviken.

Ein stat i staten

EU har terrorlista den militære delen av gruppa. Ifølge Harpviken har Hizbollah fått motstandardar innad i Libanon som følge av gruppas støtte til regimet i Syria.

Hizbollah blir kalla ein stat i staten, og har stor politisk innflytelse. Gruppa er djupt religiøs, men støttar eit sekterisk og multireligiøst Libanon.

– Det er ein moglegheit til å redde Libanon før landet fell ned i avgrunnen av ein lang krig som vil føre til øydelegging og liding, slik vi ser i Gaza, seier Netanyahu.

massive øydelegging og ruiner i Gaza

Om lag 60 prosent av Gazastripas bygningar skal vere øydelagde i israelske angrep. Biletet viser ruinar i Gaza by 7. oktober.

Foto: Omar Al-Qatta / AFP

Etter eitt år med krig på Gazastripa har over 41.000 palestinarar blitt drepne.

Situasjonen for palestinarane er heilt desperat, og det humanitære støttesystemet er på randa av total kollaps.

1,2 millionar fordrivne

Hizbollah og Hamas er allierte i deira kamp mot Israels okkupasjon av palestinske område.

Hizbollah har angripe Nord-Israel dagleg sidan 8. oktober i fjor, og seier at dei vil halde fram så lenge det er krig på Gazastripa.

Det har ført til at om lag 60.000 israelarar har måtta evakuert heimane sine i nord. Det er grunngivinga til dei israelske militæroperasjonane i Libanon.

Samtidig har om lag 1,2 millionar libanesarar blitt fordrivne frå heimane som følge av Israels angrep og evakueringsordrar i Libanon.

Det er nesten ein fjerdedel av alle som bur i landet.

ei kvinne og tre barn sove på madrasser på fortauet

Fordrivne familiar søv på fortau og parkeringsplass i sentrum av Libanons hovudstad Beirut.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters

Israel har målretta angrep mot bydelen Dahieh i Beirut. Dette er område der Hizbollah residerer. Men det er også eit tett befolka område.

Skuldar på Iran

– Israel gjekk ut av Libanon 25 år sidan. Men landet som eigentleg erobra Libanon, er ikkje Israel. Det er Iran, seier Netanyahu.

Israel okkuperte libanesiske område frå 1982 til 2000, og Hizbollah blir sett på som eit direkte resultat av Israels okkupasjon, med mål om å kjempe imot Israel.

Dei er støtta av Iran, Israels største fiende i regionen.

Tysdag utvida Israel militæroperasjonane frå sørlege Libanon, til sørvestlege Libanon.

Det israelske forsvaret (IDF) har ikkje gått ut med tal over kor mange soldatar dei har sendt over grensa. Men Politico og andre internasjonale medium estimerer at det dreier seg om over 15.000 soldatar.

Financial Times trur det kan vere så mange som 20.000.

Innbyggarane i 25 libanesiske landsbyar har fått ordre frå Israel om å komme seg nord for elva Awali.

1200 drepne

Ifølge libanesiske helsemyndigheiter er minst 1200 personar drepne i Libanon i løpet av dei siste vekene, skriv Al Jazeera. Det blir ikkje skilt mellom sivile og militære, men 127 av dei drepne skal vere barn.

Verdas matvareprogram (WFP) har uttrykt bekymring over matsikkerheiten i landet etter at jordbruksområde har blitt ramma i israelske angrep.

Minst 46.000 bønder er evakuerte frå landa sine og store område med dyrkbar jord har blitt brent i Sør-Libanon, seier landdirektør i WFP Matthew Hollingworth.

ein mann ber koffert over eit krater. bekaadalen i bakgrunnen

Ein mann ber eigedelane sine over eit krater i Bekaadalen etter eit israelsk angrep. Biletet er tatt 4. oktober.

Foto: Samer Husseini / AP

I slutten av september blei Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah drepen i eit israelsk angrep.

Netanyahu hevdar den moglege arvtakaren Hashem Safieddine også er drepen. Det er ikkje bekrefta av verken Hizbollah eller Det israelske forsvaret.

Publisert 09.10.2024, kl. 08.24 Oppdatert 09.10.2024, kl. 09.29

Read Entire Article